14468_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14468
Fleire overnattingar i november
statistikk
2006-01-06T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarnovember 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire overnattingar i november

Det var 1,4 millionar overnattingar ved norske overnattingstader i november i fjor. Dette er ein auke på 6 prosent samanlikna med november 2004.

Talet på norske overnattingar auka med 7 prosent, medan dei utanlandske auka med 5 prosent. Overnattingar frå Sverige gjekk ned med 1 prosent, medan talet på overnattingar frå Storbritannia hadde ein liten auke på litt i underkant av 1 prosent. Frå Tyskland og Danmark var det auke med høvesvis 28 og 9 prosent.

Auke for hotella i november ...

I november var det 1,2 millionar overnattingar ved hotella. Dette er ein auke på 6 prosent i forhold til november i 2004. Den største utanlandsmarknaden i november, Storbritannia, auka med 5 prosent. Den nest største utanlandsmarknaden, Sverige, gjekk ned med 3 prosent, medan Tyskland, den tredje største, auka med 22 prosent.

... og for campingplassane

Det var 146 000 overnattingar ved campingplassane i november i fjor, som er 10 prosent fleire enn i november i 2004.

Auke også hittil i år

I perioden januar til og med november 2005 har det vore 25,2 millionar overnattingar ved norske overnattingstader mot 24,3 millionar i same periode i 2004. Dette er ein auke på nesten 4 prosent. Hotella hadde i same periode ein auke på 5 prosent. Størst auke har hyttegrendene hatt, medan vandrarheimane hadde nedgang.

Feil tal for kurs/konferanse og ferie/fritidsovernattingar

Den feilaktige rapporteringa av kurs/konferanse og ferie/fritidsovernattingar for januar til august 2005, er no retta opp.

Vi har berekna verknaden av feilen og lagt ved ein tabell som viser både den prosentvise og absolutte effekten for fylkestala for perioden januar til august 2005. Se tabell

Tabeller: