14424_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14424
Fleire hotellovernattingar hittil i år
statistikk
2007-11-01T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarseptember 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire hotellovernattingar hittil i år

I perioden januar-september var det 14,9 millionar overnattingar ved norske hotell, ein vekst på 4 prosent samanlikna med det same tidsrommet i fjor. Norske hotellovernattingar auka med 4 prosent, medan talet på utanlandske overnattingar steig med 3 prosent i desse ni månadene.

I tidsrommet januar-september 2007 var det 10,4 millionar norske hotellovernattingar, ein auke på 4 prosent frå dem same perioden i fjor, då talet var 10,0 millionar. Utanlandske overnattingar steig frå 4,3 til 4,5 millionar, ein vekst på 3 prosent samanlikna med den same perioden i fjor.

Størst auke av dei store utanlandsmarknadene i perioden januar-september hadde Nederland som gjekk opp med 13 prosent frå 260 000 til 295 000 hotellovernattingar. Dei svenske hotellovernattingane auka med 5 prosent frå 435 000 til 458 000, medan dei tyske - som utgjer den største delen av marknaden - gjekk ned med 5 prosent.

Oppgang for hotella

Talet på hotellovernattingar i september auka med 3 prosent samanlikna med i fjor. Talet på norske hotellovernattingar auka med 2 prosent, medan talet på dei utanlandske steig med 4 prosent. Av dei store utanlandske marknadane steig dei svenske overnattingane med 16 prosent, medan dei tyske - som utgjer den største delen av marknaden -, gjekk ned med 20 prosent.

Vekst for camping og hyttegrender

Talet på overnattingar på campingplassane auka med 10 prosent, frå 425 000 til 467 000. Hyttegrendovernattingane gjekk opp frå 82 000 til 90 000, ein vekst på 11 prosent frå september i fjor.

Flest yrkesovernattingar

Samanlikna med september i fjor gjekk talet på yrkesovernattingar på hotella opp frå 620 000 til 677 000 , ein auke på 9 prosent. Kurs- og konferanseovernattingar hadde ein liten auke med 1 prosent. Ferie- og fritidsovernattingar gjekk ned frå 631 000 til 609 000 overnattingar, ein nedgang på 4 prosent.

Høg utnyttingsgrad i Oslo, Bergen og Haugesund

Størst utnyttingsgrad i september 2007 hadde Oslo med 86,1 prosent av dei utleigde hotellromma. Bergen hadde ein utnyttingsgrad på 83,4 på rom, medan Haugesund hadde 81,6 prosent av romma utleigde.

Tabeller: