14470_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14470
Fleire overnattingar i oktober
statistikk
2005-11-30T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingaroktober 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire overnattingar i oktober

Det var 1,5 millionar overnattingar ved norske overnattingstader i oktober i år. Dette er ein auke på 10 prosent samanlikna med oktober i fjor.

Talet på norske overnattingar auka med 10 prosent, medan dei utanlandske auka med 12 prosent. Den største utanlandsmarknaden i oktober, Sverige, auka med 14 prosent, medan den nest største, Storbritannia, auka med 11 prosent. Talet på overnattingar frå Tyskland og Danmark auka med høvesvis 24 og 1 prosent.

Auke for hotella i oktober ...

I oktober var det 1,2 millionar overnattingar ved hotella. Dette er ein auke på 9 prosent i forhold til oktober i fjor. Den største utanlandsmarknaden i oktober, Storbritannia, auka med 19 prosent. Andre store utanlandsmarknader som Sverige og Tyskland, auka med høvesvis 16 og 35 prosent, medan Danmark gjekk ned med 3 prosent.

.. og for campingplassane

Det var 188 000 overnattingar ved campingplassane i oktober, som er 12 prosent fleire enn i oktober i fjor. Talet på norske overnattingar auka med 15 prosent, medan dei utanlandske gjekk ned med nesten 5 prosent.

Auke også hittil i år

Etter årets ti første månader, har det vore 23,8 millionar overnattingar ved norske overnattingstader mot 23,0 millionar i same periode i fjor. Dette er ein auke på nesten 4 prosent. Størst auke har hyttegrendene hatt, medan vandrarheimane har hatt nedgang.

Feil tal for kurs/konferanse og ferie/fritidsovernattingar

Den feilaktige rapporteringen av kurs/konferanse og ferie/fritidsovernattingar for januar til august 2005, er nå retta opp.

Tabeller: