84465_not-searchable
/teknologi-og-innovasjon/statistikker/iktbrukn/arkiv
84465
I sju av ti føretak kan dei jobbe kvar dei vil
statistikk
2012-10-08T10:00:00.000Z
Teknologi og innovasjon;Virksomheter, foretak og regnskap
no
iktbrukn, Bruk av IKT i næringslivet, informasjons- og kommunikasjonsteknologi, føretak, elektronisk kommunikasjon, internettbruk, websider, næringsfordelt IKT-bruk, netthandel, sikkerhetsløysingarInformasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Virksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap, Teknologi og innovasjon
false

Bruk av IKT i næringslivet2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

I sju av ti føretak kan dei jobbe kvar dei vil

69 prosent av føretaka oppgjev at dei tilbyr dei tilsette ei berbar innretning som tillèt mobil tilkopling til Internett i arbeidet. I 34 prosent av alle føretak har minst halvdelen av dei tilsette eit slikt tilbod.

Ordninga med tilbod om mobil innretning er meir vanleg mellom dei største føretaka. 94 prosent av føretaka med minst 100 tilsette har eit slikt tilbod, medan 60 prosent av føretaka med 10-19 tilsette tilbyr mobile innretningar. Skilnadene er òg store mellom dei ulike næringane. Over 90 prosent av føretaka innanfor informasjon og kommunikasjon, finansierings- og forsikringsverksemd samt innanfor engroshandel har dette tilbodet, medan talet ligg rundt 40 prosent for føretak innanfor detaljhandel samt overnattings- og serveringsverksemd.

Det er stor skilnad mellom næringane når det gjeld kor stor del av dei tilsette som har tilbod om mobil tilkopling i arbeidet. I 88 prosent av føretaka innanfor informasjon og kommunikasjon har minst halvparten av dei tilsette dette tilbodet. Ikkje fullt så vanleg er ordninga i gruppa engroshandel der 64 prosent av føretaka tilbyr dette til minst halvdelen av dei tilsette. Innanfor detaljhandel samt overnattings- og serveringsverksemd har derimot mindre enn 10 prosent av føretaka eit slikt tilbod til minst halvdelen av dei tilsette.

Saman med tilbodet om å jobbe utanfor den faste arbeidsstaden følgjer tilbod om å kunne utføre ei rekkje ulike funksjonar. 65 prosent av føretaka svarar at dei gjev dei tilsette tilgang til generell informasjon over Internett med ei slik berbar innretning, og 62 prosent av føretaka oppgjev at dei tilsette har tilgang til føretaket sitt e-postsystem. Eitt av to føretak lèt dei tilsette få tilgang til intern programvare og til å endre dei interne dokumenta til føretaket. Desse tilboda aukar med storleiken på føretaket.

Private føretak som tillèt mobil bruk av Internett til minst halvdelen av dei tilsette. Januar 2012. Prosent

Private føretak med faste breiband og faste breiband på minst 2 Mbit/s. 2003-2012. Prosent

Framleis auke for faste og raske breiband hos dei store

Delen av faste breiband med overføringskapasitet på minst 2 Mbit/s aukar med storleiken på føretaket. Hos føretak med over 100 tilsette er det 93 prosent som har så stor overføringskapasitet. Dette er ein auke frå 91 prosent i 2011. Det er føretak innanfor informasjon og kommunikasjon som er på topp med 95 prosent. Av alle føretaka er det 77 prosent som har fast breiband med overføringskapasitet på minst 2 Mbit/s. Dette er ein nedgang på 1 prosentpoeng frå året før.

I alt hadde 89 prosent av føretaka ein eller annan type breiband i januar 2012, og 86 prosent av alle føretaka hadde faste breiband. Dette er om lag som i fjor.

Mobilt breiband blir meir populært

Det har vore ein stor auke i bruken av mobilt breiband i norsk næringsliv dei siste åra. 54 prosent av alle føretaka oppgjev at dei har breibandstilkopling gjennom eit mobilt breiband, medan 3 prosent har dette utan å ha fast breiband i tillegg. Større føretak nyttar mobilt breiband meir enn mindre føretak.

Svak nedgang for elektronisk overføring av data mellom føretak

56 prosent av føretaka overfører data elektronisk. Skilnaden mellom større og mindre føretak har auka det siste året. Ser ein på føretak med 10-19 sysselsette, har delen som driv slik utveksling, gått ned frå 53 til 49 prosent. For føretak som har minst 20 sysselsette, er det derimot fleire som overfører data elektronisk enn året før.

Private føretak med elektronisk utveksling av data med andre. 2009-2012. Prosent

Private føretak som brukar breibandstelefoni. 2006-2012. Prosent

43 prosent av føretaka sende betalingsinstruksjonar elektronisk til finansielle institusjonar. Det er ein auke på 11 prosentpoeng frå året før. Det har vore stor auke innanfor alle sysselsettingsgrupper av føretak. Dette gjeld særleg for næringane innanfor informasjon og kommunikasjon samt finansierings- og forsikringsverksemd.

Nedgang for elektronisk handel

62 prosent av føretaka har gjennomført sal eller kjøp av varer og tenester via Internett i 2011. I alt har 38 prosent gjennomført elektronisk sal i 2011.

Breibandstelefoni i stadig auke

Frå 2006 og fram til 2012 har delen av føretaka som brukar breibandstelefoni, auka frå 12 til 23 prosent. Bruk av breibandstelefoni aukar innanfor alle storleiksgrupper av føretak, men aukar mest innanfor dei store.

I samarbeid med statistikkontoret i EU (Eurostat) produserer fleire andre europeiske land statistikk om bruk av IKT i næringslivet. Opplegget for undersøkinga er tilpassa retningslinene til Eurostat. Sjå denne lenkja for internasjonalt samanliknbare tal .

Tabeller: