201408_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
201408
Industrinedgang i alle fire kvartala i 2015
statistikk
2016-02-05T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false
Produksjonsindeksen måler utviklingen i verdiskaping i olje og gass, industri, bergverk og kraft. Industriproduksjonen gikk ned 0,3 prosent fra nov. til des. 2015.

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningdesember 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Industrinedgang i alle fire kvartala i 2015

Samanlikna med 3. kvartal gjekk industriproduksjonen i 4. kvartal 2015 ned 1,4 prosent, viser sesongjusterte tal. Dermed har det vore nedgang i industriproduksjonen i alle kvartala i fjor. På månadsbasis, frå november til desember 2015, var det òg ein liten nedgang på 0,3 prosent.

Produksjonsindeks. Prosentvis endring og vekter
SesongjustertKalenderjustert1Vekter2
Månadsendring3-månadsendring12-månadsendring
Desember 2015 / November 2015Oktober 2015 - Desember 2015 / Juli 2015 - September 2015Desember 2015 / Desember 2014
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året.
Utvinning, bergverk, industri og kraft-0,9-3,2-2,0100,0
Utvinning og utvinningstjenester-0,9-4,00,571,8
Bergverksdrift-4,4-10,8-18,50,6
 
Industri-0,3-1,4-7,722,1
Nærings-, drikkevare og tob.ind.1,11,02,74,3
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri9,50,815,22,0
Metallindustri-5,70,4-10,50,9
Maskinindustri-0,2-1,6-13,12,9
Bygging av skip og oljeplattformer-5,3-4,4-27,72,3
 
Kraftforsyning-3,0-1,5-3,55,5

Indeksnivået for industriproduksjonen var på 115,9 (2005= 100) i 4. kvartal 2015, mot 117,6 i 3. kvartal. Dette er det lågaste nivået i eit kvartal sidan 2. kvartal 2012.

Tremånadsendring: Nedgang i oljerelatert industri

Sesongjusterte tal viser eit fall i industriproduksjonen på 1,4 prosent i 4. kvartal 2015 samanlikna med 3. kvartal. Nok ein gong er det låg produksjon blant leverandørar til olje- og gassektoren som forklarar mykje av nedgangen. Denne kjem særleg innanfor næringane maskinreparasjon og -installasjon i tillegg til bygging av skip og oljeplattformer. Produksjonen i desse næringane fall med høvesvis 9,7 og 4,4 prosent frå 3. til 4. kvartal og er sterkt knyta til den reduserte investeringsaktiviteten i norsk olje- og gassektor. Dette har mellom anna ført til permitteringar og ein tydeleg nedgang i bruken av innleigd arbeidskraft. I den same perioden var det òg ein produksjonsnedgang i maskinindustrien.

Næringsmiddel- og drikkevareindustri var saman med papir- og papirvareindustri blant dei få næringane som hadde produksjonsauke frå 3. til 4. kvartal i 2015. Dei bidrog slik til å dempe det samla fallet i norsk industriproduksjon.

Årsendring: Klår nedgang i industriproduksjonen i 2015

Kalenderjusterte tal viser ei årsendring for industriproduksjonen på -3,5 prosent frå 2014 til 2015. Statistisk sentralbyrå vil tysdag 23. februar publisere ein eigen årsartikkel om den samla industriproduksjonen i 2015.

Månadsendring: Moderat fall frå november til desember 2015

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen frå november til desember 2015 hadde ein liten nedgang på 0,3 prosent. Fallet kjem mellom anna frå næringane bygging av skip og oljeplattformer og metallindustrien. Samstundes var det ein forholdsvis tydeleg oppgang i næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri. Dette heng mellom anna saman med høg produksjon av kjemiske råvarer i desember.

Tolvmånadsendring: Tydeleg fall i Noreg mot vekst i eurosona i november 2015

Frå november 2014 til november 2015 gjekk norsk industriproduksjon ned 6,6 prosent, ifølgje kalenderjusterte tal. Bygging av skip og oljeplattformer bidrog saman med maskinindustrien mest til nedgangen. Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at industriproduksjonen i land i eurosona auka med 1,6 prosent i den same perioden.

Tremånadsendring: Tydeleg nedgang i den samla produksjonsindeksen (PII)

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) fall heile 3,2 prosent i 4. kvartal i 2015 samanlikna med 3. kvartal, ifølgje sesongjusterte tal. Utvinninga av råolje var uendra, medan produksjon av naturgass gjekk ned 8,7 prosent. Det er nedgangen i naturgassproduksjonen som veg mest i fallet i PII i 4. kvartal 2015. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i desember 2015 sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Innanfor utvinningstenester var det ein nedgang i produksjonen på heile 9,0 prosent frå 3. til 4. kvartal 2015. Verksemdene innanfor denne næringa leverer tenester til olje- og gassektoren, og produksjonsnedgangen har sterk samanheng med den lågare investeringsaktiviteten i denne sektoren.

Sesongjusterte tal viser at norsk kraftforsyning hadde ein nedgang i produksjonen på 1,5 prosent frå 3. til 4. kvartal 2015, medan produksjonen i bergverksdrift fall kraftig med heile 10,8 prosent.

Tal for utvinningstenester finst i StatistikkbankenÅpne og lesLukk

Frå og med publiseringa for oktober 2015 vil tal for utvinningstenester bli publiserte. Utvinningstenester er i samsvar med SN 2007 grupperte under næringshovudområdet B Bergverksdrift og utvinning. Verksemda innanfor næringa leverer mellom anna tenester knyta til boring av leite-, avgrenings- og produksjonsbrønnar, og andre tenester knyta til aktivitet offshore som mellom anna installering av flytande og faste konstruksjonar over og under havflata. Tidsserien er frå og med år 2010. Næringa har alltid vore inkludert i aggregatet Utvinning og utvinningstenester, men no vil tidsserien og bli publisert med eige tal i Statistikkbanken og tabellar.