20386
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/slakt/arkiv
20386
Meir svine- og sauekjøt
statistikk
2002-04-16T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri;Energi og industri
no
slakt, Kjøtproduksjon, kjøtkontroll, kontrollerte slaktIndustri og bergverksdrift, Jordbruk, Energi og industri, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Kjøtproduksjon2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Meir svine- og sauekjøt

Det vart kontrollert 262 000 tonn kjøt i 2001, 604 tonn meir enn året før. Det vart registrert nedgang i produksjonen av storfe- og fjørfekjøt, medan produksjonen av svine- og sauekjøt auka.

Dei ulike kjøtslaga sin del av total kjøtproduksjon i 2001. Prosent

Produksjon av fjørfekjøt. 1996-2001. Tonn

Av totalproduksjonen på 262 000 tonn i 2001 utgjorde svinekjøt 108 700 tonn, storfekjøt 85 800 tonn, fjørfekjøt 42 200 tonn og sauekjøt 24 300 tonn. Samanlikna med 2000 har det vore ein auke i slakt av hest, sau og svin. Produksjonen av svinekjøt har auka med 5 900 tonn eller knapt 6 prosent. For sau har auken i produksjonen vore på 1 000 tonn eller vel 4 prosent. Slaktemengda av storfe gjekk ned med 5 prosent i same perioden.

Etter å ha auka sterkt i to år, flata produksjonen av fjørfekjøt ut i 2001. Det vart produsert 700 tonn mindre fjørfekjøt i 2001 enn året før, ein nedgang på knappe 2 prosent.

Rogaland og Nord-Trøndelag var dei to fylka med høgast samla kjøtproduksjon, med respektive 19 og 12 prosent av totalproduksjonen. Lågast kjøtproduksjon hadde Finnmark og Aust-Agder.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB