13792_om_not-searchable
/teknologi-og-innovasjon/statistikker/iktbrukn/arkiv
13792_om
statistikk
2012-10-08T10:00:00.000Z
Teknologi og innovasjon;Virksomheter, foretak og regnskap
no
false

Bruk av IKT i næringslivet2012

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Bruk av IKT i næringslivet
Emne: Teknologi og innovasjon

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for næringslivets utvikling

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Breiband

tosidig kommunikasjonsnett som kan overføre ulike former for data som tekst, lyd, og levende bilete og som må kunne bære nye tenester og tillate at mange bruker nettet samtidig.

Fast breiband

Fast tilknyting til Internet, for eksempel med DSL-teknologi.

Mobilt breiband

Mobil tilknyting til Internett via mobiltelefonnettverket.

Breibandstelefoni

Breibandstelefoni er ein teknologi for å føra telefonsamtalar over Internett der talen overførast som datapakke.

Elektronisk handel

Elektronisk handel inkluderer bestillingar via elektroniske nettverk, både Internett og andre samband mellom datamaskiner i forskjellige føretak. Betaling og leveranse må ikkje nødvendigvis ordnast via elektroniske nettverk. Elektronisk handel kan gjerast via heimesider eller automatisert datautveksling mellom føretak, men manuelt inntasta meldingar via vanleg e-post inkluderast ikkje.

Automatisert datautveksling

Automatisert datautveksling mellom føretaket og andre IKT-system tyder utveksling av meldingar (for eksempel bestillingar, betalingstransaksjonar eller skildringar av varer) via Internett eller andre nettverk i eit avtalt format som tillet automatisk behandling (for eksempel XML, EDIFACT, osv.) utan at den enkelte melding blir tasta inn manuelt.

Sosiale medium

Medium (kanalar eller plattformer) som ved hjelp av Internett eller nettbasert teknologi opnar for interaksjon mellom to eller fleire menneske (brukarar).

Nettskytenester

Omfattar IKT-tenester som vert brukte over Internett, og som blir leverte frå serverane til tenesteprodusentane. Tenestene gir blant anna tilgang til programvare, datakraft og lagringskapasitet.

Standard klassifikasjonar

Standard for næringsgruppering (SN2007).

Administrative opplysingar

Bakgrunn

Produksjon

Nøyaktigheit og pålitelegheit