14472_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14472
Fleire overnattingar i sommar
statistikk
2005-11-02T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarseptember 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire overnattingar i sommar

Det var 16,1 millionar overnattingar ved norske overnattingsstader i sommar i år. Dette er ein auke på 3 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Talet på norske overnattingar auka med 3 prosent, medan utanlandske auka med 1 prosent. Av dei store utanlandsmarknadene var det auke i talet på tyske overnattingar med 3 prosent. Svenske overnattingar auka også med 3 prosent, medan britiske auka med 4 prosent. Talet på overnattingar frå Danmark og Nederland gjekk derimot ned med høvesvis 1 og 3 prosent.

Det var 8,9 millionar overnattingar ved hotella, som var ein auke på 4 prosent. Forutan hotella, var det auke også for hyttegrendene, medan campingplassane og medlemsbedriftene i Norske Vandrerhjem hadde ein nedgang i talet på overnattingar.

Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Mai-september 2005
  I alt     Hotell og andre
overnattings-
bedrifter
    Campingplassar     Hyttegrender1     Norske Vandrerhjem2
I alt 2004 15 728 152 8 542 492 6 544 614  394 884  246 162
I alt 2005     16 128 697 8 921 599 6 541 766  436 848  228 484
           
Noreg 10 741 629 5 885 103 4 552 365  206 885 97 276
Utlandet i alt 5 387 068 3 036 496 1 989 401  229 963  131 208
Tyskland 1 479 525  605 794  746 477  103 622 23 632
Danmark  374 973  184 749  151 290 28 016 10 918
Nederland  681 975  230 326  394 275 52 292 5 082
Sverige  459 916  228 476  199 712 13 987 17 741
Storbritannia        398 475  326 181 59 459 4 888 7 947
USA  260 570  248 829 6 742  655 4 344
Frankrike  250 147  179 591 63 124 1 528 5 904
1  Tala kan ikkje direkte samanliknast med same periode i fjor på grunn av omklassifisering av overnattingsstader og
endring i rapporteringsmåtane.
2  Førebelse tal for 2005.

Auke for hotella i september

I september var det 1,5 millionar overnattingar, ein auke på 6 prosent i forhold til september i fjor. Den største utanlandsmarknaden i september, Storbritannia, auka med 8 prosent. To andre store marknader, Sverige og Tyskland, auka med høvesvis 6 og 11 prosent.

.. og for campingplassane

Det var 416 000 overnattingar ved campingplassane i september, som er meir enn 10 prosent fleire enn i september i fjor. Talet på norske overnattingar auka med 13 prosent, medan dei utanlandske var om lag uendra.

.. og i totaltrafikken

Alle overnattingsformer totalt hadde 2,0 millionar overnattingar i september, som er nesten 8 prosent fleire enn i september i fjor.

Auke også hittil i år

Etter årets ni første månader, har det vore 22,3 millionar overnattingar ved norske overnattingsstader, mot 21,6 millionar i same periode i fjor. Dette er ein auke på litt over 3 prosent. Størst auke har hyttegrendene hatt, medan vandrarheima har hatt nedgang.

Feil tal for kurs/konferanse og ferie/fritidsovernattingar

Det er oppdaga feil rapportering av kurs/konferanse og ferie/fritidsovernattingar for januar til august 2005. Feilen gjeld tala frå om lag 25 hotell. Denne feilen påverkar verken totalen eller tala for yrkesovernattingar.

For september har vi berekna verknaden av feilen og lagt ved ein tabell som viser både den prosentvise og absolutte effekten for fylkestala. Feilen er størst for Hedmark og Oppland, medan for Østfold, Buskerud, Vestfold, Vest-Agder og Nordland var det ikkje feil i september-tala. Vi vil seinare korrigere tala for januar til august. Se tabell

Tabeller: