Revidert vektgrunnlag og nytt referanseår frå neste publisering

Publisert:

Neste publisering av byggjekostnadsindeksen for bustader 12. september vil bruke eit revidert vektgrunnlag ved utrekning av indeksane. Samstundes vert referanseår endra frå 2000 til 2015.

Vektgrunnlaget til byggjekostnadsindeksane vart sist revidert i år 2000. Ei oppdatering var difor nødvendig for å fange opp endringar i forhold som påverkar byggjemåten og kostnadsfordelinga i bustadbyggjinga.

Dei nye kostnadsdelane, det vil seie vektene, byggjer på kostnadskalkylar frå 10 bustadblokkprosjekt og 4 einebustadprosjekt oppført i 2015-2017. Kostnadsundersøkinga blei avslutta hausten 2018 og er gjennomført i samarbeid med fire byggjentreprenørar. Arbeidet blei følgt opp av sentrale aktørar i byggjenæringa gjennom ei referansegruppe.

Referanseåret til ein indeks er referansen for samanlikning av prisutviklinga framover eller bakover i tid. Når ein endrar basisåret til ein indeks, er dette ein måte å gjere referanseperioden og dermed samanlikninga av prisutviklinga meir relevant.

Revidert vektgrunnlag

Revisjonen har ikkje medført endringar i inndelinga i delprodukt og tabellane i statistikkbanken vil òg framstå som før med dei same delindeksane.

I tabell 1 og 2 vert vektene til dei ulike delprodukta samanlikna med tilsvarande vekter frå 1978, 1990 og 2000 for høvesvis bustadblokk og einebustad av tre. Dei viser at delprodukta sine delar har halde seg nokså stabile sidan 1978.

Tabell 1. Bustadblokk. Delproduktenes vekter i 2019, 2000,1990 og 1978

Til tabellen

Tabell 2. Einebustad av tre. Delproduktenes vekter i 2019, 2000,1990 og 1978

Til tabellen

I tabell 3 og 4 er det nye vektgrunnlaget vist i ei matrise med delprodukt nedover i forspalten og innsatsfaktorane bortover i tabellhovudet.

Tabell 3. Bustadblokk. Oversikt over vektene delproduktene og innsatsfaktorene

Til tabellen

Tabell 4. Einebustad av tre. Oversikt over vektene delproduktene og innsatsfaktorene

Til tabellen

Omrekning frå ulike referanseår

Nytt referanseår inneber at dei eksisterande indeksseriane i statistikkbanken er omrekna slik at alle indekstal viser prisendringa relativt til det nye referanseåret, 2015=100. Dette gjeld alle tabellane, både månadlege og årlege tal.

Det er viktig å vere klar over at endra referanseår kan gje avvik i allereie publiserte endringstal. Dette skuldast i all hovudsak avrundingseffektar. Det vil seie at endringstal utrekna frå 2015=100 kan vere forskjellig frå endringsratar utrekna frå 2000=100.

Indeks med 2015=100 er omrekna tilbake i tid for å gjere det enklare for brukarane å finne samanliknbare tal. I enkelte tilfelle kan det likevel vere nødvendig å gå vidare med 2000=100 eller eit anna referansetidspunkt enn 2015=100.

Eksempelet nedanfor viser omrekning frå byggjekostandsindeks med 2015=100 til indeks med 2000=100 for indekstalet i januar 2019:

Gjennomsnittleg indeks per 2000 (2015=100): 71,5

Indeks per januar 2019 (2015=100): 104,3

Vidareført indeksserie med 2000=100 per januar 2015:

 Formel (104,3/71,5)*100=145,9

Har du spørsmål knytt til nytt referanseår og nytt vektgrunnlag, kontakt byggekostnadsindeksene@ssb.no.

Faktaside

Kontakt