201390
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
201390
Framleis markert nedgang i industriproduksjonen
statistikk
2015-10-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer;Energi og industri
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerOlje og gass, Energi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Energi og industri
false
Produksjonsindeksen måler utviklingen i verdiskaping i olje og gass, industri, bergverk og kraft. Industriproduksjonen gikk ned 0,4 prosent fra juli til august 2015.

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningaugust 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis markert nedgang i industriproduksjonen

Produksjonen i norsk industri gjekk ned heile 3,7 prosent i perioden juni-august 2015 samanlikna med tremånadsperioden før, viser sesongjusterte tal. Nok ein gong er det lågare produksjon i olje- og gassrelatert industri som forklarar nedgangen. Frå juli til august 2015 var nedgangen 0,4 prosent.

Produksjonsindeks. Prosentvis endring og vekter
SesongjustertKalenderjustert1Vekter2
Månadsendring3-månadsendring12-månadsendring
August 2015 / Juli 2015Juni 2015 - August 2015 / Mars 2015 - Mai 2015August 2015 / August 2014
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året.
Utvinning, bergverk, industri og kraft1,72,83,1100,0
Utvinning og utvinningstjenester2,96,39,371,8
Bergverksdrift0,13,0-0,60,6
 
Industri-0,4-3,7-7,422,1
Nærings-, drikkevare og tob.ind.-0,5-1,6-2,14,3
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri3,82,08,02,0
Metallindustri5,23,0-3,40,9
Maskinindustri-2,4-7,5-11,22,9
Bygging av skip og oljeplattformer-1,5-12,1-30,02,3
 
Kraftforsyning1,50,69,45,5

Indeksnivået for industriproduksjonen var på 118,2 (2005= 100) i perioden juni-august 2015, mot 122,8 i tremånadsperioden før.

Tremånadsendring: Bygging av skip og oljeplattformer fortset nedgangen

Sesongjusterte tal viser eit markert fall i industriproduksjonen på 3,7 prosent i perioden juni-august 2015 samanlikna med den føregåande tremånadsperioden. Nedgangen kan knytast til ein vedvarande låg produksjon blant leverandørar til olje- og gassektoren, særleg innanfor næringa bygging av skip og oljeplattformer. Her sank produksjonen med heile 12,1 prosent. Andre petroleumsrelaterte næringar hadde òg eit tydeleg fall i den same perioden:

  • Maskinindustri
  • Dataindustri og elektrisk utstyrsindustri
  • Metallvareindustri

Lågare investeringsaktivitet i olje- og gassektoren forklarar mykje av nedgangen i dei petroleumsrelaterte næringane, som mellom anna har gitt ein tydeleg nedgang i bruken av innleigd arbeidskraft. På den andre sida var det ein liten produksjonsauke i metallindustrien og i næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri i den same perioden.

Månadsendring: Beskjeden nedgang frå juli til august 2015

Industriproduksjonen hadde ein beskjeden nedgang på 0,4 prosent frå juli til august 2015, viser sesongjusterte tal. Dei største bidraga til nedgangen kjem frå maskinreparasjon og -installasjon, maskinindustrien og kjemiske råvarer. Samstundes var det ein kraftig auke i produksjonen innanfor trelast- og trevareindustri. Veksten fordeler seg nokså jamt mellom produsentane i denne næringa. Auken må også sjåast i samanheng med den særs låge produksjonen i juli. Næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri hadde også produksjonsauke i den same perioden.

Tolvmånadsendring: Norsk juli-fall mot vekst i eurosona

Frå juli 2014 til juli 2015 gjekk norsk industriproduksjon ned heile 6,1 prosent, ifølgje kalenderjusterte tal. Bygging av skip og oljeplattformer bidrog mest til nedgangen. Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at industriproduksjonen i land i eurosona auka med 1,6 prosent i den same perioden.

Tremånadsendring: Liten auke i den samla produksjonsindeksen (PII)

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) gjekk opp 2,8 prosent i perioden juni-august 2015 samanlikna med tremånadsperioden før, viser sesongjusterte tal. Utvinninga av råolje voks med 4,2 prosent, medan produksjonen av naturgass auka med 13,4 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i august 2015 sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Produksjonen i norsk kraftforsyning hadde ein beskjeden oppgang på 0,6 prosent i perioden juni-august 2015 samanlikna med tremånadsperioden før, viser sesongjusterte tal.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB