243870_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
243870
Nedgang i industriproduksjonen i 3. kvartal
statistikk
2016-11-07T08:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false
Produksjonsindeksen måler utviklingen i verdiskaping i olje og gass, industri, bergverk og kraft. Industriproduksjonen gikk ned 1,7 prosent i 3. kvartal 2016.

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningseptember 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i industriproduksjonen i 3. kvartal

Norsk industriproduksjon falt med 1,7 prosent i 3. kvartal 2016, samanlikna med 2. kvartal 2016. Framleis er det næringar nært knytt til oljesektoren som bidreg mest til nedgangen. Etter eit betydeleg fall i august, ser vi no ein oppgang frå august til september.

Produksjonsindeks. Prosentvis endring og vekter
SesongjustertKalenderjustert1Vekter2
Månadsendring3-månadsendring12-månadsendring
September 2016 / August 2016Juli 2016 - September 2016 / April 2016 - Juni 2016September 2016 / September 2015
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året.
Utvinning, bergverk, industri og kraft-5,6-3,9-12,4100,0
Utvinning og utvinningstjenester-10,1-5,3-18,271,4
Bergverksdrift-3,512,38,40,5
 
Industri2,2-1,7-5,623,1
Nærings-, drikkevare og tob.ind.-1,61,3-2,04,7
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri-10,43,88,12,4
Metallindustri-1,2-0,50,01,2
Maskinindustri8,5-8,9-20,73,0
Bygging av skip og oljeplattformer12,0-8,8-7,41,8
 
Kraftforsyning-0,9-3,9-6,04,9

Indeksnivået for industriproduksjonen var på 112,3 (2005=100) i 3. kvartal 2016 mot 114,2 i 2. kvartal. 

Tremånadersendring: Nedgangen i petroleumsretta leverandørindustri er framleis dominerande

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein nedgang på 1,7 prosent i 3. kvartal 2016 samanlikna med 2. kvartal 2016. Framleis er det den petroleumsretta leverandørindustrien som bidreg mest til dette, med ein nedgang på heile 6,3 prosent i same periode. Størst var nedgangen blant følgjande næringar, som alle har brorparten av sin verdiskapning knytt til dette aggregatet: 

  • maskinindustri: -8,9 prosent
  • bygging av skip og oljeplattformer: -8,8 prosent
  • maskinreparasjon og -installasjon: -8,6 prosent 

Konjunkturbarometeret for industri og bergverk viste ei tilsvarande utvikling for industriproduksjon i 3. kvartal 2016. Dei same tre næringane vart her òg trekt fram som dei som bidrog mest til nedgangen i industrien i 3. kvartal. Låge investeringar i olje- og gassnæringa pregar framleis aktiviteten i desse næringane. For meir om aggregatet petroleumsretta leverandørindustri, sjå eigen vedleggsboks. 

Næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk farmasøytisk industri bidrog til å dempe den samla nedgangen i industrien i 3. kvartal, samanlikna med det føregåande. Dette kan knytas til høg produksjon av farmasøytiske produkt. 

Månadsendring: auke i produksjonen frå august til september 2016

Sesongjusterte tal viser ein auke i industriproduksjonen på 2,2 prosent frå august til september 2016, etter ein tydeleg nedgang frå juli til august. Fleire næringar viser ein vekst frå august til september, men dei største bidraga til den samla veksten i industrien kjem frå næringane maskinindustri, bygging av skip og oljeplattformer, samt data og elektrisk utstyrsindustri. 

På månadsbasis bidrog næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk farmasøytisk industri og nærings-, drikkevare- og tobakksindustri til å dempe den samla oppgangen. Nedgangen i førstnemnte kan knytes til revisjonsstans hos nokre toneangivande aktørar innan denne næringsgruppa. 

Tolvmånadersendring: tydeleg nedgang i Noreg mot ein auke i eurosona i august 2016

Kalenderjusterte tal viser at norsk industriproduksjon gjekk ned heile 7,5 prosent frå august 2015 til august 2016. Maskinindustrien bidrog mest til denne nedgangen, saman med maskinreparasjon og -installasjon. Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at industriproduksjonen i land i eurosona auka med 2 prosent i den same perioden. 

Tremånadersendring: fall i den samla produksjonsindeksen

Sesongjusterte tal viser at produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) fall med 3,9 prosent i 3. kvartal 2016, samanlikna med førre kvartal. Utvinning av råolje gjekk opp 1,1 prosent, medan utvinning av gass hadde ein tydeleg nedgang på 14,1 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i september 2016 sjå pressemelding frå Oljedirektoratet

Aktiviteten i utvinningstenester fall med 3,2 prosent i 3. kvartal 2016 samanlikna med kvartalet før. Norsk kraftforsyning hadde på si side ein nedgang på 3,9 prosent i den same perioden, medan bergverksdrift hadde ein oppgang på 12,3 prosent.

Nye indikatorar for leverandørindustrienÅpne og lesLukk

Det er etablert nye indikatorar for petroleumsretta leverandørindustri i statistikkbanken. Desse indikatorane byggjer på den analytiske grupperinga som blei presentert i artikkelen Sterk vekst for leverandørindustri og utvinningstenester 2010-2013. Dei tre analytiske grupperingane som vil bli publiserte månadleg, er: 

  • Petroleumsretta leverandørindustri og utvinningstenester
  • Petroleumsretta leverandørindustri (berre leverandørnæringar dekte av næringshovudområde C Industri)
  • Industri unntatt petroleumsretta leverandørindustri 

Ei nærare forklaring av næringar som er dekte av grupperingane, finn ein i artikkelen nemnd ovanfor.