20396_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/slakt/arkiv
20396
Auka slakt av storfe og fjørfe
statistikk
1999-12-22T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri;Energi og industri
no
slakt, Kjøtproduksjon, kjøtkontroll, kontrollerte slaktIndustri og bergverksdrift, Jordbruk, Energi og industri, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Kjøtproduksjon2. halvår 1999, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka slakt av storfe og fjørfe

Det vart kontrollert 192 300 tonn slakt dei tre første kvartala i 1999. Dette er ein auke på knapt 6 prosent frå same periode i fjor. Slakt av fjørfe og storfe aukar mest.

Førebels tal frå den offentlege kjøtkontrollen viser at det vart kontrollert 26 300 tonn fjørfeslakt dei tre første kvartala i 1999. Dette er 3 300 tonn meir enn i same periode året før, og svarar til ein auke på 15 prosent.

Slaktemengda for storfekjøt var dei tre første kvartala i 1999 på 72 500 tonn. Dette er ein auke på 8 prosent frå same periode i 1998. Mengda av svinekjøt har auka med 3 400 tonn, eller vel 4 prosent, til 80 400 tonn i same tidsrom.

Av det kontrollerte slaktet i 1. til 3. kvartal utgjorde svinekjøt 42 prosent og storfekjøt 38 prosent. Slakt av fjørfe utgjorde 14 prosent av den totale slaktemengda.

Minst auke i slakt av sau

Ser ein utviklinga frå 1995 til 1999, finn ein at det i 1. til 3. kvartal 1999 vart kontrollert 24 700 tonn meir kjøt enn i same periode i 1995. Dette er ein auke på knapt 15 prosent. I denne perioden har slakt av fjørfe auka med 24 prosent, mengda av kvige- og okseslakt har auka med 18 prosent, og slakt av svin med 17 prosent. Slakt av sau auka med 2 prosent i denne perioden.

Tabeller: