221680
/helse/statistikker/helsetjko/aar
221680
Større utgifter og fleire årsverk
statistikk
2015-06-25T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
helsetjko, Kommunehelsetenesta, kommunale helsetenester, driftsutgifter, helsestasjonar, skolehelsetenesten, helsekontroll, helsepersonell (for eksempel fysioterapeutar, helsesystrer, jordmødrer), sykehjemsbebuararHelsetjenester, KOSTRA, Helse, Offentlig sektor
false
Her er oversikt over kommunale helsetjenester, bl.a. utgifter til forebyggende arbeid og behandling, samt tall på fastleger, fysioterapeuter, helsesøstre og helsekontroller

Kommunehelsetenesta2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Større utgifter og fleire årsverk

I 2014 blei det brukt nær 15 milliardar kroner på kommunehelsetenester. Dette er 8 prosent meir enn i 2013. Det meste av utgiftene og årsverka i 2014 gjekk, som tidlegare år, med til mellom anna diagnostisering og behandling. Det blir gjennomført stadig fleire kontrollar på helsestasjonane.

Kommunehelsetenesta, nøkkeltal
201420142013 - 20142010 - 2014
Absolutte talPer 10 000 innbyggjararProsentvis endring1Prosentvis endring1
1Prosentvis endring er berekna frå absolutte tal.
Legeårsverk i kommunehelsetenesta5 325,410,32,512,2
Fysioterapeutårsverk i kommunehelsetenesta4 596,28,91,37,2
Absolutte talPer innbyggarProsentvis endring1Prosentvis endring1
Brutto driftsutgifter kommunehelsetenesta totalt (1 000 kroner)14 958 1342 895,68,032,6
Brutto driftsutgifter. Førebyggjande arbeid, helse, konsern (1 000 kroner)1 199 825232,34,042,5
Brutto driftsutgifter. Diagnose, behandling, re-/habilitering konsern (1 000 kroner)10 713 0832 073,88,131,4
Absolutte talPer 10 000 innbyggjarar 0-20 årProsentvis endring1Prosentvis endring1
Brutto driftsutgifter. Førebygging, helsestasjons- og skulehelseteneste, konsern (1 000 kroner)3 045 2262 297,89,033,2
Årsverk i helsestasjons- og skulehelsetenesta4 380,833,12,68,7

Det har vore ein relativt jamn vekst i utgifter til kommunehelsetenestene gjennom fleire år, og oppgangen heldt fram frå 2013 til 2014: Auken på 8 prosent er måla i løypande prisar. I femårsperioden frå 2010 til 2014 var det ein utgiftsvekst på 32,6 prosent. Kommunehelsetenesta stod i 2014 for 4,2 prosent av dei totale utgiftene til kommunane. 

Auka utgifter over tid på alle område i kommunehelsetenesta

Det er diagnostisering, behandling, rehabilitering og habilitering som representerer den største utgiftsposten innanfor kommunehelsetenesta. I 2014 var utgiftene til desse føremåla 10,7 milliardar kroner, og utgiftene har auka med 8 prosent frå 2013. 

Utgiftene i kommunane til førebygging i helsestasjons- og skulehelseteneste kom på om lag 3 milliardar kroner i 2014. Dette tilseier ein auke på 9 prosent frå året før. Dei kommunale utgiftene til anna førebyggjande helsearbeid enda på om lag 1,2 milliardar kroner i 2014 og har auka med 4 prosenti perioden.

Samhandlingsreforma påverkar utgiftene til kommunale helse- og omsorgstenester

Med samhandlingsreforma i helsetenestene, som blei innført frå og med 1. januar 2012, blei det òg gjort nokre organisatoriske og finansielle endringar i tenestene. Kommunehelsetenester og pleie- og omsorgstenester utgjer det som i offentlege lov- og styringsdokument no blir omtala som kommunale helse- og omsorgstenester, og utgiftene til kommunehelsetenester bør difor sjåast i samanheng med pleie- og omsorgstenestene i kommunane. 

Dei totale utgiftene til kommunale helse- og omsorgstenester var på tilnærma 121 milliardar kroner i 2014, som er 7 prosent meir enn i 2013. I desse utgiftene inngår blant anna kommunal medfinansiering av somatiske tenester i spesialisthelsetenesta som var eit av dei økonomiske verkemidla som blei innførte for å oppnå måla i samhandlingsreforma. Desse utgiftene utgjorde om lag 5,5 milliardar kroner i 2014 og har auka med vel 300 millionar sidan ordninga blei innført i 2012. Kommunal medfinansiering av somatiske tenester i spesialisthelsetenesta er elles vedtatt avslutta frå og med 2015. 

Kommunal betaling for utskrivingsklare sjukehuspasientar er ein annan type utgifter som er komen inn med samhandlingsreforma. Desse betalingane inngår i utgifter til helse- og omsorgstenester i institusjon og er difor vanskelegare å talfeste eksakt. Totalt utgjorde desse utgiftene over 41 milliardar kroner i 2014, som svarar til ein auke på 18 prosent frå 2011, året før reforma blei innført. Det kan vere grunn til å tru at utgiftsutviklinga etter 2011 delvis heng saman med utviklinga i betalingsansvaret til kommunane for utskrivingsklare pasientar. 

Kommunale utgifter til tilbod om døgnopphald for personar med behov for akutthjelp er ein tredje type utgifter som er direkte knytt til samhandlingsreforma. I 2014 utgjorde desse utgiftene i overkant av 375 millionar kroner. Dette er åtte gonger meir enn dei nær 40 millionar kronene som blei brukte i 2012. Sjølv om denne oppgåva ikkje er lovpålagt før i 2016, syner tala at mange kommunar allereie er i gang med å etablera tilbodet. 

Fleire helseundersøkingar ved helsestasjonane og fleire helsesøstrer

Nær alle barn i Noreg kjem til kontroll ved helsestasjon. 99 prosent av spedbarna fekk utført helseundersøking innan åttande leveuke i 2014. Det har vore ein årleg auke sidan 2012 i delen barn som har vore til undersøking på helsestasjon, både for dei minste og dei større barna. Det er framleis slik at delen som blir undersøkt, er mindre jo eldre barna blir. Ser ein på to- og treåringane, fekk 98 prosent fullført ei helseundersøking, medan dette galdt 96 prosent av fireåringane. For undersøkingar som blir utførte innan 1. skuletrinn, var delen 94 prosent. 

Det har vore ein auke i årsverk totalt i helsestasjons– og skulehelsetenesta. I 2014 var det 4 381 årsverk totalt som er ein auke på 2,6 prosent frå 2013 og 8,7 prosent frå 2010. Den største auken frå 2013 til 2014 finn ein for helsesøsterårsverk. I 2014 var det 2 334 helsesøsterårsverk, som er ein auke på vel 7 prosent frå 2013, og nesten 19 prosent frå 2010. Helsesøstrer utfører over halvparten av årsverka i helsestasjons- og skulehelsetenesta. 

Sjeldnast heimebesøk til nyfødde i Oslo

Dei fleste får tilbod om heimebesøk frå helsestasjon innan to vekeretter at dei er komne heim frå ei fødeavdeling, og om lag åtte av ti nyfødde born fekk slike besøk i 2014. Berre i 30 kommunar får halvparten eller færre av dei nybakte foreldra heimebesøk. Om ein ser på fylka, var det lågast del heimebesøk i Oslo med 59 prosent og dernest i Hedmark med 71 prosent. Telemark hadde størst del heimebesøk, der 95 prosent av dei nyfødde fekk besøk frå helsestasjon. 

Helsestasjon for ungdom er eit tilbod kommunane sjølv kan velje om dei vil ha. Her kan ungdomane mellom anna få ein vaksen å samtala med om vanskelege ting, helseråd og prevensjonsrettleiing. Nesten kvar fjerde kommune har ikkje eit slikt tilbod. 

Fleire fastlegeavtalar og kortare listelengder

Talet på fastlegeavtalar som er inngått mellom kommunar og legar, aukar over tid, og i 2014 fanst det 4 531 slike avtalar i Noreg. To av fem praktiserande fastlegar er kvinner, og delen kvinner har auka jamt den siste femårsperioden. Tala viser elles at kvar femte fastlege er innvandrar. 

Listelengda, det høgste talet på pasientar fastlegane har avtale om å kunne ha på si liste, går gradvis nedover. I 2010 var listelengda i snitt på 1178, medan ho var 1132 i 2014. Legedekninga i Noreg er god, og berre 0,8 prosent av pasientane står på ei liste utan lege. Samstundes aukar talet på opne fastlegelister, det vil seie lister med minst 20 ledige plassar. 

Mest bruk av fastlege i Østfold

I 2014 var det registrert om lag 13,8 millionar fastlegekonsultasjonar i landet. I gjennomsnitt gjekk nordmenn til fastlegen 2,66 gonger dette året. Tala viser elles variasjonar for enkeltkommunar, men bruken av fastlegetenesta ser ikkje ut til å variere særleg viss ein samanliknar sentrale med mindre sentrale kommunar. Ei samanlikning av fylke viser at det er innbyggjarane i Østfold, som i snitt, bruker fastlegetenesta oftast.

Stadig fleire legeårsverk

Det totale talet på årsverk for legar i kommunehelsetenesta, inkludert fastlegeårsverk, aukar framleis. I 2014 var det i alt 5 325 avtalte legeårsverk i kommunane. Dette inneber ein auke på 2,5 prosent frå 2013 og 12,2 prosent frå 2010. Åtte av ti legeårsverk er knytte til diagnostisering, behandling, rehabilitering og habilitering. I 2014 summerte desse seg til 4 340 årsverk. Det gir ein auke på 2,2 prosent frå 2013 og ein vekst på over 11 prosent frå 2010. Målt som årsverk per 1 000 innbyggjarar var veksten i årsverk for legar i kommunehelsetenesta på om lag 1 prosent frå 2013 til 2014.

Grunnlagstala viser elles at det har vore ein vekst i avtalte legeårsverk i institusjon frå 502 årsverk i 2013 til 533 året etter, noko som svarer til ein auke på 6 prosent. Grunnlagstala viser òg at talet på legeårsverk til anna førebyggjande helsearbeid, i den same perioden har halde seg nokså stabilt. Det same gjeld legeårsverk som gjekk med til helsestasjons- og skulehelsetenesta.

Flest fulltidsheimlar for private fysioterapeutar

Det totale talet på årsverk for fysioterapeutar i kommunehelsetenesta aukar stadig. I 2014 var det i alt 4 596 fysioterapeutårsverk i kommunane, og det gir ein vekst på 1,3 prosent frå 2013 og 7,2 prosent frå 2010. For fysioterapeutar går 80 prosent av årsverka med til diagnostisering, behandling, rehabilitering og habilitering. I 2014 var det 3 746 årsverk som blei nytta til slike oppgåver, noko som er ein auke på snautt 0,8 prosent frå 2013 og 8,1 prosent frå 2010. 

Talet på årsverk av fysioterapeutar som gjekk med til anna førebyggjande helsearbeid og arbeid i institusjon, har begge auka sidan 2013. Medan 439 årsverk gjekk med til institusjon, var det 146 årsverk til førebyggjande helsearbeid. Dette er ein auke på høvesvis 1,1 og 10,8 prosent. 

Private fysioterapeutar med driftsavtalar står for tre av fem fysioterapiårsverk i kommunehelsetenesta. Det finst avtalar om både fulltids- og deltidsheimlar mellom private fysioterapeutar og kommunane. Av det totale talet på avtaleheimlar i 2014 var om lag 51 prosent fulltidsheimlar (1 712 heimlar) medan 49 prosent var deltidsheimlar (1 648 heimlar). 2014 er dermed første året det er registrert fleire avtalar med fulltidsheimlar enn avtalar med deltidsheimlar.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB