20358
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/slakt/arkiv
20358
Auke i kjøtproduksjonen
statistikk
2009-03-24T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri;Energi og industri
no
slakt, Kjøtproduksjon, kjøtkontroll, kontrollerte slaktIndustri og bergverksdrift, Jordbruk, Energi og industri, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Kjøtproduksjon2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i kjøtproduksjonen

Det blei kontrollert 318 000 tonn kjøt i 2008, ein auke på 21 000 tonn, eller 7 prosent, i høve til året før. Det var produksjon av fjørfekjøt som auka mest.

Endring av slaktemengda av ulike kjøtslag. 2007-2008. Prosent

Produksjon av fjørfeslakt. 2003-2008. Tonn

Av i alt 318 000 tonn slakt, utgjorde svinekjøt den største delen, med 39 prosent av produksjonen i 2008. Storfekjøt og svinekjøt stod for høvesvis 27 og 26 prosent av produksjonen i 2008.

Slakt av fjørfe auka mest

I 2008 blei det kontrollert 84 000 tonn fjørfekjøt, ein auke på knapt 14 000 tonn eller 20 prosent frå året før. Sidan 2003 har produksjon av fjørfekjøt auka med over 70 prosent, og er snart like stor som produksjonen av storfekjøt.

Rogaland størst

I 2008 blei det kontrollert mest kjøt i Rogaland, med 21 prosent, medan Nord-Trøndelag kom på andreplass, med 14 prosent. Minst kjøt blei kontrollert i Aust-Agder og Finnmark.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB