14422_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14422
Stadig fleire overnattingar på hotella
statistikk
2007-12-05T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingaroktober 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stadig fleire overnattingar på hotella

I oktober var det 1,4 millionar overnattingar ved norske hotell, ein vekst på 7 prosent samanlikna med same periode i fjor. Norske overnattingar auka med 7 prosent, medan talet på utanlandske overnattingar steig med 6 prosent.

Størst auke av dei store utanlandsmarknadene i oktober hadde Sverige, som gjekk opp med 27 prosent frå 29 000 til 36 000 overnattingar. Tyskland auka med 12 prosent frå 18 000 til 20 000 overnattingar, medan den største Storbritannia gjekk opp med 1 prosent.

Samanlikna med oktober i fjor gjekk talet på yrkesovernattingar opp frå 640 000 til 692 000, ein vekst på 8 prosent. Både kurs og konferanse og ferie- og fritidsovernattingar gjekk opp med 6 prosent frå oktober i fjor.

Hittil i år

Samanlikna med januar-oktober i fjor gjekk talet på hotellovernattingar opp frå 15,6 millionar til 16,3 overnattingar, ein oppgang på 4 prosent. Norske overnattingar gjekk opp med 5 prosent frå 11 millionar til 11,6 millionar overnattingar, medan dei utanlandske overnattingane gjekk opp med 3 prosent frå 4,5 til 4,7 millionar overnattingar.

Auke for camping, nedgang for hyttegrender

Talet på campingovernattingar gjekk opp med 7 prosent, frå 208 000 til 223 000. Hyttegrender derimot gjekk ned frå 57 000 til 55 000 overnattingar, ein nedgong på 4 prosent frå oktober i fjor.

Trondheim og Stavanger

I Trondheim gjekk talet på hotellovernattingar opp frå 63 000 til 73 000 overnattingar, ein auke på 16 prosent. Utnyttingsgraden i Trondheim gjekk opp frå 78 til 86 prosent. I Stavanger gjekk talet på overnattingar ned med 3 prosent frå 58 000 til 56 000 overnattingar, og utnyttingsgraden gjekk ned frå 81 til 76 prosent. Dei andre storbyane Oslo og Bergen hadde ein liten auke i overnattingar på høvesvis 1,5 og 2,9 prosent.

Fleire tal på kommunenivå kan bestillast som oppdrag.

Tabeller: