14512_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14512
Fleire overnattingar i januar
statistikk
2004-03-09T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarjanuar 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire overnattingar i januar

Det var 1,21 millionar overnattingar ved kommersielle norske overnattingstader i januar i år, mot 1,08 millionar same månad i fjor. Dette er ein auke på 12 prosent. Den norske marknaden auka med 8 prosent, medan talet på overnattingar frå utlandet auka med 22 prosent.

Det var særleg hyttegrendene som auka. Hyttegrendene har alltid rapportert overnattingsstatistikken som talet på einingsdøgn og ikkje som talet på overnattingar. Forskjellen på einingsdøgn og overnattingar er at sistnemnde tek omsyn til storleiken på reisefølgjet/familien. Vi har erfaringar for at eit gjennomsnittleg reisefølgje er på tre personar.

Enkelte hyttegrender med mange store hytter rapporterer no statistikken som talet på overnattingar. Gjennomsnittleg reisefølgje er på meir enn tre personar for dessa bedriftene, og dette er ei av årsakene til auken i trafikken for hyttegrendene.

Norske overnattingar dominerer

Litt i underkant av tre av fire overnattingar ved overnattingsstadene er norske. For campingplassar er denne delen 90 prosent, medan tilsvarande del for vandrarheimane er 61 prosent.

Svak nedgang i Sverige

Det var 1,66 millionar overnattingar ved svenske overnattingstader i januar i 2004. Dette var ein svak nedgang på 2 000 overnattingar samanlikna med januar året før. Nesten 80 prosent av overnattingane er svenske.

Tabeller: