Jordbruk og miljø: 2021

Artiklane under Jordbruk og miljø presenterer statistikk som kastar lys over status og utvikling i høve til miljømåla for jordbruket. Tidlegare blei statistikken gitt ut i ein årleg rapport, Jordbruk og miljø - Tilstand og utvikling.

Artiklane er inndelt etter ulike tema, mellom anna basisinformasjon om jordbruket, arealforvaltning, økologisk jordbruk, gjødsling, plantevern og utslepp til luft. Det geografiske dekningsområdet er heile landet. Statistikken byggjer på eit bredt utval av datakjelder både i og utanfor SSB.

Nyere artikler i samme serie

Artiklar

  • Beitebruk og seterdrift

    Frå 2019 til 2020 har talet på sauer på utmarksbeite gått ned frå 1,93 millionar til 1,91 millionar. Seterdrift har tidlegare hatt ein sentral rolle i landbruket, men i 2020 blei det registrert berre 781 setrer i drift, og berre 2,5 prosent av jordbruksbedriftene dreiv med seterdrift.

  • Jordleige stadig meir utbreidd

    I løpet av dei siste 50 åra har del leigejord av jordbruksareal i drift auka betrakteleg. I 2019 var delen leigejord 46 prosent av alt areal i drift. I 1969 var 15 prosent av jordbruksarealet leigejord.

  • Nedgang i utslepp frå jordbruket

    I 2019 kom 8,8 prosent av klimagassutsleppa frå jordbrukesektoren, noko som svarar til 4,4 millionar CO2-ekvivalentar. Utsleppa var omtrent 7 prosent lågare enn i 1990 og 0,9 prosent lågare enn i 2018.

  • Meir omdisponering av dyrkbar jord

    Frå 2019 til 2020 auka vedtatt omdisponering av dyrkbar jord med 1 700 dekar, eller 36 prosent, til 6 500 dekar. For dyrka jord var det ein auke på 100 dekar til 3 900 dekar.

  • Økologisk jordbruk aukar litt igjen

    Det økologiske arealet utgjorde 4,2 prosent av alt jordbruksareal i drift i 2020. Arealet auka fram til 2011 for så å minke, men frå 2019 til 2020 auka arealet litt igjen.

  • Jordbruksarealet held seg stabilt

    Jordbruksareal i drift held seg relativt stabilt og ligg på om lag 10 millionar dekar. Men kvart år blir det færre jordbruksbruksbedrifter, og i løpet av dei siste 50 åra har 3 av 4 gardsbruk lagt ned drifta.