14426_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14426
Fleire svenske overnattingsgjester
statistikk
2007-10-03T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingaraugust 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire svenske overnattingsgjester

I august var det 2,2 millionar overnattingar ved norske hotell. Dette er ein auke på 3 prosent samanlikna med same periode i fjor. Både norske og utanlandske overnattingar gjekk opp med 3 prosent. Blant dei utanlandske gjestene var veksten størst for svenskane.

Talet på svenske overnattingsgjester auka med 12 prosent, frå 45 000 i august i fjor til 50 000 overnattingar i august i år. Spania auka med 4 prosent, frå 87 000 til 90 000 overnattingar, medan landet med flest overnattingar, Tyskland, gjekk ned med 3 prosent frå  141 000 til  136 000.

Vekst for camping og hyttegrender

Talet på overnattingar på camping gjekk opp frå 1,6 til 1,7 millionar, ein auke på 4,9 prosent frå same periode i fjor. Hyttegrender gjekk opp frå 150 000 til  158 000, ein auke på 5,3 prosent samanlikna med august 2006.

Yrkesovernattingar aukar mest

Samanlikna med august i fjor gjekk talet på yrkesovernattingar opp frå 617 000 til 670 000, ein auke på 9 prosent. Kurs- og konferanseovernattingar gjekk opp med 4 prosent og ferie- og fritidsovernattingar var om lag uendra.

9 av 10 rom utleigde i Oslo og Bergen

Talet på overnattingar i Bergen gjekk opp med 2,5 prosent frå 179 000 til 184 000, og utnyttingsgraden var på heile 92,7 prosent. I Oslo gjekk talet på overnattingar ned frå 364 000 til 360 000 overnattingar, ein nedgang på 1 prosent. Utnyttingsgraden i Oslo var på 89,1 prosent. Alle dei andre storbykommunane auka i talet på overnattingar. Av landkommunane gjekk Ullensaker opp frå 47 000 til 60 000 overnattingar, ein vekst på 27 prosent frå august 2006.

Tabeller: