109652
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/barneverng/aar
109652
Fleire barn under omsorg
statistikk
2013-06-26T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
barneverng, Barnevern, kommunalt barnevern, barnevernstiltak, undersøkingssaker, uromeldingar, hjelpetiltak, omsorgstiltak, fosterheimar, besøksheimar, støttekontakt, ettervernsklientar, barnevernsinstitusjonar, beredskapsheimar, omsorgssvikt, barnemishandling, åtferdsvanskar, plasseringar, behandlingstidSosiale forhold og kriminalitet, KOSTRA, Barne- og familievern, Innvandring og innvandrere, Sosiale forhold og kriminalitet, Offentlig sektor
false

Barnevern2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire barn under omsorg

I 2012 mottok 53 200 barn og unge i alderen 0-22 år tiltak frå barnevernet, dette er ein svak vekst på 2 prosent frå 2011, og den lågaste veksten siste 10 år. Veksten i delen barn og unge under omsorg var heile 6 prosent, som er meir enn 500 fleire barn enn året før. Dette er den kraftigaste oppgangen på 5 år.

Hovudtal for barnvernsstatistikken
20082009201020112012
Barn med barnevernstiltak i løpet av året44 16746 48749 78152 09853 198
Hjelpetiltak36 29038 70041 70843 61344 203
Omsorgstiltak7 8777 7878 0738 4858 995
 
Oslo4 8825 1855 5395 5265 395
Region aust9 89710 58311 42911 96112 186
Region sør8 7869 04910 20011 04511 086
Region vest9 0689 5339 83510 05810 532
Region Midt-Noreg6 3726 6046 9657 3727 724
Region nord5 1625 5335 8136 1366 275
 
Nye barn med barnevernstiltak i løpet av året11 76012 76713 72714 24114 032
 
Undersøkingssaker starta i løpet av året27 85030 13532 85835 09034 591
Undersøkingssaker avslutta i løpet av året27 14229 89732 69235 87836 652
 
Årsverk i barnevernet per 31.123 294,23 415,53 525,84 016,94 375,2

Til tross for ei auke til i alt 9 000 barn og unge i alderen 0-22 år med omsorgstiltak i løpet av 2012, var det likevel hjelpetiltak som vart klart mest brukt. Av dei 53 200 barna med tiltak frå barnevernet i 2012, mottok 83 prosent hjelpetiltak og 17 prosent omsorgstiltak. Denne fordelinga har vore omtrent uendra dei siste åra. Frå 2011 til 2012 er det registrert den svakaste veksten dei siste ti åra, både i talet på barn i barnevernet og barn med hjelpetiltak, høvesvis 2 og 1 prosent.

Nær 9,9 milliardar kroner til barnevern

Totale brutto driftsutgifter auka med 1,1 milliardar kroner frå 2011 til 2012. Dette er ein vekst på nesten 13 prosent, noko som er litt lågare prosentvis vekst enn dei to føregåande åra. Driftsutgiftene gjekk mellom anna med til å dekke løn til 4 375 årsverk registrert i barnevernstenesta ved utgangen av 2012. Det er gjort endringar i innrapporteringa av årsverk i barnevernstenesta for 2012. Difor kan ikkje talet på tilsette samanliknas med tidlegare år.

Flest under omsorg i nord

I Finnmark var det nær 12 per 1 000 barn i alderen 0-17 år som var under omsorg ved utgangen av 2012. Tala viser at det er i fylka Finnmark, Nord-Trøndelag, Nordland og Troms at det er flest barn under omsorg. Til samanlikning har Akershus den klart lågaste delen av barn under omsorg med rett over 4 per 1 000 barn. For heile landet var gjennomsnittet på 7 barn per 1 000 barn i 2012, ei auke frå 6,5 barn i 2011.

Mange tiltak vert mindre nytta

I løpet av 2012 vart det i heile landet registrert 120 200 barnevernstiltak. Vedtak om råd og rettleiing er det mest nytta tiltaket, heile 21 200 slike tiltak vart registrert. Nesten 40 prosent av alle barn med tiltak i løpet av 2012 fekk råd og rettleiing. Andre tiltak som er mykje brukte er besøksheim og økonomisk hjelp som høvesvis 20 og 19 prosent av barna nytta seg av i 2012. Det var også mange av dei tradisjonelle tiltaka som vart mindre nytta, tala syner blant anna ein nedgang i bruken av tiltak som fritidsaktivitetar, barnehage, besøksheim, økonomisk hjelp og støttekontakt.

Alle typar plasseringstiltak har derimot auka, særleg beredskapsheim . Dette er noko som også kjem fram i utgiftstala publisert i KOSTRA, der mykje av auka i utgifter er knytt til plasserte barn, ikkje til barn som får hjelp heime.

Fleire plasserte barn

Ved utgangen av 2012 var vel 38 700 barn og unge registrert som mottakar av tiltak frå barnevernet. Dette er om lag 700, eller under 2 prosent, fleire enn året før. Av barna med tiltak var 36 prosent eller 13 900 barn og unge plassert utanfor familien, enten som hjelpe- eller omsorgstiltak. Talet på plasserte barn auka med nær 6 prosent frå utgangen av 2011.

Nesten 10 per 1 000 barn og unge mellom 0-22 år var plassert ved utgangen av 2012. Av desse budde nesten 7 av 10 i fosterheim, som er den vanlegaste staden for plassering nytta av barnevernet. På slutten av 2012 var det heile 25 prosent fleire plassert i beredskapsheim enn på slutten av 2011.

14 000 nye barn i barnevernet

I 2012 var det i overkant av 14 000 barn med tiltak som ikkje var registrert i barnevernet året før, ein nedgang på vel 1 prosent frå året før. Av dei nye barna har om lag 96 prosent hjelpetiltak, medan 4 prosent har omsorgstiltak. I 2012 var det 510 nye barn med omsorgstiltak. Talet på omsorgstiltak blant dei nye barna har gått opp 19 prosent frå 2011, men over tid ser ein at dette talet endrar seg mykje frå år til år.

Nedgang i økonomisk hjelp for nye barn

Dei mest brukte tiltaka for nye barn i barnevernet var vedtak om råd og rettleiing og andre tiltak. Til saman dekker desse 45 prosent av alle tiltak for nye barn i barnevernet. Blant nye barn er likevel økonomisk hjelp det tiltaket som har hatt den største reduksjonen i absolutte tal frå 2011. Dette tiltaket vart brukt omlag 1 600 gonger i 2012, nesten 230 færre gonger enn i 2011. Dette er ein nedgang på over 12 prosent. I tillegg har både barnehage og fritidsaktivitetar blitt mindre brukt for nye barn i barnevernet i 2012, tiltaka hadde ein reduksjon på høvesvis 20 og 21 prosent frå året før.

Som tidlegare år var det for dei nye barna foreldra (mor/far/føresette) og skule som oftast meldte frå til barnevernet, med høvevis 14 og 13 prosent av meldingane. Frå 2011 til 2012 hadde barnevernstenesta ein markant vekst på 17 prosent i talet på gonger dei meldte i frå, og dei sto for 12 prosent av meldingane i 2012.

Lågare vekst i ettervernet

Talet på unge mellom 18 og 22 år som mottok tiltak frå barnevernet var vel 6 600 i 2012. Dette var ei auke på 6 prosent frå 2011, som er ein lågare vekst enn i dei to føregåande åra. Det er stor skilnad mellom fylka i Oppland var det ein vekst på 20 prosent i unge med ettervernstiltak, medan det var registrert ein nedgang på 5 prosent i Troms.

Fleire gutar enn jenter i barnevernet

Som tidlegare år var det fleire gutar enn jenter i barnevernet i 2012. I løpet av 2012 mottok 29 100 gutar tiltak, medan 24 000 jenter gjorde det same. Blant dei nye barna i barnevernet var det ein noko høgare prosentdel jenter som mottok tiltak enn blant alle barna i barnevernet.

Færre undersøkingar i 2012

Det vart totalt påbyrja nær 34 600 undersøkingar i 2012. Dette er om lag 500 færre undersøkingar enn i 2011, ein svak nedgang på vel 1 prosent. Dei siste 5 åra, frå 2007 til 2011, har det vore vekst i talet påbyrja undersøkingar på mellom 7 og 11 prosent, dermed skil 2012 seg ut med ein nedgang. For barn mellom 0-17 år var det omlag 30 påbyrja undersøkingar per 1 000 barn i 2012. Halvparten av alle meldingane som førte til undersøking kom frå barnevernstenesta, skule, foreldra (mor/far/føresette) og politi/lensmann. Den andre halvparten av meldingane kom frå 16 andre ulike instansar som til dømes barnet sjølv, naboar, barnevernsvakt, helsestasjon/skulehelseteneste, barnehage osv.

Kortast behandlingstid i Telemark

I 2012 vart det avslutta 36 650 undersøkingar, dette er vel 2 prosent fleire enn i 2011. Om lag 47 prosent av desse vart avslutta med vedtak om å sette i gang tiltak. Dei siste 10 åra, frå 2003 til 2012, har delen undersøkingar som førte til tiltak gått ned frå om lag 52 prosent i 2003 til 47 prosent i 2012. Samstundes har talet på avslutta undersøkingar auka med meir enn 80 prosent i denne perioden.

Den gjennomsnittlege behandlingstida for ei undersøking var på 85 dagar i 2012. Telemark er det fylket, i år som i fjor, med kortast gjennomsnittleg behandlingstid av undersøkingar. Her blei ei undersøking i snitt ferdig behandla etter 67 dagar. Fylka med lengst behandlingstid var Nordland med 103 dagar og Sør-Trøndelag med 101 dagar. Undersøkingar skal i følgje barnevernloven gjennomførast innan tre månader, maksimalt innan 92 dagar, men i særlege tilfelle kan barnevernet få utvida fristen til seks månader. I 2012 hadde om lag 10 prosent av undersøkingane behandlingstid på over 6 månader i Nord-Trøndelag, Nordland og Finnmark.

Stadig fleire barnevernstenester i interkommunalt samarbeid

Av 429 kommunar var 183, eller knapt 43 prosent, organisert i eit interkommunalt samarbeid ved utgangen av 2012. Veksten i interkommunalt samarbeid held fram og er på same nivå som førre året. Det har vorte færre kommunar som organiserer barnevernstenesta si som ein del av NAV, berre 14 kommunar oppgjev dette for 2012.

Fleire barn flytta

Det var registrert vel 2 900 barn som mottok plasseringstiltak og flytta i 2012. Dette er nesten 12 prosent fleire enn året før. Under 5 prosent av barn og unge flytta 3 eller fleire gonger. Heile 42 prosent av dei som flytta var i alderen 13-17 år.

Frå melding via undersøking til tiltakÅpne og lesLukk

Ei barnevernssak startar ofte med ei melding til barnevernet, som snarast og innan ei veke må avgjere om dei skal setje i gang ei undersøking eller leggje bort meldinga. Ei undersøking skal snarast og innan tre månader konkludere om det skal setjast i verk barnevernstiltak, eller om ein skal leggje bort saka.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB