383174
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/soshjelpk/aar
383174
statistikk
2019-07-03T08:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
soshjelpk, Økonomisk sosialhjelp, sosialhjelpsmottakere, sosialhjelpsytelser, kvalifiseringsprogram, stønadssituasjon, sosialtjenesten, stønadstid, stønadstilfeller, stønadstype (bidrag, lån), personell i sosialtjenesten (for eksempel sosionomer, barnevernspedagoger, kontoransatte), driftsutgifterTrygd og stønad, Sosiale forhold og kriminalitet, KOSTRA, Innvandring og innvandrere, Sosiale forhold og kriminalitet, Offentlig sektor
true

Økonomisk sosialhjelp

Oppdatert

Neste oppdatering

Foreløpig ikke fastsatt

Nøkkeltall

54 920

sosialhjelpsmottakere hadde i løpet av 2018 sosialhjelp som sin hovedinntekt

Økonomisk sosialhjelp
2018
Sosialhjelpsmottakere133 140
Enslige menn i alt52 557
Enslige kvinner i alt29 227
Sosialhjelp som viktigste kilde til livsopphold54 920
Brutto utbetalt sosialhjelp (1 000 kr)6 952 642
Gjennomsnittlig sosialhjelp per måned9 588

Se utvalgte tabeller fra denne statistikken

Tabell 1 
Sosialhjelpsmottakere etter stønadstid og familiefase

Sosialhjelpsmottakere etter stønadstid og familiefase
201620172018
Gjennomsnittlig stønadstid i månederGjennomsnittlig stønadstid i månederGjennomsnittlig stønadstid i måneder
Familiefase i alt5,15,35,4
Enslige menn i alt5,15,25,3
Enslige menn under 20 år4,34,34,3
Enslige menn 20-24 år4,84,94,9
Enslige menn 25-44 år5,15,35,3
Enslige menn 45-66 år5,55,75,8
Enslige menn 67 år og eldre3,33,73,8
Enslige kvinner i alt5,05,25,3
Enslige kvinner under 20 år4,24,24,4
Enslige kvinner 20-24 år4,64,64,8
Enslige kvinner 25-44 år5,15,25,3
Enslige kvinner 45-66 år5,45,75,8
Enslige kvinner 67 år og eldre3,85,35,5
Enslige med barn under 18 år5,25,65,8
Enslige menn med barn under 18 år4,95,25,2
Enslige kvinner med barn under 18 år5,35,65,9
Par uten barn under 18 år4,85,05,2
Par med barn under 18 år5,76,06,1
Uoppgitt familiefase0,00,00,0

Tabell 2 
Sosialhjelpsmottakere etter arbeidssituasjon, år og familiefase

Sosialhjelpsmottakere etter arbeidssituasjon, år og familiefase
Sosialhjelpsmottakere
201620172018
Arbeidssituasjon i alt130 405132 659133 140
Arbeid heltid6 0756 4206 670
Arbeid deltid9 81810 16110 777
På statlige arbeidsmarkedstiltak5 9826 1886 062
På kommunale tiltak1 4291 4281 348
Under utdanning6 1996 5097 218
Arbeidsløs50 31650 18450 446
Ikke arbeidssøker35 47435 63336 129
På introduksjonsordningskurs11 72313 08711 314
På kvalifiseringsstønad3 2933 0193 089
Uoppgitt963087

Om statistikken

Statistikken tek føre seg dei som mottek økonomisk sosialhjelp, stønadssatsar for sosialhjelp, dei som deltek i kvalifiseringsprogram, andre sosiale teneste i NAV, tiltak for rusmiddelmisbrukarar og krisesenter/vald i nære relasjonar.

Definisjoner

Definisjoner av viktige begrep og variabler

Sosialhjelpstilfelle og sosialhjelpsmottakarar

I statistikken skiljest det mellom begrepa sosialhjelpstilfelle og sosialhjelpsmottakar. Talet på sosialhjelpstilfelle vil alltid vere høgare enn talet på mottakarar. Dette fordi ein og same person kan ha teke imot hjelp i fleire kommunar, og han eller ho vert då talt som fleire sosialhjelpstilfelle. I familiar med to ektefelle er det vilkårleg kven som blir registrert som sosialhjelpsmottakar. I rettleiinga til korleis statistikkskjemaet skal fyllast ut, står det at den av ektefellane som søkjer sosialhjelp først, skal verte registrert som mottakar.

Økonomisk stønad

Både bidrag og lån utgjer til saman det vi kallar økonomisk stønad. Det er brutto utbetalt stønad i løpet av året som vert registrert. Refusjonar frå staten eller tilbakebetalingar av lån blir ikkje registrert i statistikken.

Utgifter til ulike sosiale teneste som opphald i institusjon, støttekontakt, avlasting m.m. skal ikkje bli registrert som økonomisk stønad. Det er berre kontantytingar som skal vere med i statistikken.

Viktigaste kjelde til livsopphald

Den inntektskjelda som er størst den siste månaden mottakaren tek imot sosialhjelp, blir definert som klienten si viktigaste kjelde til livsopphald.

 

Standard klassifikasjoner

Statistikken vert presentert etter mellom anna alder, familiefasar, kommune, fylke, kommunestorleik.

Administrative opplysninger

Navn og emne

Ansvarlig seksjon

Seksjon for helse-, omsorg- og sosialstatistikk

Regionalt nivå

Tal på nasjonalt, fylkes- og kommunenivå er tilgjengelege via KOSTRA.

Tal for bydelar i Bergen er tilgjengelege t.o.m. 2004 og for Oslo t.o.m. 2016.

Hyppighet og aktualitet

Tal som ikkje er revidert, vert publisert 15. mars kvart år - KOSTRA.

Endelege tal vert publisert 15. juni kvart år - KOSTRA.

Detaljerte nasjonale tal vert publisert ein gong kvart år.

Kommunale utgiftar til krisesentertilbod vert aggregert opp til krisesenternivå som vert publisert ein gong kvart år.

Internasjonal rapportering

Sosialhjelpsdata vert kvart år rapportert til NOSOSKO (Nordisk sosialstatistisk komite).

Lagring og anvendelse av grunnlagsmaterialet

Statistisk sentralbyrå har årgangsfiler og filforklaringar.

Bakgrunn

Formål og historie

Formålet med sosialhjelpsstatistikken er å gi informasjon om utviklinga i mellom anna talet på mottakarar av sosialhjelp, det totale utbetalte stønadsbeløpet for økonomisk sosialhjelp og gjennomsnittleg stønad per mottakar.

Statistikk over forsorgsstønad/sosialhjelp har blitt utarbeidd frå og med 1866. Fram til 1881 var det Kyrkje- og undervisningsdepartementet som laga statistikken, deretter overtok Statistisk sentralbyrå. Statistikken blei offentleggjort i NOS Fattigstatistikk 1866-1885, NOS Fattigvesen 1886-1927, Statistiske meldinger 1928-1958, NOS Forsorgsstønad og kommunal trygd 1959-1964, NOS Sosialhjelpsstatistikk 1966-1976 og NOS Sosialstatistikk frå 1977. Frå og med 1965 blei forsorgsstønaden avløyst av sosialhjelp som gitt etter lov om sosialomsorg av 1964. Statistikken blei lagt om frå summariske kommuneoppgåver til individoppgåver om det einskilde sosialhjelpstilfelle. Den nye statistikken kom i gang frå og med 1966.

Individstatistikkane blei endra i 1992, og det blei innført eit nytt registreringssystem for økonomisk sosialhjelp. Det blir no berre samla inn opplysningar om personar som har teke imot økonomisk sosialhjelp. Endringar i statistikken frå 1996 gjer og at samanlikningar med tidlegare år kan vere vanskeleg. Ny sosiallov - lov om sosiale tenester trådde i kraft frå 1. januar 1993, og lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga frå 1. januar 2010.

Frå og med 2001 skjer all rapportering gjennom KOSTRA som er basert på elektronisk innrapportering frå kommunane til Statistisk sentralbyrå. KOSTRA-publiseringa baseras i stor grad på kopling av data frå ulike kjelder, slik som regnskapsdata, teneste- og personelldata og befolkningsdata.

I sosialstatistikken t.o.m. for 2013 vart kvalifiseringsstønad publisert som ein særskild statistikk. Frå og med 2014 er kvalifiseringsstønad ein del av sosialstatistikken.

Brukere og bruksområder

Brukarane er Arbeids- og sosialdepartementet, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Helsedirektoratet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, fylke og kommunar, granskings- og utgreiingsmiljø, media og studentar innan helse- og sosialfag. Statistikken blir og brukt i offentleg planlegging, utdanning og offentleg debatt. KOSTRA er meint å skulle gi styringsinformasjon om kommunar og fylkeskommunar, til bruk for befolkning og media, kommunane sjølv og for statlige styringsorgan.

Likebehandling av brukere

Ikke relevant

Sammenheng med annen statistikk

Økonomisk sosialhjelp er og ein del av Statistisk Sentralbyrås inntektsstatistikk.

Sjå: http://www.ssb.no/emner/05/01/

Tala blir samla inn gjennom KOSTRA

Sjå: http://www.ssb.no/kostra/

Lovhjemmel

Lov av 16. juni 1989 nr. 54 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (Statistikkloven), §§ 2-2, 3-2.

Lov 18. desember 2009 nr. 131 om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga.

EØS-referanse

Ikke relevant

Produksjon

Omfang

Sosialhjelpsstatistikken byggjer for det meste på opplysningar om kvar einskild mottakar av økonomisk sosialhjelp i kommunane. Statistikken omfattar alle som mottar sosialhjelp i det aktuelle året. Den har opplysningar om mottakaren sitt kjønn, alder, ekteskapeleg status og sjølvrapporterte tal på kor mange barn dei (ev. ektefelle/partnar) har forsørgjaransvar for. Statistikken har og sjølvrapporterte opplysningar om kva som er deira viktigaste kjelde til livsopphald, kva for trygdeyting dei mottar, kva forhold dei har til arbeidsmarknaden, kor stort beløp dei får utbetalt alt i alt og for kor lenge.

Frå og med 1992 er det innhenta opplysningar om mottakarane sin økonomiske situasjon den siste gangen dei fekk sosialhjelp det aktuelle året, kva for månad dei mottok stønad (tidlegare blei berre tal på månader med stønad registrert), og om dei har motteke arbeidsmarknadstiltak, yrkesmessig attføring eller annen utdanning/opplæring.

Frå 1997 er berre mottakarar med eit positivt beløp rekna med i statistikken. Dermed er til dømes tilbakebetalingar på lån ikkje tekne med, jf punkt 4.1 om Økonomisk stønad.

Datakilder og utvalg

Den kommunale sosialtenesta er opphav til opplysningane sosialhjelpsstatistikken byggjer på.

Til innhenting av opplysningane nyttas KOSTRA.

Skjema 7 Personell og verksemd i sosiale tenester i NAV og rusmiddeltiltak 

Skjema 7B Kommunens krisesentertilbod og arbeid mot vald i nære relasjonar

Skjema 12 Stønadssatser økonomisk sosialhjelp

Skjema 11 Registreringsskjema for sosialhjelp

Skjema 11 C Registreringsskjema for kvalifiseringsstønad

Statistikken baserer seg ikkje på utval, men på registreringar av alle stønadsmottakarar ved NAV-kontor i alle landets kommunar.

Datainnsamling, editering og beregninger

Innsamlinga skjer ved årleg innsending av elektroniske skjema og filuttrekk. Dersom ein kommune ikkje maktar å levere gode nok data innan den endelege publiseringa, vert tal frå året før nytta.

Kommunane har oppgåveplikt og skal årlig levere de etterspurte opplysningane til Statistisk sentralbyrå. Oppgåvebyrden varierer etter talet på sosialhjelpsmottakarar i kommunen. 

Statistisk sentralbyrå gjennomfører logiske kontroller av datamaterialet, i tillegg samanliknas data med opplysningar frå tidlegare år. Kommunane blir kontakta dersom det er manglande opplysningar eller store avvik i data ut frå det ein erfaringsmessig forventar. Det er i aukande grad lagt inn automatiske kontrollar ved filuttrekket i kommunane.

Det meste av kontrollarbeidet har som mål å sikre at hovudtala i statistikken er pålitelege. Dette gjeld særleg opplysningar om talet på sosialhjelpsmottakarar, kor mykje stønad dei har teke imot, og kor mange månader dei har teke imot sosialhjelp.

Dei maskinelle kontrollane SSB sjølv gjer, er til dømes: Alle mottakarar som er 67 år eller eldre, blir sett som mottakarar av alderspensjon så fremt dei ikkje mottek supplerande stønad. Mottakarar som oppgjer at introduksjonsstønad er deira viktigaste kjelde til loveopphald, blir gjevne verdien Kurs gjennom introduksjonsordninga som deira viktigaste arbeids-/livssituasjon. Dersom ein mottakarar har uføre-, etterlatne- eller alderspensjon får denne Ikkje arbeidssøkar som sin viktigaste arbeids-/livssituasjon. Medan dei som har stipend/lån som viktigaste kjelde til livsopphald, får Under utdanning som sin viktigaste arbeids-/livssituasjon.

Forutan å berekne kor mykje sosialhjelp som blir utbetalt i kvart tilfelle og per innbyggjar, vert det og berekna kor stor del av befolkninga som mottar økonomisk sosialhjelp (per 1 000 innbyggjarar).

Sesongjustering

Ikke relevant

Konfidensialitet

Tal vert ikkje present dersom berre ein eller to einingar ligg til grunn.

Sammenlignbarhet over tid og sted

Frå og med 1996 til 1997 blei det gjort ein del endringar i statistikken som fekk innverknad på nokre av resultata slik at samanlikningar med tidlegare år er vanskeleg, Endringane omfattar mellom anna registrering av arbeidssituasjonen til arbeidstakarane, registrering av sambuarar og registrering av statsborgarskap. Frå og med 1999 har sosialtenesta vore med i KOSTRA rapporteringa, men sidan kommunen har komme med i KOSTRA gradvis vil det her ikkje være mogeleg å finne tidseriar for alle kommunane.

Introduksjonsordninga for nyankomne flyktningar og innvandrarar vart sett ut i livet i 2003-2004. Dette gjer at talet på sosialhjelpsmottakarar for desse to åra ikkje er fullt ut samanliknbare med kvarandre eller med åra før og etter. 

 

Nøyaktighet og pålitelighet

Feilkilder og usikkerhet

Det er vanskeleg å finne fram til visse typar feil, til dømes der talet på mottakarar og/eller utbetaling av sosialhjelp er for lågt eller for høgt. I desse tilfella må kommunane sjølve, på grunnlag av det ureviderte tabellmaterialet vi publiserer 15. mars, ta kontakt for å få retta opp feil. 

I Statistisk sentralbyrå vert data kontrollerte for dublettar eller dobbeltteljingar. Då ikkje alle mottakarar har fullstendige fødselsnummer, kan det likevel hende at same klient opptrer fleire gonger i det samla datamaterialet.

Personellregistreringa i sosialtenesta omfattar f.o.m. 2015 berre tilbod til personer med rusproblem (KOSTRA-funksjon 243). For øvrige område vert nytta tal frå kommunerekneskapen (m.a. utgift til løn). 

Partielt fråfall førekjem i varierande grad for ulike deler av statistikken, jf punkt 5.1.

Statistikken byggjer på fulltellingar.

 

Revisjon

Skjema vert revidert (endra) ein gong kvart år av KOSTRAs arbeidsgruppe for sosialtenesta. Endringane vert stadfesta av Samordningsrådet for KOSTRA.

Analyser, artikler og publikasjoner

Dyrere opphold på de fleste krisesentre

Dyrere opphold på de fleste krisesentre

Publisert 14. oktober 2019

De siste tre år har antall overnattingsdøgn ved krisesentrene ligget noenlunde stabilt. Kommunenes betaling for tjenestene har imidlertid økt i samme periode.

Les artikkelen
Stadig mer sosialhjelp blant enslige mødre

Stadig mer sosialhjelp blant enslige mødre

Publisert 30. august 2019

Nesten 15 prosent av alle enslige kvinner med barn under 18 år mottok sosialhjelp i løpet av 2017. Andelen har vært stabil i mange år, men stadig flere har dette som sin hovedinntekt med høyere utbetalte beløp som resultat.

Les artikkelen
Færre unge mottar sosialhjelp

Færre unge mottar sosialhjelp

Publisert 3. juli 2019

Fra 2017 til 2018 har det blitt færre under 30 år som mottar sosialhjelp. Det kan ha sammenheng med virkningene av vilkår for stønad til unge mottakere. I samme periode har det blitt flere sosialhjelpsmottakere over 30 år, mens andelen innvandrere har stabilisert seg på 44,5 prosent.

Les artikkelen
925 millioner utbetalt til kvalifiseringsstønad

925 millioner utbetalt til kvalifiseringsstønad

Publisert 3. september 2019

Nedgangen i antall deltakere som mottok sosialhjelp før oppstart i kvalifiseringsprogrammet, fortsatte i 2018. Det vil si at det blir færre i målgruppen som programmet var utformet for.

Les artikkelen
Flere over på sosialhjelp etter innstramming i AAP-regler

Flere over på sosialhjelp etter innstramming i AAP-regler

Publisert 29. august 2019

Til tross for at antallet nye sosialhjelpsmottakere gikk ned med 1 000 personer fra 2017 til 2018, økte gruppen som kom dit fra AAP-ordningen fra 7 300 til 9 100 personer.

Les artikkelen
Skatteomgåelser kan ha kostet staten milliarder

Flest gjengangere blant sosialhjelpsmottakere i Oslo

Publisert 5. juli 2019

I Oslo får folk sosialhjelp lenger enn i Stavanger og Tromsø. Oslo har også flere gjengangere i systemet. En større andel innvandrere som mottar sosialhjelp, alderssammensetning og familiesituasjon kan bidra til å forklare forskjellene.

Les artikkelen
Leietagere i kommunal bolig får sosialhjelp lenger enn boligeiere

Leietagere i kommunal bolig får sosialhjelp lenger enn boligeiere

Publisert 7. mars 2019

Sosialhjelpsmottakere som eier sin bolig, mottar stønad i 3,9 måneder i gjennomsnitt, mot 6,1 måneder for dem som bor i en leid, kommunal bolig. Forskjellen kan skyldes at mange barnefamilier bor i kommunale boliger, men også at boformen ofte brukes av boligsøkere med spesielle problemer.

Les artikkelen
56 prosent av sosialhjelpsutbetalingene går til innvandrere

56 prosent av sosialhjelpsutbetalingene går til innvandrere

Publisert 29. januar 2019

Sosialhjelpsutbetalingene var i 2017 på 6,6 milliarder kroner. Innvandrernes andel av utbetalingene for landet under ett er 56 prosent og domineres sterkt av dem med landbakgrunn fra Afrika og Asia.

Les artikkelen

Kontakt

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB