20897
/helse/statistikker/helsetjko/arkiv
20897
Auka driftsutgifter i kommunal helseteneste
statistikk
2008-07-03T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
helsetjko, Kommunehelsetenesta, kommunale helsetenester, driftsutgifter, helsestasjonar, skolehelsetenesten, helsekontroll, helsepersonell (for eksempel fysioterapeutar, helsesystrer, jordmødrer), sykehjemsbebuararHelsetjenester, KOSTRA, Helse, Offentlig sektor
false

Kommunehelsetenesta2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka driftsutgifter i kommunal helseteneste

Kommunane brukte nær 9 milliardar kroner på helsetenester i 2007, 600 millionar meir enn året før. Talet på årsverk for både legar og fysioterapeutar har auka. Nokre færre nyfødde fekk heimebesøk i 2007 enn året før, men dei fleste barn får helseundersøking på helsestasjon.

Utgifter i kommunehelsetenesta. 2002-2007. Kroner

Til saman vart nær 9 milliardar kroner brukt på helsetenester av kommunane i 2007, målt i brutto driftsutgifter. Dette er rundt 600 millionar kroner eller 7 prosent meir enn året før.

Fleire legar, særleg i institusjon

Talet på årsverk av både legar og fysioterapeutar i kommunane heldt fram med å vekse. Frå 2006 til 2007 kom det 117 nye legeårsverk i kommunane, noko som gjer at talet på legar per 10 000 innbyggjarar veks frå 9,1 til 9,3. Den prosentvise auken av legeårsverk var størst i institusjonar for eldre og funksjonshemma.

Kommunane bruker mest pengar på diagnose, behandling og re-/habilitering som inkluderer mellom anna driftstilskot og fastlønn til legar og fysioterapeutar. Fastlege- og fysioterapitenesta er eit kommunalt ansvar, men finansieringa er delt mellom kommunane, staten med takstutbetalingar og ein viss grad av eigenbetaling frå brukarane. Utgiftene til helse i kommunane inneber også utgifter til helsestasjons- og skolehelseteneste retta mot gravide, barn og ungdom. Totalt brukte kommunane i underkant av 1,8 milliardar kroner på desse tenestene i 2007.

Helsekontrollar for dei fleste små barn

Kommunane har høge og stabile dekningsgradar for helsestasjonsundersøkingar av små barn, men delen barn som har gjennomgått undersøking blir lågare jo eldre barnet blir. Unntaket er heimebesøk etter fødsel. Tre av fire nyfødde fekk tilbod og takka ja til heimebesøk i 2007. Dette er ein liten nedgang frå året før, og ein lågare del enn dei som gjennomfører 8-ukers-kontrollen. Nedgangen er dels grunna definisjonsendringar og ny kvalitetskontroll av tala frå SSB, men også er det kommunar som berre tilbyr heimebesøk til førstegongsfødande eller berre tilbyr samtale ved helsestasjonen, ikkje heime hos familien.

Helsestasjon for ungdom. 2002-2007. Prosent

Fleire og fleire kommunar har dei siste åra oppretta eigne helsestasjonar for ungdom, og i 2007 hadde tre av fire kommunar denne tenesta. Omtrent halvparten av kommunane som har tilbodet har gjennomsnittleg opningstid på meir enn to timar i veka. Tilbodet er retta mot barn og ungdom i alderen 14-20 år og meint å vere ei lågterskelteneste som tilbyr samtaler med helsesøster, undersøking av lege, utskriving av prevensjon med meir. Talet på kommunar som ikkje har helsestasjon for ungdom har vore stabilt dei siste to åra. Kommunar utan tilbod er gjerne blant dei minste kommunane.

Fleire undersøkingssaker frå helsestasjon til barnevern

Helsestasjons- og skulehelsetenesta har ansvar for å fange opp barn og ungdom med ulike problem og gi dei tilbod, anten i helsestasjon eller i andre instansar. Av barnevernets undersøkingssaker i 2006 var 1 287 meldt av helsestasjon, ein vekst på 15 prosent frå året før. Dette er bekymringsmeldingar som helsestasjonen sender barnevernet og som barnevernet har oppretta undersøkingssak på. Dei fleste undersøkingssakene er sett i gang grunna tilhøva i heimen til barna, men også omsorgssvikt/mishandling og åtferdsavvik hos barnet er orsak til meldingar frå helsestasjon. (Les meir i statistikken Undersøkingar i barnevernet )

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB