85037
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/slakt/arkiv
85037
Små endringar i total kjøtproduksjon
statistikk
2012-04-11T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri;Energi og industri
no
slakt, Kjøtproduksjon, kjøtkontroll, kontrollerte slaktIndustri og bergverksdrift, Jordbruk, Energi og industri, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Kjøtproduksjon2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Små endringar i total kjøtproduksjon

Samla kjøtproduksjon var på 321 000 tonn i 2011, ned 1 000 tonn frå 2010. Produksjonen av storfekjøt og sauekjøt gjekk ned, medan produksjonen av svinekjøt auka.

Kjøtproduksjon. 2002-2011. Tonn

Kjøtproduksjon, etter fylke. 2011. Prosent

Frå 2010 til 2011 minka produksjonen av sauekjøt med 5 prosent, til 23 400 tonn, medan storfekjøt gjekk ned med 3 prosent, til 81 600 tonn. I same perioden auka slakt av svin med knapt 2 prosent til 130 800 tonn. Slakt av fjørfe låg på om lag same nivå som året før.

Av i alt 321 000 tonn slakt utgjorde svinekjøt den største delen, med 41 prosent av produksjonen. Fjørfekjøt og storfekjøt utgjorde respektive 26 og 25 prosent.

Rogaland produserar mest

Drygt 20 prosent av alt kjøtet blei i fjor produsert i Rogaland, medan Nord-Trøndelag og Hedmark stod for 14 og 12 prosent av totalproduksjonen. Rogaland hadde den klart høgaste produksjonen av alle kjøtslaga, med unnatak av fjørfe. Der var det Nord-Trøndelag og Østfold som var dei leiande fylka.

Når det gjeld storfekjøt, hadde Rogaland og Oppland den største produksjonen, med respektive 14 200 og 11 200 tonn. Rogaland var også størst på svinekjøt og sauekjøt, der fylket stod for 29 og 22 prosent av produksjonen på landsnivå. Produksjonen av fjørfekjøt var størst i Nord-Trøndelag og i Østfold, og desse to fylka stod for 39 prosent av den totale produksjonen av fjørfekjøt i 2011.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB