14412_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14412
Mindre yrkestrafikk i mars
statistikk
2008-04-29T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarmars 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Mindre yrkestrafikk i mars

I mars i år var det 1,4 millionar overnattingar ved norske hotell, ein nedgang på 12 prosent samanlikna med mars i fjor. Nedgangen kjem av ein stor nedgang i yrkestrafikken.

Samstundes auka ferieovernattingane med 5 prosent frå mars i fjor. Nedgangen i yrkestrafikk og auken i ferie og fritid kan koma av at påska i år var i mars, medan den i 2007 var i april. Fylka Oppland, Buskerud og Telemark, som alle har fleire store vinterdestinasjonar, hadde ein auke i hotelltrafikken. Dei andre fylka hadde enten uendra eller færre hotellovernattingar samanlikna med mars i fjor.

Færre danskar, men fleire tyskarar

Talet på norske overnattingar i mars gjekk ned med 13 prosent, medan talet på utanlandske gjekk ned med 7 prosent. Danmark var den største utanlandsmarknaden i mars, men talet på hotellovernattingar frå Danmark gjekk ned med heile 15 prosent, dette er 15 000 færre overnattingar enn i mars i fjor. Frå Sverige gjekk overnattingane ned med 9 prosent, medan frå Tyskland auka dei med 18 prosent, frå 40 000 til 47 000 overnattingar.

Nedgang i totaltrafikken

I mars i år var det i alt 1,94 millionar overnattingar totalt ved dei kommersielle overnattingsstadene, mot 1,99 millionar i mars i fjor, ein nedgang på 2 prosent.

Stor auke for camping

Talet på overnattingar ved campingplassane auka med heile 56 prosent. 110 000 fleire norske overnattingar og 9 000 fleire utanlandske gjer ein oppgang på høvesvis 59 og 31 prosent. Hyttegrendene auka med 12 prosent. Dette har samanheng med at mange campingplassar og hyttegrender har stor trafikk i påsken.

Tabeller: