222073
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
222073
Sterkare nedgang i petroleumskattane
statistikk
2015-09-16T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false
Statistikken gir oversikt over innbetalt skatt til staten, fylkeskommunene og kommunene. Ved utgangen av august 2015 var det betalt inn 546 milliarder kroner i skatt.

Skatterekneskapaugust 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Sterkare nedgang i petroleumskattane

Innbetalte skattar frå petroleumutvinning var 16,7 milliardar kroner i august 2015. Dette er klart lågare innbetalingar enn i samanliknbare månader i den perioden som denne statistikken omfattar.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i årProsentvis endring fra fjoråret
August 2014August 2015August 2014August 2015
I alt572 388546 276-2,9-4,6
Ordinær skatt til staten19 50719 049-5,0-2,3
Ordinær skatt på utvinning av petroleum46 50232 855-17,4-29,3
Særskatt på utvinning av petroleum75 63454 017-19,4-28,6
Fellesskatt til staten148 191145 4570,5-1,8
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)17 65418 4433,34,5
Ordinær skatt til primærkommunen82 21686 0592,04,7
Medlemsavgift til folketrygda74 40880 1396,87,7
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda105 027109 1073,33,9
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar3 2481 15122,5-64,6
Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar - august akkumulert. Prosentvis endring

Innbetalingane frå petroleumsskattar i august 2015 var om lag 40 prosent lågare enn i august 2014. Denne reduksjonen er langt sterkare enn tidlegare i 2015: I dei fyrste sju månadene i år sank desse skattane med 26 prosent jamfør fyrste sju månader i fjor.

Som elles for månader med partal var det petroleumsskattane som sto for det meste av skatteinnbetalingane.

Hittil i år, det vil si i perioden januar til august, var dei totale innbetalte skattane 546 milliardar kroner. Dette er 26 milliardar kroner lågare enn same periode i 2014. Innbetalte petroleumsskattar er redusert med 35 milliardar kroner, eller 29 prosent, medan innbetalte skattar elles auka med 9 milliardar koner, som er om lag 2 prosent, frå januar – august 2014 til januar – august 2015.

Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar justertÅpne og lesLukk

Frå januar 2015 er skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar korrigert på grunn av refusjonar til aksjonærar som er friteke frå skatt på utbytte og aksjegevinst. Til no i år utgjer desse refusjonane om lag 1,1 milliardar kroner.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB