14504_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14504
Færre hotellovernattingar
statistikk
2004-07-02T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarmai 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre hotellovernattingar

Det var 2 prosent færre overnattingar ved norske hotell i mai i år enn i mai i fjor. Talet på norske overnattingar gjekk ned med 5 prosent, medan talet på dei utanlandske auka med 9 prosent.

Sjølv med nedgang frå mai i fjor, er det totale talet på overnattingar det fjerde høgste sidan 1989. Etter nedgangen på 5 prosent i talet på norske overnattingar, er nivået likevel det tredje høgste noen sinne. Dette visast nærare i grafen nedanfor.

Hotell. Overnattingar, etter hovudmarknad. Mai 1989-2004

Auke for britane

Den britiske marknaden var størst i mai, og talet på britiske overnattingar auka med 2 prosent samanlikna med mai i fjor. Det var nedgang for den nest største marknaden, Tyskland, medan det tredje største, USA, auka med 9 prosent.

Lågare prisar og losjiomsetning

Gjennomsnittleg pris per hotellrom var 696 kroner, mot 719 kroner i mai i fjor. Hotella sin losjiomsetning gjekk ned frå 556 millionar kroner i mai i fjor til 523 millionar kroner i mai i år.

Lågare utnytting av kapasiteten

Utnyttingen av både rom- og sengekapasiteten gjekk ned samanlikna med mai i fjor. I mai i år var 29,4 prosent av sengekapasiteten og 42,9 prosent av romkapasiteten utnytta.

Hittil i år

Til og med mai i år, har hotella hatt 5,81 millionar overnattingar. Dette er ein auke på 4 prosent samanlikna med same periode i fjor. Talet på norske overnattingar auka med 2 prosent, medan talet på utanlandske auka med 8 prosent. Det har vore størst auke frå Storbritannia og Sverige.

1,69 millionar overnattingar

Det var 1,69 millionar overnattingar ved kommersielle norske overnattingsstader i mai i år, som er ein auke på litt over 5 prosent samanlikna med mai i fjor. Talet på norske overnattingar auka med nesten 5 prosent medan dei utanlandske auka med litt under 7 prosent.

Nedgang i Sverige

Talet på overnattingar ved svenske overnattingsbedrifter var 2,14 millionar i mai i år, som er ein nedgang på 4,5 prosent samanlikna med mai i fjor.

Kapasitetsutnyttinga av senger i Sverige var 29,8 prosent, ein nedgang på 1,6 prosenteiningar samanlikna med mai i fjor.

Frå og med april 2004 vert ikkje lenger overnattingsstatistikken for hotell publisert i eigen artikkel, men i staden publisert saman med overnattingsstatistikken for dei andre kommersielle overnattingsstadene.

Tabeller: