98828
/helse/statistikker/helsetjko/aar
98828
Om lag 13 milliardar til kommunehelsetenester
statistikk
2013-07-01T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
helsetjko, Kommunehelsetenesta, kommunale helsetenester, driftsutgifter, helsestasjonar, skolehelsetenesten, helsekontroll, helsepersonell (for eksempel fysioterapeutar, helsesystrer, jordmødrer), sykehjemsbebuararHelsetjenester, KOSTRA, Helse, Offentlig sektor
false

Kommunehelsetenesta2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Om lag 13 milliardar til kommunehelsetenester

I 2012 gjekk det med om lag 13 milliardar kroner til kommunehelsetenester. Timane fastlegar bruker på offentleg legearbeid, blir stadig færre. Det totale timetalet per veke som blir utført av legar og fysioterapeutar, aukar likevel.

Kommunehelsetenesta, nøkkeltal
201220122011 - 20122008 - 2012
Absolutte talPer 10 000 innbyggjararProsentvis endring1Prosentvis endring1
1Prosentvis endring er berekna frå absolutte tal.
Rettet 3. februar 2014.
Legeårsverk i kommunehelsetenesta5 020,29,93,810,8
Fysioterapeutårsverk i kommunehelsetenesta4 429,38,83,12,2
Absolutte talPer innbyggarProsentvis endring1Prosentvis endring1
Brutto driftsutgifter kommunhelsetenesta totalt12 989 9832 571,66,431,4
Brutto driftsutgifter. Førebyggjande arbeid, helse, konsern1 042 322206,37,936,5
Brutto driftsutgifter. Diagnose, behandling og rehabilitering, konsern9 272 5821 835,75,329,3
Absolutte talPer 10 000 innbyggjarar 0-20 årProsentvis endring1Prosentvis endring1
Brutto driftsutgifter. Førebygging, helsestasjons- og skulehelseteneste, konsern2 675 0792 026,69,636,9
Årsverk i helsestajons- og skulehelsetenesta4 278,132,42,8..

Målt i brutto driftsutgifter har det vore ein jamn auke i utgiftene til kommunehelsetenester gjennom fleire år. Auken haldt fram frå 2011 til 2012. Den største utgiftsposten i kommunehelsetenesta er knytt til diagnostisering, behandling, rehabilitering og habilitering, som blant anna inkluderer basistilskot til fastlegar, kommunale legevakter og fysioterapi. I 2012 var utgiftene til desse føremåla nesten 9,3 milliardar kroner, noko som gir ein auke på 5,3 prosent frå 2011.

Det er likevel utgiftene som går med til førebygging i form av helsestasjons- og skulehelseteneste som har auka mest frå 2011 til 2012. Dette inkluderer helsestasjon for barn og ungdom, skulehelseteneste på grunn- og vidaregåande skule, foreldrerettleiingsgrupper, anna grupperetta helsestasjonsteneste, jordmorteneste, svangerskapskontroll og barselomsorg. I 2012 var kommunane sine utgifter til helsestasjons- og skulehelseteneste i underkant av 2,7 milliardar kroner, noko som inneber ein auke på 9,6 prosent frå 2011.

Når det gjeld utgiftene til anna førebyggande helsearbeid i form av blant anna miljøretta helsevern, helsestasjon for høvesvis eldre og innvandrarar og frisklivssentralar, var desse på noko over 1 milliard kroner i 2012, og har auka med 8 prosent frå 2011.

Samhandlingsreforma og økonomiske verkemiddel påverkar utviklinga

Samhandlingsreforma i helsetenestene blei innført frå og med 1. januar 2012. Reforma inneber nokre organisatoriske endringar og økonomiske verkemiddel som blant anna gjer at utgiftene til kommunehelsetenester burde sjåast i samanheng med pleie- og omsorgstenestene i kommunane. Kommunehelsetenestene og pleie- og omsorgstenestene utgjer det som i offentlege lov- og styringsdokument blir omtala som kommunale helse- og omsorgstenester.

Dei totale utgiftene til kommunale helse- og omsorgstenester var på tilnærma 108 milliardar kroner i 2012, noko som er ein auke på 13,5 prosent frå 2011. Ein stor del av denne auken har bakgrunn i økonomiske verkemiddel som følgde med samhandlingsreforma. Det gjeld først og fremst kommunal medfinansiering av somatiske tenester i spesialisthelsetenesta, som var på over 5 milliardar kroner i 2012.

Eit anna viktig verkemiddel er kommunal betaling for utskrivingsklare sjukehuspasientar, som inngår i utgifter til helse- og omsorgstenester i institusjon. Desse utgiftene utgjorde totalt over 38 milliardar kroner i 2012, og det er grunn til å tru at noko av veksten på 8,4 prosent frå 2011 kjem på grunn av betaling for utskrivingsklare pasientar. Til sist kan òg kommunale utgifter til tilbod om døgnopphald for personar med behov for akutthjelp bli nemnd. Dette blir ei lovpålagt kommunal oppgåve frå og med 2016 som følgje av samhandlingsreforma, men allereie i 2012 utgjorde dette 52 millionar kroner.

Variasjon i fullførte helseundersøkingar på helsestasjon

Dei aller fleste små born i Noreg fullfører helsekontrollar etter programmet til helsemyndigheitene ved helsestasjonane i kommunane. Over tid har det likevel vore ein liten reduksjon i delen born som fullfører helseundersøkinga i dei fleste aldersgruppene. Det gjeld delen som har fullført helseundersøking innan utgangen av åttande leveveka, delen som har fullført ved to-tre års alder, og delen som har fullført helseundersøking ved fire års alder. Det er utelukkande delen som har fullført helseundersøking innan utgangen av første skoletrinnet, som over tid er svakt aukande.

Det er elles sånn at delen born som har fullført undersøking, held fram med å gå ned med aukande alder. I 2012 var det til dømes 96 prosent blant spedborn som gjennomførte kontrollen innan den åttande leveveka, medan delen var 90 prosent blant dei som fullførte innan utgangen av første skoletrinnet. Når det gjeld delen nyfødde som har hatt heimebesøk innan to veker etter heimkomst, ser den ut til å ha stabilisert seg dei siste åra. I 2012 nytta foreldra til fire av fem nyfødde tilbodet dei fekk om heimebesøk, noko som er same forholdstal som i 2011.

Fleire fastlegeavtalar

Det blir inngått fleire fastlegeavtalar mellom kommunar og legar over tid, medan talet på opne fastlegelister med rom for fleire pasientar går ned. Talet på fastlegeavtalar har auka frå 4 212 i 2011 til 4 298 i 2012, medan talet på opne lister er redusert frå 1 800 til 1 719 i same tidsrommet. Det er òg slik at talet på fastlegelister utan lege og talet på pasientar på fastlegeliste utan lege aukar. I 2011 var det 60 fastlegelister utan lege og 41 834 pasientar som var på slike lister, medan tala for 2012 viser ein auke til høvesvis 71 fastlegelister utan lege og 42 811 pasientar på lister utan lege.

Ein av fem fastlegar er innvandrar

Det var i alt 4 279 personar som praktiserte som fastlegar i Noreg ved utgangen av 2012. Kvart år frå 2002, som var første heile året med fastlegeordninga, har om lag 20 prosent av fastlegane vore innvandrarar. Det er likevel variasjonar etter kommunane sin sentralitet og etter kommunestørrelse.

I dei minst sentrale kommunane utgjorde fastlegar som er innvandrar 34 prosent, medan den tilsvarande delen var 18 prosent i dei sentrale kommunane. I dei minste kommunane, med færre enn 2 000 innbyggjarar, utgjorde fastlegar som er innvandrar 44 prosent, medan tilsvarande del var 17 prosent i dei største kommunane, med fleire enn 50 000 innbyggjarar. Dei fleste fastlegane som er innvandrarar, er fødde i eit land i Europa. Ved utgangen av 2012 utgjorde desse om lag 60 prosent, medan nesten 30 prosent var fødde i eit land i Asia. Det er få fastlegar som kjem frå Afrika, Nord- og Mellom-Amerika, Sør-Amerika og Oseania.

Auka bruk av fastlege, men færre timar til offentleg legearbeid

Det er stadig fleire som konsulterer fastlege i løpet av året. Tal baserte på takstbruken hos fastlegane viser at to av tre konsulterer fastlegen sin kvart år. Det er òg ein tendens over tid til at det blant dei som konsulterer fastlegen, blir fleire pasientar som har meir enn 1-2 konsultasjonar med fastlegen per år. Det er vidare slik at lågt utdanna personar konsulterer fastlege meir og hyppigare enn høgt utdanna, medan delen som ikkje går til fastlegen i det heile teke er høgare blant innvandrarar enn blant befolkninga elles.

Fastlegane bruker stadig færre timar per veke til andre allmennlegeoppgåver i kommunane (offentleg legearbeid). Her inngår til dømes legeoppgåver i helsestasjons- og skulehelsetenester og i sjukeheim, men ikkje legevakt og fengselshelsetenester. I 2012 brukte legane om lag 312 årsverk på offentleg legearbeid, noko som er ein reduksjon på om lag 7 prosent frå 2011. Samanlikningar med tal frå endå lengre tilbake viser at dette er ein tendens som har vart over tid. Til dømes er nedgangen i ressursar som går med til offentleg legearbeid, på over 24 prosent frå 2008 til 2012.

Fleire legeårsverk over tid

Det er framleis vekst i det totale talet på årsverk for legar i kommunehelsetenesta inklusive fastlegeårsverk. I 2012 var det i alt 5 020 avtalte legeårsverk i kommunane. Dette representerer ein auke på om lag 4 prosent frå 2011. Avtalte legeårsverk er særleg knytte til diagnostisering, behandling, rehabilitering og habilitering. I 2012 summerte desse seg til 4 094 årsverk, noko som er ein auke på 3,3 prosent frå 2011. Når det gjeld avtalte legeårsverk til anna førebyggande helsearbeid og legeårsverk i institusjon, har begge desse auka frå 2011 til 2012, med høvesvis 3 prosent og 10,5 prosent.

Det er ein motsett tendens for legeårsverka som går med til helsestasjons- og skulehelseteneste enn for ressursinnsatsen på andre legeoppgåver (jf òg tidlegare omtale av fastlegeverksemda i kommunane). I 2012 var det 206 avtalte legeårsverk i helsestasjons- og skulehelsetenesta, noko som inneber ein nedgang på 2 prosent frå 2011. I perioden frå 2008 til 2012 har reduksjonen vore på 4,5 prosent.

Fleire fysioterapeutårsverk, men flest deltidsheimlar for private fysioterapeutar

På same måten som med legar held veksten fram i talet på årsverk for fysioterapeutar i kommunane. I 2012 var det i alt 4 429 fysioterapeutårsverk i kommunane, noko som gir ein vekst på om lag 3 prosent frå 2011. Det er elles same trendane for fysioterapeutar som for legar når det gjeld fordelinga på ulike oppgåver i kommunane. Årsverk av fysioterapeutar går særleg med til diagnostisering, behandling, rehabilitering og habilitering. I 2012 var det i alt 3 632 årsverk som blei nytta til slike oppgåver, noko som er ein auke på snautt 3 prosent frå 2011, men om lag det same nivået som i 2008.

Når det gjeld årsverk av fysioterapeutar til anna førebyggande helsearbeid og fysioterapeutårsverk i institusjon, har begge desse auka frå 2011 til 2012, med høvesvis 11,5 prosent og 5,7 prosent. For fysioterapeutårsverk til helsestasjons- og skulehelseteneste er det ein nedgang frå 2011 til 2012. I 2012 var det i alt 197 årsverk som blei brukte, noko som representerer ein nedgang på 3,5 prosent frå 2011.

Private fysioterapeutar inngår både avtalar om fulltids- og deltidsheimlar med kommunane. Av det totale talet på avtaleheimlar i 2012 var 48,1 prosent fulltidsheimlar (1 633 heimlar) medan 51,9 prosent var deltidsheimlar (1 765 heimlar). Frå 2011 til 2012 har talet på begge typar heimlar gått ned. I 2012 hadde kommunane i alt 1 633 fulltidsheimlar og 1 765 deltidsheimlar med private fysioterapeutar, medan tilsvarande tal for 2011 var høvesvis 1 647 fulltidsheimlar og 1 820 deltidsheimlar. Av dei sistnemnde var det elles ein ganske stor nedgang i deltidsheimlar på 20-40 prosent frå 381 i 2011 til 338 i 2012, medan det var ein liten nedgang i deltidsheimlar på 40-100 prosent frå 1 439 til 1 427.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB