96270
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/fiskeri/aar-forelopige
96270
Framleis nedgang i fangstmengd og -verdi
statistikk
2014-01-23T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
fiskeri, Fiskeri, fiske, sjøfisk, fiskeslag (for eksempel sei, sild, kolmule), skalldyr, fangstverdi, fangstmengd, konsumfisk, fiskemjøl, fiskeoljeFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Fiskeri2013, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis nedgang i fangstmengd og -verdi

Norske båtar leverte snautt 2,1 millionar tonn fisk, reker, skaldyr og skjel i 2013. Dette er 3 prosent mindre enn året før. Førstehandsverdien gjekk ned med 12 prosent, til 12,5 milliardar kroner.

Fiskeri. Fangstmengd og førstehandsverdi, etter utvalde artar
Mengd (tonn)ProsentFørstehandsverdi (mill. kr)
20132012 - 20132008 - 20132013
Totalt2 081 156-2,7-14,612 460
Utvalde artar
Makrell164 608-6,535,51 430
Sild506 230-17,1-50,72 423
Torsk469 93231,3118,13 929
Sei148 403-15,9-34,7943
Blåkveite12 561-1,239,3261
Uer9 046-12,011,478
Skaldyr og blautdyr162 12935,844,5704
Andre fangstartar608 247-10,1-15,02 693

Den største delen av fangsten, 78 prosent, gjekk til konsum, medan 22 prosent gjekk til industri.

Størst nedgang for lodde og sild

Det blei fiska 155 100 tonn lodde i 2013. Dette er ein nedgang på 42 prosent samanlikna med 2012. Førstehandsverdien for lodde minka med 23 prosent i same periode. Sildefangsten minka med 17 prosent frå 2012 til 2013, men utgjorde likevel 24 prosent av total fangstmengd. Førstehandsverdien for sild gjekk i same periode ned 32 prosent, til 2,4 milliardar kroner, og utgjorde 19 prosent av total fangstverdi.

Torskefisket mest verdifullt

I perioden 2012-2013 auka fangstmengda for torsk med 31 prosent. På grunn av lågare priser auka førstehandsverdien med berre 2 prosent, til 3,9 milliardar kroner. Fangsten av torsk svara til 23 prosent av total fangstmengd og 32 prosent av total førstehandsverdi. Dette var dermed det viktigaste fisket når det gjeld verdi.

Auka fangst av kolmule

Det blei fiska 196 200 tonn kolmule til ein førstehandsverdi på 385 millionar kroner i 2013. Samanlikna med 2012 er dette ein auke på 66 prosent for fangstmengda og 39 prosent for førstehandsverdien.

Meir antarktisk krill

Samlegruppa ’andre skaldyr og blautdyr’ inneheld hovudsakleg antarktisk krill. Frå 2012 til 2013 auka fangstmengda og førstehandsverdien med respektive 51 og 48 prosent. Denne gruppa utgjorde 7 prosent av total fangstmengd i 2013.

Utanlandske landingar til 1,9 milliardar kroner

Utanlandske fartøy leverte 268 800 tonn fisk og skaldyr i Noreg i 2013. Verdien av dei utanlandske landingane var 1,9 milliardar kroner.

Statistikken byggjer på opplysningar frå Fiskeridirektoratet per 15. januar 2014, og gjeld fangsten i 2013. Ein liten del av fangsten er enno ikkje omsett.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB