9339_not-searchable
/inntekt-og-forbruk/statistikker/skattlign/aar
9339
641 milliardar i utlikna skatt
statistikk
2010-02-16T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk;Virksomheter, foretak og regnskap
no
skattlign, Skattelikninga (opphørt), selskapsskatt, personskatt, skattefrådrag (for eksempel boligsparing, Finnmarks-frådrag, godtgjerslefrådrag), skattetypar (for eksempel inntektsskatt, formuesskatt, kommuneskatt)Skatt for næringsvirksomhet, Skatt for personer, Virksomheter, foretak og regnskap, Inntekt og forbruk
true

Skattelikninga (opphørt)2008

Denne statistikken er nedlagd.

Innhald

Publisert:

641 milliardar i utlikna skatt

Personar og selskap fekk utlikna til saman 641 milliardar kroner i skatt for inntektsåret 2008. Dette var 77 milliardar kroner meir enn året før.

Retting av statistikken

Statistikken som gjeld selskap er retta ut frå to nye ordningar i petroleumsbeskatninga som blei innførte frå og med 2005. Dette gjer at beløpa for utbetalt skatteverdi av leitekostnader med vidare er innarbeidde i statistikken, og blir behandla på den same måten som eit skattefrådrag. Dei samla skatteinntektene i oljesektoren er difor redusert med vel 6 milliardar kroner for 2008. Variabelen "utbetalt skatteverdi av leitekostnader" er teken med i skattefrådraga. Vidare er variabelen innarbeidd og tala retta i vedleggstabellane.

Les meir om rettingane i eigen artikkel, " Retting av skattestatistikk - utbetaling av skatteverdi ".

Utlikna selskapsskatt utgjorde 313 milliardar kroner i 2008, medan sum utlikna skatt for personar utgjorde 327 milliardar. Dette er 58 milliardar meir for selskap og 19 milliardar meir for personar enn i 2007.

Fordeling på skattekreditor

Sum utlikna inntekts- og formuesskatt til staten utgjorde 435 milliardar kroner. Dette er ein auke på 67 milliardar kroner samanlikna med året før. Til samanlikning fekk kommunane utlikna 101 milliardar kroner i inntekts- og formuesskatt, ein auke på i underkant av 3 milliardar kroner.

Sum utlikna medlemsavgift til folketrygda utgjorde vel 84 milliardar kroner i 2008. Dette var vel 7 milliardar kroner meir enn i 2007. Inntektsskatten til fylkeskommunane utgjorde 20,5 milliardar kroner, ein auke på vel 0,5 milliardar kroner

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken byggjer på uttrekk frå Skattedirektoratet sitt register over likninga for personar og selskap. Alle tal er etter frådrag i skatt.

Skatt på alminneleg inntekt for personar, skattesatsar for 2007-2008
 
 20072008
 
Sum nettoskatt28,0028,00
Fellesskatt til staten13,0513,30
Kommune- og fylkesskatt14,9514,70
 

For meir informasjon om skattestatistikk for personar, sjå: http://www.ssb.no/skattoppgjor/

For meir informasjon om skattestatistikk for selskap, sjå: http://www.ssb.no/skattepl/

Tabeller: