160461
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/fiskeri/aar-forelopige
160461
Auka fangstmengd og -verdi
statistikk
2015-01-15T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
fiskeri, Fiskeri, fiske, sjøfisk, fiskeslag (for eksempel sei, sild, kolmule), skalldyr, fangstverdi, fangstmengd, konsumfisk, fiskemjøl, fiskeoljeFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false
Fiskeristatistikken gir oversikt over fangstmengd og førstehandsverdi for dei ulika fiskeria. Norske båtar leverte 2,3 millionar tonn fisk, reker, skaldyr og skjel i 2014.

Fiskeri2014, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka fangstmengd og -verdi

Norske båtar leverte 2,3 millionar tonn fisk, reker, skaldyr og skjel i 2014. Dette er 11 prosent meir enn året før. Førstehandsverdien auka med 12 prosent, til 14,2 milliardar kroner.

Fiskeri. Fangstmengd og førstehandsverdi, etter utvalde artar
Mengd (tonn)ProsentFørstehandsverdi (mill. kr)
20142013 - 20142009 - 20142014
Totalt2 310 71010,6-8,914 209
Utvalde artar
Makrell277 86568,7129,21 937
Sild407 884-19,6-62,11 912
Torsk473 3620,494,34 613
Sei153 8974,2-24,01 247
Blåkveite14 06311,638,2345
Uer19 367114,3133,4186
Skaldyr og blautdyr200 37523,6126,6909
Andre fangstartar763 89724,2-2,83 059

Den største delen av fangsten, 67 prosent, gjekk til konsum, medan 33 prosent gjekk til industriell produksjon av fiskemjøl, olje og fôr.

Torskefisket mest verdifullt

I perioden 2013-2014 auka førstehandsverdien for torsk med 14 prosent, til 4,6 milliardar kroner, medan fangstmengda var stabil. Fangsten av torsk tilsvara 20 prosent av total fangstmengd og 32 prosent av total førstehandsverdi. Dette var dermed fortsatt det viktigaste fisket når det gjeld verdi.

Auka fangst av kolmule og makrell

Det blei fiska 399 500 tonn kolmule til ein førstehandsverdi på 579 millionar kroner i 2014. Samanlikna med 2013 er dette meir enn dobling av fangstmengda og ei auke på 50 prosent i førstehandsverdien. Fangstmengda og førstehandsverdien for makrell auka med respektive 69 og 35 prosent, og det svarar til 12 prosent av den total fangstmengda og 14 prosent av førstehandsverdien.

Størst nedgang for lodde og sild

Det blei fiska 76 700 tonn lodde i 2014. Dette er ein nedgang på 53 prosent samanlikna med 2013. Førstehandsverdien for lodde minka med 60 prosent i same periode.  Sildefangsten minka med 20 prosent frå 2013 til 2014, og utgjorde 18 prosent av total fangstmengd. Førstehandsverdien for sild gjekk i same periode ned 21 prosent, til 1,9 milliardar kroner, og utgjorde 13 prosent av total fangstverdi.

Meir antarktisk krill

Samlegruppa "andre skaldyr og blautdyr" inneheld hovudsakleg antarktisk krill. Frå 2013 til 2014 auka fangstmengda og førstehandsverdien med respektive 25 og 6 prosent. Denne gruppa utgjorde 8 prosent av total fangstmengd i 2014.

Utanlandske landingar til 2,9 milliardar kroner

Utanlandske fartøy leverte 368 500 tonn fisk og skaldyr i Noreg i 2014. Verdien av dei utanlandske landingane var 2,9 milliardar kroner.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB