14488_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14488
Fleire overnattingar
statistikk
2005-03-02T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarjanuar 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire overnattingar

Det var 1,28 millionar overnattingar ved norske overnattingsstader i januar i år, ein auke på 6 prosent samanlikna med tilsvarande månad i fjor. Dette er det nest høgste overnattingstalet for hotellovernattingar i januar, berre slått av januar 1999.

Talet på norske overnattingar auka med 4 prosent frå januar i fjor, medan talet på utanlandske overnattingar auka med 11 prosent.

Auke for hotella ..

Det var 1,03 millionar overnattingar ved norske hotell i januar 2005, som er ein auke på 5 prosent samanlikna med tilsvarande månad i fjor. Talet på norske hotellovernattingar auka med 4 prosent frå januar i fjor, medan talet på utanlandske overnattingar auka med 6 prosent. Det var 85 000 danske overnattingar ved hotella i januar i år. Dette var 11 prosent færre enn i januar i fjor. Alle dei andre store utanlandsmarknadene auka.

.. og for campingplassane

Campingplassane hadde 118 000 overnattingar i januar i år, mot 116 000 i same månad i fjor. Dette er ein auke på 2 prosent. Talet på norske overnattingar auka med 2 prosent, medan talet på utanlandske gjekk ned med 1 prosent.

Sverige

I 2004 var det i alt 27,1 millionar overnattingar ved svenske overnattingsbedrifter. Dette er ein auke på om lag 1 prosent samanlikna med 2003. Talet på svenske overnattingar var om lag uendra, medan dei utanlandske auka med 3 prosent. Det var særleg land utanfor Norden som auka. Dei nordiske naboane hadde nedgang på 6 prosent. Til dømes gjekk talet på norske overnattingar på svenske overnattingsstader ned med over 10 prosent frå 2003 til 2004.

Danmark

I 2004 hadde danske hotell 13,6 millionar overnattingar. Dette er ein auke på 3 prosent samanlikna med 2003. Innanlandske overnattingar auka med 5 prosent, medan talet på utanlandske auka med nesten 1 prosent.

Talet på overnattingar ved danske campingplassar gjekk ned med 5 prosent samanlikna med 2003. Det var nedgang både for innanlandske og utanlandske overnattingar, med høvesvis 3 og 8 prosent.

Tabeller: