20366
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/slakt/arkiv
20366
Auka slakt av fjørfe og svin
statistikk
2007-03-26T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri;Energi og industri
no
slakt, Kjøtproduksjon, kjøtkontroll, kontrollerte slaktIndustri og bergverksdrift, Jordbruk, Energi og industri, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Kjøtproduksjon2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka slakt av fjørfe og svin

I 2006 blei det kontrollert 292 400 tonn kjøt, ein auke på 9 000 tonn i høve til året før. Det var produksjonen av fjørfe- og svinekjøt som auka mest.

Endring av slaktemengda av ulike kjøtslag. 2005-2006. Prosent

Produksjon av fjørfeslakt. 2001-2006. Tonn

Av det kontrollerte slaktet i 2006 utgjorde svinekjøt 40 prosent, storfekjøt 30 prosent, fjørfekjøt 21 prosent og sauekjøt 9 prosent. Samanlikna med 2005 har det vore ein auke i slakt av fjørfe, svin og storfe.

Slakt av kylling auka mest

I 2006 blei det kontrollert 62 500 tonn fjørfekjøt. Av dette utgjorde slakt av kylling 85 prosent, kalkun 11 prosent og høns 4 prosent. Slakt av kylling auka med 12 prosent samanlikna med året før. Sidan 2001 har produksjonen av fjørfekjøt auka med nesten 50 prosent.

Kjøtproduksjon, etter fylke. 2006. Tonn

Rogaland størst

Rogaland hadde som vanleg den høgaste samla kjøtproduksjonen blant fylka i 2006 og stod for 21 prosent av totalproduksjonen. Nord-Trøndelag var som nummer to (drygt 12 prosent) og Hedmark som nummer tre (snautt 12 prosent).

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB