20354
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/slakt/arkiv
20354
Meir lyst kjøt
statistikk
2010-07-16T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri;Energi og industri
no
slakt, Kjøtproduksjon, kjøtkontroll, kontrollerte slaktIndustri og bergverksdrift, Jordbruk, Energi og industri, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Kjøtproduksjon2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Meir lyst kjøt

Det blei kontrollert 330 000 tonn kjøt i 2009, det vil seie ein auke på 12 000 tonn, eller 4 prosent frå året før. Det var produksjon av lyst kjøt som sto for auken, medan det var nedgang i produksjonen av storfekjøt og sauekjøt.

Endring av slaktemengda av ulike kjøtslag. 2008-2009. Prosent

Produksjonen av fjørfekjøt auka med 14 prosent, til nærare 96 000 tonn i 2009, medan produksjonen av svinekjøt auka med vel 1 prosent til drygt 124 000 tonn. Av i alt 330 000 tonn slakt utgjorde svinekjøt den største delen, med 38 prosent av produksjonen, medan fjørfekjøt og storfekjøt sto for høvesvis 29 og 26 prosent.

Slakt av fjørfe auka mest

Sidan 2005 har produksjonen av fjørfekjøt auka med over 39 000 tonn eller om lag 70 prosent. I same perioden auka produksjonen av svinekjøt med 11 500 tonn, medan storfekjøt og sauekjøt gjekk ned med høvesvis 2 400 og 2 000 tonn.

Dei ulike kjøtslaga sin del av total kjøtproduksjon. Prosent. 2009

Produksjon av fjørfekjøt. 2005-2009. Tonn

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB