Barn og unge med innvandrarbakgrunn i barnevernet

Kvart fjerde barn i barnevernet har innvandrarbakgrunn

Publisert:

Det var 7 500 innvandrarar og 6 250 norskfødde med innvandrarforeldre blant dei 53 440 barna og unge som fekk tiltak frå barnevernet i løpet av 2015. 26 prosent av dei som fekk tiltak, hadde innvandrarbakgrunn. Dei siste tre åra har talet på norskfødde med innvandrarforeldre som får tiltak, auka.

I kva grad har barn og unge med innvandrarbakgrunn tiltak frå barnevernet samanlikna med barn og unge utan innvandrarbakgrunn? Det er publisert fire nye tabellar i statistikkbanken med tal for meldingar, undersøkingar og tiltak for åra 2013-2015. Denne artikkelen ser på tala for tiltak.

Barnevernet - frå melding via undersøking til tiltak. Kven er omfatta?

Ei barnevernssak startar ofte med ei melding til barnevernet, som snarast og innan ei veke må avgjere om dei skal setje i gang ei undersøking eller leggje bort meldinga. Ei undersøking skal snarast og innan tre månader konkludere med om det skal setjast i verk barnevernstiltak, eller om ein skal leggje bort saka. 

Barnevernlova seier at barnevernet kan gripe inn overfor barn under 18 år, men tiltak starta før fylte 18 år kan halde fram som hjelpetiltak dersom barnet sjølv ønskjer det. Tala for meldingar, undersøkingar og omsorgstiltak i denne artikkelen er derfor for aldersgruppa 0-17 år, medan hjelpetiltak og tiltak i alt er for aldersgruppa 0-22 år.

 

Korleis er alderssamansetninga for dei med innvandrarbakgrunn?

Av 1 462 732 barn og unge i alderen 0-22 år per 1.1.2016 var 16 prosent innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre. Gruppa norskfødde med innvandrarforeldre var størst med 126 761 barn og unge. Gruppa innvandrarar var på 107 616. Det er svært ulik alderssamansetning i dei to gruppene. Blant norskfødde med innvandrarforeldre er det største årskullet 0 år og årskulla blir gradvis mindre dess eldre barna blir. Medan det er omvendt for innvandrarar der det største årskullet er dei på 22 år.

Fleire med tiltak enn folketalet tilseier

Det var noko fleire barn og unge i aldersgruppa 0-22 år med innvandrarbakgrunn som fekk tiltak frå barnevernet enn delen dei utgjer av befolkninga. For medan kvart sjette barn og unge i denne aldersgruppa hadde innvandrarbakgrunn ved utgangen av 2015, fekk kvar fjerde person i same gruppa tiltak frå barnevernet i løpet av 2015.

 Figur 1

Figur 1. Barn og unge 0-22 år i befolkninga og barn og unge 0-22 år med barnevernstiltak, etter innvandrarbakgrunn. 2015

Innvandrarar oftast i kontakt med barnevernet

I høve til folketalet 0-22 år var det innvandrarar som hadde flest tiltak i 2015. Deretter følgjer norskfødde med innvandrarforeldre, medan barn utan innvandrarbakgrunn hadde minst kontakt med barnevernet i høve til folketalet. 

Men skil vi etter landbakgrunn, endrar biletet seg noko. Det er innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre frå Asia, Afrika etc. som skil seg mest frå barn utan innvandrarbakgrunn. Samanliknar vi innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre frå EU etc. med barn utan innvandrarbakgrunn, er det ikkje så store skilnader mellom gruppene. Delen med tiltak er størst blant barn og unge utan innvandrarbakgrunn, klart størst om vi ser på omsorgstiltak, deretter følgjer innvandrarar frå EU etc. og minst del er det blant norskfødde med innvandrarforeldre frå EU etc. 

Færre med barnevernstiltak

Innvandrarar fekk oftast tiltak sett i høve til talet på innvandrarar i befolkninga, 49 per 1 000 i denne gruppa hadde tiltak ved utgangen av 2015. Til samanlikning fekk 32 per 1 000 norskfødde med innvandrarforeldre og 22 per 1 000 barn og unge utan innvandrarbakgrunn barnevernstiltak. Delen med tiltak er redusert for alle dei tre gruppene dei siste åra, mest blant innvandrarar. Det er hjelpetiltaka som vert færre. Frå 2013 til 2015 har det i alle tre gruppene derimot vore ein auke i delen som er under omsorg. 

Figur 2

Figur 2. "Barn og unge 0-22 år med barnevernstiltak per 1 000, etter innvandrarbakgrunn. 31. desember

83 prosent av dei med omsorgstiltak var utan innvandrarbakgrunn

Ved utgangen av 2015 var 9 000 barn under omsorg av barnevernet. 700 av dei var innvandrarar, og knapt 800 var norskfødde med innvandrarforeldre. Dermed var 83 prosent av dei under omsorg utan innvandrarbakgrunn. 

Sjølv om dei fleste av barna under omsorg ikkje har innvandrarbakgrunn, har innvandrarane den største delen som fekk omsorgstiltak: 10 per 1 000 innvandrarbarn under 18 år. Dei andre gruppene ligg noko lågare: 8 per 1 000 barn utan innvandrarbakgrunn og 7 per 1 000 norskfødde med innvandrarforeldre. 

4 600 innvandrarar hadde hjelpetiltak i 2015

Dei fleste av barna i barnevernet fekk ved utgangen av 2015 hjelpetiltak: Heile 27 800 barn og unge i aldersgruppa 0-22 år. Av desse var 4 600 innvandrarar, 3 300 norskfødde med innvandrarforeldre. Delen med hjelpetiltak utgjorde dermed:

  • 43 per 1 000 innvandrarar
  • 26 per 1 000 norskfødde med innvandrarforeldre
  • 16 per 1 000 barn og unge utan innvandrarbakgrunn

Innvandrarar omfattar einslege mindreårige flyktningar

Når det gjeld innvandrarar, er det aldersgruppa 13-17 år som skil seg ut med ein stor del som fekk tiltak frå barnevernet: 81 per 1 000. Det er viktig å vere merksam på at einslege mindreårige flyktningar er ein del av innvandrargruppa. Det er klart størst del blant innvandrarar frå Asia, Afrika etc. med 109 per 1 000, medan innvandrarar frå EU etc. har 33 per 1 000. Også i aldersgruppa 18-22 år er skilnaden mellom innvandrarar frå ulike delar av verda stor : 60 per 1 000 frå Asia, Afrika etc. og 7 per 1 000 med tiltak frå EU etc. 

Flest gutar får tiltak

Av innvandrarane som fekk tiltak i løpet av 2015, var heile 62 prosent gutar. Også blant norskfødde med innvandrarforeldre og barn utan innvandrarbakgrunn var gutane i fleirtal med 54 prosent.

8. august kjem det ein eigen artikkel om meldingar til barnevernet og undersøkingar som blir sette i gang. Denne artikkelen vil òg leggje vekt på innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre sett i høve til dei utan innvandrarbakgrunn.

 

Les også Stadig fleire barn med omsorgstiltak

 

Meir om innvandrarar i barnevernet

Statistisk sentralbyrå har tidligare utarbeidd rapportar om i kva grad barn og unge med innvandrarbakgrunn får tiltak frå barnevernet. Den siste av desse rapportane vart publisert i 2015 med tal for 2012. No vert fire nye tabellar publiserte i statistikkbanken med tal for 2013-2015 etter innvandringskategori og landbakgrunn.

Statistikkbanktabellane har tal for meldingar, undersøkingar starta og avslutta i tillegg til tiltak. 

Kontakt