14496_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14496
Fleire overnattingar i sommar
statistikk
2004-10-29T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarseptember 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire overnattingar i sommar

Det var 1,38 millionar overnattingar ved norske hotell i september 2004. Dette er ein auke på 6 prosent samanlikna med september i fjor. Talet på norske overnattingar auka med 6 prosent, medan talet på utanlandske overnattingar auka med 7 prosent. I sommar i år - mai til september - har det vore 8,5 millionar overnattingar ved norske hotell.

Den britiske, den svenske og den amerikanske marknaden var dei tre største utanlandsmarknadene på hotella i september i år. Alle desse tre auka. Talet på britiske overnattingar auka med 19 prosent, medan talet på svenske og amerikanske overnattingar auka med høvesvis 1 og 8 prosent. Tyskland var den fjerde største og hadde ein nedgang på 6 prosent samanlikna med september i fjor.

Auke i sommar

I sommar i år (mai til september) har det vore 15,7 millionar overnattingar ved kommersielle norske overnattingsstader. Dette er ein auke på 5 prosent samanlikna med sommaren i fjor. Både talet på norske og utanlandske overnattingar har auka. Av dei større marknadene gjekk Tyskland og Sverige ned med høvesvis 4 og 2 prosent, medan alle dei andre store marknadene gjekk opp. Alle overnattingsmåtane auka.

Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe.
Mai-september 2004
  I alt Hoteller og
andre overnattings-
bedrifter
Campingplassar Hyttegrender1 Norske
Vandrerhjem2
I alt 2003 14 962 842 8 145 551 6 244 580  341 035  231 676
I alt 2004 15 723 733 8 542 492 6 544 614  394 884  241 743
           
Noreg 10 397 161 5 603 842 4 522 689  171 138 99 492
Utlandet i alt 5 326 570 2 938 650 2 021 923  223 746  142 251
Tyskland 1 430 613  572 550  736 280 96 663 25 120
Danmark  377 916  190 411  147 650 29 647 10 208
Nederland  705 794  222 760  421 767 55 403 5 864
Sverige  444 680  211 344  205 529 11 483 16 324
Storbritannia  384 198  311 601 59 452 4 214 8 931
USA  265 666  250 690 7 770  912 6 294
Frankrike  269 413  188 605 71 141 3 263 6 404
1  Tala kan ikkje direkte samanliknast med same periode i fjor på grunn av omklassifisering av
overnattingsstader og endring i rapporteringsmåtane.
2  Førebelse tal for 2004.

Hittil i år

Hotella har hatt 13,3 millionar overnattingar hittil i år. Dette er ein auke på 5 prosent samanlikna med same periode i fjor. Både talet på norske og utanlandske overnattingar auka med 5 prosent.

1,8 millionar overnattingar totalt

Det var 1,8 millionar overnattingar ved kommersielle norske overnattingsstader i september i år, ein auke på 9 prosent samanlikna med september i fjor. Det var auke for hotell, camping og hyttegrender. Unntaket var Norske Vandrerhjem som gjekk ned med 11 prosent.

I perioden januar til og med september har det totalt vore 21,6 millionar overnattingar, ein auke på 6 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Tabeller: