Framleis dempa aktivitet i fastlandsøkonomien i april

Publisert:

Endret:

BNP Fastlands-Noreg auka 0,3 prosent i april, justert for sesong- og kalendereffektar. Veksten kjem etter nedgang i alle månadene i 1. kvartal.

Nye tal frå nasjonalrekneskapen viser at bruttonasjonalprodukt (BNP) for Fastlands-Noreg auka svakt i april etter fall i 1. kvartal. Tilstanden i økonomien bar enno preg av pandemien og dei strenge smitteverntiltaka. Smittetrykket har vore ujamnt fordelt i landet. Difor har det nokon stader blitt letta på tiltak, medan det andre stader vart stramma til i løpet av månaden. I midten av april sette regjeringa i verk fyrste trinn i planen for å opne opp att Noreg.

Figur 1. Bruttonasjonalprodukt og konsum i hushalda. Sum tre månader, rullerande. Sesongjustert. Volumindeksar. 2018=100

Bruttonasjonalprodukt for Fastlands-Norge Konsum i husholdninger
Jan. 2016
Feb. 2016
Mars 2016 95.6 95.7
April 2016 95.5 95.4
Mai 2016 95.4 95.3
Juni 2016 95.2 95.3
Juli 2016 95.1 95.4
Aug. 2016 95 95.5
Sep. 2016 95.3 95.7
Okt. 2016 95.5 96.1
Nov. 2016 95.6 96.4
Des. 2016 95.9 96.7
Jan. 2017 96 97.1
Feb. 2017 96.5 97.6
Mars 2017 96.7 97.8
April 2017 96.9 97.6
Mai 2017 97.1 97.8
Juni 2017 97.4 98
Juli 2017 97.7 98.2
Aug. 2017 97.8 98
Sep. 2017 98 98.3
Okt. 2017 98.2 98.6
Nov. 2017 98.5 99.1
Des. 2017 98.8 99.5
Jan. 2018 99.1 99.2
Feb. 2018 99.2 99
Mars 2018 99.4 99.1
April 2018 99.7 99.7
Mai 2018 99.8 100.3
Juni 2018 99.9 100.4
Juli 2018 100 100.3
Aug.2018 100.1 100.3
Sep. 2018 100.1 100.1
Okt. 2018 100.5 100.4
Nov. 2018 100.8 100.4
Des. 2018 101.3 100.7
Jan. 2019 101.5 100.9
Feb. 2019 101.6 101
Mars 2019 101.8 101.4
April 2019 101.9 101.4
Mai 2019 102.2 101.5
Juni 2019 102.4 101.5
Juli 2019 102.7 101.7
Aug. 2019 102.9 101.9
Sep. 2019 103.1 101.8
Okt. 2019 103.1 101.6
Nov. 2019 103.2 101.6
Des. 2019 103.1 101.3
Jan. 2020 103 101.3
Feb. 2020 103 101.3
Mars 2020 101 97.4
April 2020 97.6 91.3
Mai 2020 94.8 86.3
Juni 2020 95.1 87.9
Juli 2020 97.3 92.5
Aug. 2020 98.9 95.1
Sep. 2020 99.8 96.1
Okt. 2020 100.8 96.2
Nov. 2020 101.2 96.5
Des. 2020 101.8 96.2
Jan. 2021 101.5 94.8
Feb. 2021 101.4 93.8
Mars 2021 100.7 92.6
April 2021 100.5 92.2

Figur 2. Bruttonasjonalprodukt og konsum i hushalda. Månadleg. Sesongjustert. Volumindeksar. 2018=100

Bruttonasjonalprodukt for Fastlands-Norge Konsum i husholdninger
Jan. 2016 95.8 96.1
Feb. 2016 95.3 95.7
Mars 2016 95.2 95.2
April 2016 95.3 94.9
Mai 2016 95 95.5
Juni 2016 94.6 95.2
Juli 2016 95.1 95.3
Aug. 2016 94.9 95.7
Sep. 2016 95.3 95.7
Okt. 2016 95.7 96.7
Nov. 2016 95.4 96.6
Des. 2016 95.9 96.5
Jan. 2017 96.2 98
Feb. 2017 96.7 98
Mars 2017 96.6 97.1
April 2017 96.8 97.5
Mai 2017 97.3 98.4
Juni 2017 97.5 97.7
Juli 2017 97.6 98
Aug. 2017 97.7 98.1
Sep. 2017 98.1 98.4
Okt. 2017 98.2 98.9
Nov. 2017 98.7 99.6
Des. 2017 99 99.6
Jan. 2018 98.8 98.1
Feb. 2018 99.3 98.9
Mars 2018 99.6 100.1
April 2018 99.6 99.8
Mai 2018 99.7 100.6
Juni 2018 99.8 100.4
Juli 2018 100 99.7
Aug. 2018 100 100.5
Sep. 2018 99.8 99.9
Okt. 2018 101 100.5
Nov. 2018 101 100.5
Des. 2018 101.4 100.9
Jan. 2019 101.6 101.1
Feb. 2019 101.3 100.8
Mars 2019 101.7 102
April 2019 102 101.1
Mai 2019 102.2 101.2
Juni 2019 102.3 101.9
Juli 2019 103 101.8
Aug. 2019 102.9 101.7
Sep. 2019 102.8 101.6
Okt. 2019 102.9 101.1
Nov. 2019 103.1 101.7
Des. 2019 102.6 100.9
Jan. 2020 102.7 101
Feb. 2020 103.1 101.9
Mars 2020 96.7 89
April 2020 92.3 82.7
Mai 2020 94.8 87.1
Juni 2020 97.7 93.7
Juli 2020 98.7 96.5
Aug. 2020 99.7 94.9
Sep. 2020 100.4 96.6
Okt. 2020 101.7 96.9
Nov. 2020 101 95.8
Des. 2020 102.1 95.7
Jan. 2021 101 92.7
Feb. 2021 100.5 92.7
Mars 2021 100.1 92
April 2021 100.4 91.4

- Aktiviteten i fastlandsøkonomien fall gjennom 1. kvartal, og var framleis dempa i april. Ser ein på detaljane er biletet noko blanda, men tendensen er at aktiviteten i næringane som har vore hardest ramma under pandemien, no har flata ut, seier seksjonssjef i nasjonalrekneskapen, Pål Sletten.

Figur 3. Utvalde næringar. Faste 2018-prisar. Prosentvis volumendring

Måned Sum tre måneder, rullerende Fra februar 2020
Fiske, fangst og akvakultur -0.7 1.7 6.2
Varehandel og reparasjon av motorvogner -0.4 -1.7 1.9
Undervisning -0.1 -0.6 1.1
Industri 1.3 0.2 0.3
Helse- og omsorgstjenester 1.3 -1.8 -1
Faglig, vitenskapelig og teknisk tjenesteyting -0.1 0.7 -1.6
Bruttonasjonalprodukt Fastlands-Norge 0.3 -1 -2.6
Bygge- og anleggsvirksomhet -2.8 -1.4 -6.5
Forretningsmessig tjenesteyting 0.8 -1.4 -18.4
Transport utenom utenriks sjøfart -0.7 -4.7 -26.7
Kultur, underholdning og annen tjenesteyting -0.4 -8 -36.6
Overnattings- og serveringsvirksomhet -8.6 -7.9 -50.4

Tenesteproduksjonen vaks 0,4 prosent i april. Finans- og forsikringsverksemd trekte opp, medan varehandelen og hotell- og restaurantverksemd trekte ned.

- Av di påska fell forskjellig frå år til år er tala i mars og april noko meir usikre enn andre månader, legg Sletten til.

Trass i nedgangen var aktiviteten i varehandelen framleis høgare i april enn før pandemien braut ut. Aktiviteten i hotell- og restaurantverksemd var låg allereie ved inngangen til året, og fall ytterlegare i 1. kvartal. Etter nedgangen i april var nivået på sitt lågaste sidan april og mai i 2020. Også transport utanom utanriks sjøfart, kultur, underhaldning og annan personleg tenesteyting og forretningsmessig tenesteyting var på særs låge nivå i april, sjølv om desse næringsområda utvikla seg rimeleg flatt frå månaden før.

Aktiviteten i annan vareproduksjon var omtrent uendra mellom mars og april. Bygge- og anleggsverksemd trekte ned vareproduksjonen, medan elektrisitetsproduksjonen auka.

Det var vekst i næringsmiddelindustrien og kjemisk og farmasøytisk industri i april. Maskin- og verftsindustrien og reparasjonar av maskiner og utstyr fall. Samla steig industrien 1,3 prosent. SSBs produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning rapporterer eit fall på 1,9 prosent i same periode. Spriket mellom statistikkane heng saman med at tala vert sesongjustert på ulike vis, som tidvis kan gi avvik i utviklinga frå den eine månaden til den andre.

Konsum

Varekonsumet steig 0,8 prosent i april, særleg trekt opp av bilkjøpa. Nedgang i konsumet av matvarer trekte likevel varekonsumet i motsett retning. Tenestekonsumet på si side fall 1,6 prosent. Nedgang i forbruket av hotell- og restauranttenester bidrog mest til fallet. Samla fall forbruket til hushalda 0,6 prosent i april.

Konsum i offentleg forvaltning steig 0,9 prosent i april. Utviklinga i offentleg konsum bygger på ulike indikatorar. Tala er å rekne som førebels. Dei vil verte revidert når rekneskap for stats- og kommuneforvaltninga for 1. kvartal kjem. Dei uvanlege høva gjer at uvissa er større enn vanleg.

Eksport og import

Eksporten vaks 4,7 prosent i april, trekt opp av kraftig vekst i råolje og naturgass. Eksport av tradisjonelle varer fall 2,8 prosent, særleg trekt ned av metalleksporten. Importen utvikla seg om lag flatt frå mars til april. Det var vekst i importen av tradisjonelle varer, medan tenesteimporten heldt seg stabilt. Importen av skip, plattformer og fly vart lågare i april. Det heng samen med høge nivå i februar og mars, då fleire dyre skip vart importert.

Importen har falle meir enn eksporten sidan byrjinga av koronapandemien, og med veksten i april er samla eksport nær nivået før koronapandemien. Samla import i april låg om lag 16 prosent under nivået i februar 2020.

Investeringar

Bruttoinvesteringar i fast realkapital har auka sidan nyttår, trekt opp av bustad- og petroleumsinvesteringane. Nivået var 0,9 prosent høgare i tremånadersperioden februar-april 2021 inn i førre tremånadersperiode.

For andre bruttoinvesteringar enn bustadinvesteringane, er det generelt svak tilgang på god månadsinformasjon. For petroleumsinvesteringar, investeringar i industri, bergverk og kraftforsyning er informasjon om planlagt investeringar nytta, slik de er rapporterte av selskapa.

Revisjonar

I samband med nye månadstal vil det koma tilbakegåande revisjonar. Statistikkunderlaget som vert nytta til utrekningane, vil normalt ikkje verte endra langt bakover, men sesongjusterte seriar kan likevel reviderast. Det er av di grunnlaget for sesongjusteringa vert endra når nye periodar kjem til. Nasjonalrekneskapen har nyleg gjeve ut ein artikkel om revisjonane i den månadlege nasjonalrekneskapen.

Under koronapandemien er uvissa større enn normalt. Ein må difor vera førebudd på større revisjonar, òg fordi ein kan få endringar i underlagsmaterialet for utrekningane. Veksten i BNP for Fastlands-Noreg for mars er revidert opp frå -0,5 til -0,4 prosent1. Kvartalsveksten er likevel ikkje revidert sidan sist publisering.

Også på enkelte andre område er det innarbeidd ny grunnlagsstatistikk for tidlegare månader. Makrobiletet er likevel om lag som tidlegare.

1 Tallet er endret fra -0,3 til -0,4 prosent.

Sesongjustering under koronakrisa

Torsdag 12. mars 2020 innførte regjeringa tiltak mot spreiinga av koronaviruset i Noreg. Sesongjusteringa under koronakrisa blir gjord på ein slik måte at tal frå og med mars ikkje inngår i grunnlaget for utrekninga av sesongmønsteret. Teknisk, i sesongjusteringsrutinen, blir dette gjord ved å spesifisera mars 2020 og dei følgjande månadene som ekstremverdiar.

SSBs sesongjustering er i tråd med tilrådingar frå Eurostat.

Påska påverkar tala for mars og april

Det er normalt noko større uvisse i kalender- og sesongjusterte tal for mars og april grunna ulik plassering av påska frå år til år. Rutinen for sesongjustering tar omsyn til plasseringa av påska, men det kan vera vanskeleg å korrigera for alle effektar av påska.