9315_om_not-searchable
/inntekt-og-forbruk/statistikker/skattlign/aar
9315_om
statistikk
2010-02-16T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk;Virksomheter, foretak og regnskap
no
true

Skattelikninga (opphørt)2008

Denne statistikken er nedlagd.

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Skattelikninga (opphørt)
Emne: Inntekt og forbruk

Ansvarleg seksjon

Seksjon for inntekts- og lønnsstatistikk

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Talet på kommuneskatteytarar omfattar dei som har inntekts- og/eller formuesskatt til kommune.

Nettoformuen omfattar verdien av realkapital og finanskapital. Gjeldsbeløp er trekt frå. Dei einskilde formuesartane er vurderte etter likningsverdi. Nokre formuesartar er berre rekna med fastsette fribeløp.

Almenn inntekt omfattar summen av skattepliktige inntekter som lønsinntekter, næringsinntekter, kapitalinntekter, pensjonsinntekter og visse stønader fråtrukke inntektsfrådrag som minstefrådrag og utgifter for å skaffa seg inntekt, gjeldsrenter, pliktig underhaldsfrådrag og pensjonspremier m.m. Inntektsskatt til kommune/fylke og fellesskatt blir rekna ut frå almenn inntekt.

Toppskattegrunnlaget (samla personinntekt) er eit bruttoinntektsomgrep som omfattar arbeidsinntekt (personinntekt løn og utrekna personinntekt frå næring) og skattepliktige pensjonar for personlege skattytarar. Kapitalinntekter inngår ikkje i dette inntektsomgrepet. Toppskatt til staten blir rekna ut frå dette grunnlaget.

Dei ymse inntekts- og formuesskattane til kommune, fylke og stat og medlemsavgifter til folketrygda omfattar nettobeløp, dvs. etter at frådrag og nedsettjingar i skatt er trekt frå.

Utlikna skatt omfattar formues- og inntektsskatt til kommune, fylke og stat samt medlemsavgifter til folketrygda etter at alle frådrag og nedsettjingar i skatt er trekt frå.

Bruttoskatt omfattar utlikna skatt pluss frådrag og nedsettjingar i skatt.

Personlege (forskotspliktige) skattytarar omfattar innanby(gd)s og utanby(gd)s skattytarar. Innanby(gd)s personlege skattyterar omfattar personar som har skattepliktig inntekt/formue til bustadskommunen. I tillegg omfattar denne skattytargruppa òg nordmenn og utlendingar busatt i utlandet, men som blir likna for fast eigedom i Noreg. Utanby(gd)s personlege skattytarar omfattar personar som har skattepliktig inntekt/formue til andre kommunar enn bustadskommunen.

Etterskotspliktige skattytarar omfattar selskap som har utlikna skatt på inntekt/formue. Eigarane/aksjonærarane i eit selskap, eventuelt ein institusjon, foreining eller liknande, må ha eit avgrensa ansvar for gjelda i selskapet for at det skal bli rekna som etterskotspliktig skattytar.

Standard klassifikasjonar

Ikkje relevant

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Heile landet, inklusive kontinentalsokkelen og svalbard, fylker og kommunar.

Kor ofte og aktualitet

Årleg

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Likningsregisteret i den forma som det blir overført frå Skattedirektoratet blir lagra. I tillegg blir dei gjennomarbeida statistikkfilene lagra.

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet med statistikken er å gje eit oversyn over utlikna skattar, grunnlag for utrekning av skattar og frådrag og nedsettjing i skatt, etter skattytargruppe. Statistikken finst på kommune-, fylkes- og landsnivå.

Statistikken er med i datagrunnlaget til Statistisk sentralbyrå sin skattemodell LOTTE som reknar ut endringar i skatteprovenyet som følgje av endringar i skattereglane. Statistikken blir dessutan brukt til sjølvstendige utrekningar av skatteprovenyet på oppdrag for Finansdepartementet.

Kvart år blir skattestatistikken for personlege skattytarar, saman med skattestatistikken for etterskotspliktige og sjølvmeldingsstatistikken, presentert i eit eige kapittel i statsbusjettet (St.prp. nr 1).

Statistisk sentralbyrå har heilt sidan 1884 utarbeida årleg statistikk over kommuneskattelikninga. Frå 1936 har det òg blitt utarbeida statistikk over statsskattelikninga.

Fram til inntektsåret 1948 var kjelda for skattestatistikken skjema med summariske oppgåver som blei fylt ut av skattenemndene i kvart skattedistrikt, men frå og med dette året byrja ein i tillegg å henta inn kopier av skattelistene og leggja til rette desse maskinelt slik at ein òg fekk opplysningar om den enkelte skattytar. Dette blei likevel eit for omfattande arbeid for SSB og ein gjekk i byrjinga av 50-talet over til å trekka eit representativt utval frå skattelistene.

Frå og med 1967 endra skattestatistikken seg ved at ein fekk registerbaserte likningsresultat om den einskilde person på magnetbånd. Likningsregisteret er eit av dei eldste elektroniske registra i SSB og blir henta inn kvar haust frå Skattedirektoratet.

Brukarar og bruksområde

Sentrale brukarar er Finansdepartementet, kommunar og fylkeskommunar, forskings- og utreiingsinstitutt og media.

Samanheng med annan statistikk

Medan skattestatistikken for personlege skattytarar syner utrekningsgrunnlaga for dei ulike direkte skattene gjev sjølvmeldingsstatistikken meir detaljerte opplysningar om ymse skattepliktige inntekter.

http://www.ssb.no/selvangivelse/

Skattestatistikk for personlege skattytarar blir òg presentert kvart år i "Skattestatistikk for personlige skattytere. Skatteoppgjøret" http://www.ssb.no/skattoppgjor/

Skattestatistikken er kjelda for all statistikk om utlikna skatter og frådrag og nedsettjingar i skatt for forskotspliktige og etterskotspliktige skattytarar. Denne statistikken inngår òg i andre statistikkar i Statistisk sentralbyrå.

Skattestatistikk for etterskuddspliktige http://www.ssb.no/skattepl/

Inntekts- og formuesundersøkjinga for hushald http://www.ssb.no/ifhus/

Inntektsstatistikk for personar og familiar http://www.ssb.no/inntpf/

I tillegg inngår opplysningar frå skattestatistikken i ein rekke andre undersøkjingar, som til døme

Levekårsundersøkjinga Helseundersøkjinga Folke-og boligteljingane Bohøveundersøkjinga

Lovheimel

Statistikklovas §3.2.

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Statistikken er ein fullteljing og byggjer på opplysningar frå den ordinære skattelikninga for forskotspliktige og etterskotspliktige skattytarar. Eininga er skattytargrupper i kommunar. Inntekts- og formuespostane i tabellane omfattar berre beløp som er skattlagde.

Datakjelder og utval

Hovedkjelden er likningsregisteret som blir henta inn frå Skattedirektoratet, og Skattedirektoratet sitt register for etterskotspliktige skattytarar. Likningsregisteret inneheld opplysningar på individnivå om alle grunnlaga for utrekning av inntekts- og formuesskattane til kommune, fylke og stat og for medlemsavgifter til folketrygda, i tillegg til dei ulike frådraga og nedsettjingar i skatt. Desse opplysningane blir aggregert opp til skattytargrupper på kommunenivå.

Totalteljing.

Datainnsamling, editering og beregninger

Registra blir innhenta frå Skattedirektoratet på elektronisk form.

I Statistisk sentralbyrå blir det gjort maskinelle kontrollar for å sikra konsistensen i datamaterialet. For det første blir beløp flytta mellom postane dersom det er mogeleg for å oppnå konsistens mellom grunnlaget for utrekning av skatten og skattebeløpet. Dersom grunnlaget manglar eller avvik for mykje i høve til ei på førehand fastsett feilmargin, blir dessutan grunnlaget i nokon tilhøve rekna ut frå storleiken til skattebeløpa. Makrotal frå skattestatistikken blitt til slutt samanlikna med den summariske skattestatistikken til Skattedirektoratet for å avdekkje eventuelle store avvik.

Grunna storleiken på datamaterialet, både når det gjeld talet på observasjonar og talet på beløpsfelt, er det ikkje praktisk mogeleg å gjennomføra alle typar konsistenskontrollar på individnivå. Fleire av dei oppgjevne variablane kan heller ikkje bli kontrollert mot andre statistikkar, då dei berre finst i dette uttrekket frå Skattedirektoratet. Kontrollane vil derfor ikkje klargjera alle feil i statistikken.

Det er ikkje brukt nokon estimeringsmetode.

Konfidensialitet

Ikkje relevant

Samanlikningar over tid og stad

Statistikken er samanliknbar tilbake til 1948 (jf. punkt 2.1.). For tidlegare år er det ikkje skilt mellom personlege og etterskotspliktige skattyterar. Både datagrunnlaget og prinsippa for statistikken er endra over tid. Endringane skattesystemet har gått igjennom i åras løp, blir reflekter i datagrunnlaget og påverkar kontinuiteten i tidsseriane.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Ei mogeleg feilkjelde er feilrapportering frå oppgåvegjevar til likningsstyresmaktene. Det vil seia at personar fører feil beløp for inntekt, formue og frådrag i sjølvmeldinga og i underliggjande reknskapsskjema, eller at beløpa blir plassert på feil stad i skjemaet. Dette vil i dei aller fleste tilfella bli oppdaga og retta av likningskontoret.

Ei anna feilkjelde oppstår når opplysningar skal registrerast elektronisk. Denne registreringa skjer manuelt, men det finst kontrollar som avdekkjer dei fleste tastefeila.

Det blir utført kontrollar i datamaterialet for å avdekkje manglande konsistens mellom skattane og grunnlaga for utrekning av skatt. Grunna storleiken på datamaterialet er det ikkje mogeleg å avdekkja alle slike feil på personnivå.

Statistikken byggjer på ein totalteljing og me unngår derfor fråfall.

Statistikken byggjer på ein totalteljing og me unngår derfor utvalsvarians.

Publiseringa av denne statistikken byggjer på registeropplysningar henta inn i frå Skattedirektoratet. Dei publiserte tala tar ikkje hensyn til at einskilde beløp kan bli endra på eit seinare tidspunkt grunna klagar eller at likningsstyresmaktene sjøl oppdagar feil og manglar. At det blir gjennomført endringar i likningsdatabasen etter at uttrekket til Statistisk sentralbyrå er gjort kan gje partielt fråfall i materialet. Denne feilkjelden reknar ein allikevel for å vera uviktig.