14516_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14516
Svak nedgang i talet på overnattingar
statistikk
2004-01-15T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarnovember 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Svak nedgang i talet på overnattingar

Det var 1,215 millionar overnattingar ved kommersielle norske overnattingstader i november i 2003, mot 1,216 millionar i november året før. Dette er ein nedgang på 0,1 prosent. Den norske marknaden gjekk opp med 0,4 prosent, medan talet på overnattingar frå utlandet gjekk ned med 3,5 prosent.

Talet på utanlandske overnattingar gjekk ned frå 153 000 i november i 2002 til 148 000 i november i 2003. Dei tre største utanlandsmarknadene, Sverige, Storbritannia og Danmark, gjekk alle ned. Sverige gjekk ned med 13 prosent, Storbritannia ned med 2 prosent, medan talet på danske overnattingar gjekk tilbake med 5 prosent. Tyskland derimot, som var den fjerde største, auka med 14 prosent.

Auke for campingplassane

Talet på overnattingar ved campingplassane auka med 11 prosent, medan talet på overnattingar ved hyttegrendene steig med 3 prosent. Vandrarheimane og hotella gjekk begge tilbake, med høvesvis 14 og 1 prosent. Auken for hyttegrendene har framleis samanheng med at enkelte større hyttegrender som tidlegare var i hotellstatistikken, er overførte til hyttegrendstatistikken.

Norske overnattingar dominerer

Om hausten er det vanlegvis relativt stor del norske overnattingar ved overnattingsstadene. I november var delen 88 prosent. Vandrarheimane hadde 64 prosent norske overnattingar, hyttegrendene 86 prosent, medan hotella og campingplassane hadde høvesvis 88 og 92 prosent norske overnattingar.

Færre overnattingar til og med november

Etter dei elleve første månadene i 2003, har det vore 22,9 millionar overnattingar ved norske overnattingsstader. Dette er ein nedgang på nesten 3 prosent samanlikna med same periode i 2002. Det har vore nedgang for alle overnattingsformene utanom hyttegrendene.

Liten nedgang i Sverige

Det var 1,81 millionar overnattingar ved svenske overnattingstader i november i 2003. Dette var ein nedgang på 0,4 prosent samanlikna med november året før.

Delen svenske overnattingar var på 82 prosent for svenske overnattingsbedrifter i november. Noreg var den største utanlandsmarknaden i november, men var også den marknaden som hadde størst nedgang.

Tabeller: