23625_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23625
Skatteinntektene auka med 5 prosent
statistikk
2004-01-16T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapdesember 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Skatteinntektene auka med 5 prosent

I 2003 blei det til saman innbetalt 449,7 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 21,5 milliardar, eller 5,0 prosent, frå 2002. Det er særleg oljeskattane som medverkar til skatteauken.

Samla oljeskattar (både ordinær skatt og særskatt) utgjorde 97,4 milliardar kroner i 2003. Dette er ein auke på 12,4 prosent frå 2002, då oljeskattane utgjorde 86,6 milliardar. Oljeskattane blir betalte inn i etterskot, og endringar i valutakurs og oljepris er faktorar som slår ut på dei innbetalte skattane frå kontinentalsokkelen. Fastlands-Noreg utan oljeskattane har hatt ein inntektsauke på til saman 10,9 milliardar, eller 3,2 prosent.

Statsforvaltninga fekk redusert skatteinngangen i forhold til 2002 med 1,9 prosent, medan både folketrygda totalt og kommuneforvaltninga har auka inntektene sine, med høvesvis 5,6 og 6,6 prosent.

Skatteinngang januar-desember 2002 og 2003, etter skatteordning. Millionar kroner

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-desember frå 2001 til 2002 og frå 2002 til

Skatt til primærkommunane utgjorde 76,4 milliardar kroner i 2003. Dette er ein auke på 6,3 prosent frå 2002, da skatten utgjorde 72,0 milliardar. Skatten til primærkommunane var likevel lågare enn overslaga frå Finansdepartementet. Dette var på 79,5 milliardar i samband med vedteke budsjett 2003, og blei justert ned til 78,6 milliardar i revidert nasjonalbudsjett for 2003.

Størst auke i Vest-Agder

Skatteinngangen fordelt på fylke syner at Vest-Agder hadde den største auken i 2003 med ein auke på 10,0 prosent. Vestfold hadde som einaste fylke ein reduksjon i samla skatteinngang, med ein nedgang på 1,6 prosent frå 2002 til 2003.

I samband med løpande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstala for dei ulike kommunane per 1. januar finst på lenka http://www.ssb.no/folkemengde/ .

Tabeller: