172322
/helse/statistikker/helsetjko/aar
172322
Nær 14 milliardar til kommunehelsetenester
statistikk
2014-07-03T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
helsetjko, Kommunehelsetenesta, kommunale helsetenester, driftsutgifter, helsestasjonar, skolehelsetenesten, helsekontroll, helsepersonell (for eksempel fysioterapeutar, helsesystrer, jordmødrer), sykehjemsbebuararHelsetjenester, KOSTRA, Helse, Offentlig sektor
false

Kommunehelsetenesta2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nær 14 milliardar til kommunehelsetenester

I 2013 blei det brukt i underkant av 14 milliardar kroner på kommunehelsetenester. Dette er ein auke på 6,6 prosent frå 2012. Det meste av utgiftene i 2013 gjekk, som tidlegare år, med til diagnostisering, behandling, rehabilitering og habilitering ute i kommunane.

Kommunehelsetenesta, nøkkeltal
201320132012 - 20132009 - 2013
Absolutte talPer 10 000 innbyggjararProsentvis endring1Prosentvis endring1
1Prosentvis endring er berekna frå absolutte tal.
Legeårsverk i kommunehelsetenesta5 196,810,23,512,1
Fysioterapeutårsverk i kommunehelsetenesta4 535,48,92,47,5
Absolutte talPer innbyggarProsentvis endring1Prosentvis endring1
Brutto driftsutgifter kommunehelsetenesta totalt (1 000 kroner)13 851 3632 711,16,631,3
Brutto driftsutgifter. Førebyggjande arbeid, helse, konsern (1 000 kroner)1 153 939225,910,743,1
Brutto driftsutgifter. Diagnose, behandling, re-/habilitering konsern (1 000 kroner)9 903 4861 938,46,829,8
Absolutte talPer 10 000 innbyggjarar 0-20 årProsentvis endring1Prosentvis endring1
Brutto driftsutgifter. Førebygging, helsestasjons- og skulehelseteneste, konsern (1 000 kroner)2 793 9382 112,34,432,1
Årsverk i helsestasjons- og skulehelsetenesta4 217,231,9-1,4..

Det har vore ein relativt jamn vekst i brutto driftsutgifter til kommunehelsetenester gjennom fleire år, og oppgangen heldt fram frå 2012 til 2013. I 2013 utgjorde dei totale brutto driftsutgiftene 13,9 milliardar kroner, som tilsvarer ein auke på 6,6 prosent frå 2012 og ein utgiftsvekst på 31,3 prosent i den siste femårsperioden, 2009-2013.

Auka utgifter over tid på alle område i kommunehelsetenesta

Det er diagnostisering, behandling, rehabilitering og habilitering som representerer den største utgiftsposten innanfor kommunehelsetenesta. I 2013 var utgiftene til desse føremåla nesten 10 milliardar kroner, og utgiftene har auka med 6,8 prosent frå 2012.

Utgiftene i kommunane til førebygging i helsestasjons- og skulehelseteneste kom på om lag 2,8 milliardar kroner i 2013. Dette tilseier ein auke på 4,4 prosent frå 2012. Dei kommunale utgiftene til anna førebyggjande helsearbeid enda på om lag 1,2 milliardar kroner i 2013 og har auka med 10,7 prosent frå 2012.

Samhandlingsreforma påverkar dei samla utgiftene

Med samhandlingsreforma i helsetenestene, som blei innført frå og med 1. januar 2012, blei det òg gjort nokre organisatoriske og finansielle endringar i tenestene. Kommunehelsetenester og pleie- og omsorgstenester utgjer det som i offentlege lov- og styringsdokument no blir omtala som kommunale helse- og omsorgstenester, og utgiftene til kommunehelsetenester burde difor sjåast i samanheng med pleie- og omsorgstenestene i kommunane.

Dei totale utgiftene til kommunale helse- og omsorgstenester (kommunehelsetenester og pleie- og omsorgstenester) var på tilnærma 114 milliardar kroner i 2013, som er 5 prosent meir enn i 2012. I desse utgiftene inngår blant anna kommunal medfinansiering av somatiske tenester i spesialisthelsetenesta som var eit av dei økonomiske verkemidla som blei innførte for å oppnå måla i samhandlingsreforma. Desse utgiftene var på om lag 5,3 milliardar kroner i 2013 og har auka med 2,6 prosent sidan 2012. Kommunal medfinansiering av somatiske tenester i spesialisthelsetenesta er elles vedtatt avslutta frå og med 2015.

Kommunal betaling for utskrivingsklare sjukehuspasientar er ein annan type utgifter som er komne inn med samhandlingsreforma. Desse betalingane inngår i utgifter til helse- og omsorgstenester i institusjon  og er difor vanskelegare å talfeste eksakt. Desse utgiftene utgjorde totalt over 39 milliardar kroner i 2013, og det kan vere grunn til å tru at i alle fall ein mindre del av utgiftsutviklinga frå 2011 via 2012 til 2013 til dels heng saman med utviklinga i betalingsansvaret til kommunane for utskrivingsklare pasientar.

Kommunale utgifter til tilbod om døgnopphald for personar med behov for akutthjelp er ein tredje type utgifter som er direkte knytt til samhandlingsreforma. I 2013 utgjorde desse utgiftene i overkant av 208 millionar kroner, noko som er langt høgare enn dei nær 40 millionar kronene som blei ført opp i 2012. Det er grunn til å forvente at dei vil stige ytterlegare i tida fram til den lovpålagte oppgåva trer i kraft frå og med 2016.

Auke i fullførte helsekontrollar på helsestasjon

Det er stadig slik at dei aller fleste born i Noreg fullfører helsekontrollar ved helsestasjonane i kommunane etter programmet til helsemyndigheitene. Det kan dessutan sjå ut til at trenden dei seinare åra med ein liten reduksjon i delen born som har fullført helseundersøking, har snudd for alle aldersgruppene. Tendensen til at delen born som har fullført undersøking, er høgast for spedborn og går eintydig ned med stigande alder, held fram i 2013.

I 2013 var det til dømes 98 prosent blant spedborn som gjennomførte kontrollen innan den åttande leveveka, medan delen var 91 prosent blant dei som fullførte kontrollen innan utgangen av første skuletrinn. Delen nyfødde som har hatt heimebesøk innan to veker etter at dei kom heim, har auka frå 79 prosent i 2012 til 81 prosent i 2013.

Auka tal på fastlegeavtalar

Talet på fastlegeavtalar som blir inngått mellom kommunar og legar, held fram å stige. I 2013 var det i alt 4 407 avtalar, som gir ein auke på 2,5 prosent frå 2012 og 8,4 prosent i den siste femårsperioden. Talet på opne fastlegelister med rom for fleire pasientar gjekk òg opp frå 1 719 i 2012 til 1 836 i 2013, som representerer ein vekst på 6,8 prosent. Når det gjeld talet på fastlegelister utan lege, altså lister som er ubemanna, og talet på pasientar på slike lister, viser fastlegeregisteret at det er ein reduksjon frå 2012 til 2013. I sum kan utviklinga i perioden tyde på at fastlegetilbodet er styrka på landsnivå.

Fastlegar brukar færre timar til offentleg legearbeid

Tendensen til at fastlegane bruker stadig færre timar per veke til andre allmennlegeoppgåver i kommunane – det vil seie til offentleg legearbeid - heldt òg fram i 2013. Dette året brukte legane i underkant av 304 årsverk på slike oppgåver, som gir ein reduksjon på om lag 3 prosent (8 årsverk) frå 2012 og ein nedgang på nær 15 prosent (52 årsverk) dei siste fem åra.

Dei fleste fastlegar som er innvandrarar kjem frå Norden eller EU/EØS-området

Ved utgangen av 2013 var det 4 386 praktiserande fastlegar i Noreg. 21 prosent av desse var innvandrarar. Om lag halvparten av fastlegane som er innvandrar, kjem frå Norden eller EU/EØS-området, og Tyskland er fødelandet som er best representert med 125 fastlegar. Danmark følgjer deretter med 111.

To av fem praktiserande fastlegar er kvinner. Medan 42 prosent av kvinnene blant fastlegar som er innvandrarar, kjem frå EU/EØS utanom Norden, gjaldt det berre 22 prosent av dei mannlege. Blant menn er 41 prosent av fastlegar som er innvandrarar frå Asia (flest), Afrika og Latin-Amerika. For kvinner utgjorde denne landgruppa 23 prosent.

Fleire legeårsverk

Det totale talet på årsverk for legar i kommunehelsetenesta inklusive fastlegeårsverk aukar framleis. I 2013 var det i alt 5 197 avtalte legeårsverk i kommunane. Dette inneber ein auke på 3,5 prosent frå 2012 og 12 prosent frå 2009. Avtalte legeårsverk er særleg knytte til diagnostisering, behandling, rehabilitering og habilitering, og i 2013 summerte desse seg til 4 246 årsverk. Det gir ein auke på 3,7 prosent frå 2012 og ein vekst på over 11 prosent frå 2009. Målt som årsverk per 1 000 innbyggarar, og dermed kontrollert for befolkningstal, var veksten i årsverk for legar i kommunehelsetenesta på 2,3 prosent frå 2012 til 2013.

Grunnlagstala viser elles at det har vore ein vekst i avtalte legeårsverk i institusjon frå 472 årsverk i 2012 til 502 året etter, som svarer til ein auke på 6,4 prosent gjennom dei to siste statistikkåra. Grunnlagstala viser òg at det i den same perioden har vore ein nedgang i avtalte legeårsverk til anna førebyggjande helsearbeid frå 159 årsverk i 2012 til 151 i 2013. Dette svarer til ein reduksjon på 5 prosent. I det sistnemnde tilfellet kan det vere grunn til å sjå talet på årsverk for legar i samanheng med talet på årsverk for andre grupper av helsepersonell. Gitt tenestene og oppgåvene som sorterer under anna førebyggjande helsearbeid, er det kan hende meir relevant å sjå på utviklinga i til dømes årsverk for fysioterapeutar.

Det er elles slik at legeårsverka som går med til helsestasjons- og skulehelseteneste, held seg stabile over tid. I 2013 var det 207 avtalte legeårsverk i helsestasjons- og skulehelsetenesta, medan det til samanlikning var 206 og 210 årsverk som gjekk med til desse tenestene i høvesvis 2012 og 2009.

Fleire fysioterapeutårsverk, men flest deltidsheimlar for private fysioterapeutar

Det totale talet på årsverk for fysioterapeutar i kommunehelsetenesta aukar stadig. I 2013 var det i alt 4 535 fysioterapeutårsverk i kommunane, og det gir ein vekst på 2,4 prosent frå 2012 og 7,5 prosent frå 2009. Fysioterapiårsverka går særleg med til diagnostisering, behandling, rehabilitering og habilitering. I 2013 var det i alt 3 713 årsverk som blei nytta til slike oppgåver, noko som er ein auke på snautt 2,2 prosent frå 2012 og 6,5 prosent frå 2009.

Årsverk av fysioterapeutar som gjekk med til høvesvis anna førebyggjande helsearbeid og fysioterapeutårsverk i institusjon, har begge auka frå 2012 til 2013, med høvesvis 3 prosent og 5,4 prosent. Når det gjeld fysioterapeutårsverk til helsestasjons- og skulehelseteneste, er det ein nedgang i denne perioden. I 2013 var det i alt 192 årsverk som blei brukte, noko som representerer ein nedgang på 2,5 prosent frå 2012.

Det eksisterer avtalar om både fulltids- og deltidsheimlar mellom private fysioterapeutar og kommunane. Av det totale talet på avtaleheimlar i 2013 var om lag 48 prosent fulltidsheimlar (1 779 heimlar) medan 52 prosent var deltidsheimlar (1 631 heimlar). Frå 2012 til 2013 har talet på fulltidsheimlar auka noko, medan talet på deltidsheimlar med private fysioterapeutar held seg stabilt.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB