201386
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
201386
Markert nedgang i industriproduksjonen i somar
statistikk
2015-09-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false
Produksjonsindeksen måler utviklingen i verdiskaping i olje og gass, industri, bergverk og kraft. Industriproduksjonen gikk ned 1,6 prosent fra juni til juli 2015.

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningjuli 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Markert nedgang i industriproduksjonen i somar

Produksjonen i norsk industri gjekk ned heile 3,8 prosent i perioden mai-juli 2015 samanlikna med tremånadsperioden før, viser sesongjusterte tal. Lågare produksjon innanfor olje- og gassrelatert industri forklarar nedgangen. Frå juni til juli 2015 var det òg eit fall, på 1,6 prosent.

Produksjonsindeks. Prosentvis endring og vekter
SesongjustertKalenderjustert1Vekter2
Månadsendring3-månadsendring12-månadsendring
Juli 2015 / Juni 2015Mai 2015 - Juli 2015 / Februar 2015 - April 2015Juli 2015 / Juli 2014
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året.
Utvinning, bergverk, industri og kraft-1,50,62,8100,0
Utvinning og utvinningstjenester-1,22,86,671,8
Bergverksdrift4,3-1,33,80,6
 
Industri-1,6-3,8-6,022,1
Nærings-, drikkevare og tob.ind.0,8-1,0-1,04,3
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri-7,6-0,5-4,82,0
Metallindustri-3,3-0,1-8,50,9
Maskinindustri-2,9-4,5-9,12,9
Bygging av skip og oljeplattformer-2,6-12,9-24,82,3
 
Kraftforsyning-5,31,00,35,5

Indeksnivået for industriproduksjonen var på 119,2 (2005= 100) i perioden mai-juli 2015, mot 123,9 i tremånadsperioden før.

Tremånadsendring: Kraftig nedgang innanfor bygging av skip og oljeplattformer

Sesongjusterte tal viser eit markert fall i industriproduksjonen på 3,8 prosent i perioden mai-juli 2015 samanlikna med tremånadsperioden før. Nedgangen kan knytast til svært låg produksjon blant leverandørar til olje- og gassektoren, og særleg innanfor næringa bygging av skip og oljeplattformer. Her fall produksjonen med heile 12,9 prosent, og aktivitetsnivået er no på sitt lågaste sidan 2. kvartal 2012. Andre petroleumsrelaterte næringar hadde òg eit tydeleg fall i den same perioden:

  • Metallvareindustri
  • Maskinindustri
  • Dataindustri og elektrisk utstyrsindustri

Nedgangen i dei petroleumsrelaterte næringane kan særleg knytast til redusert investeringsaktivitet i olje- og gassektoren, som mellom anna har gitt ein tydeleg nedgang i bruken av innleigd arbeidskraft.

På den andre sida registrerte næringar som kjemiske råvarer og ikkje-jarnhaldige metall ein liten produksjonsauke i det same tidsrommet.

Månadsendring: Fall frå juni til juli 2015

Industriproduksjonen gjekk ned med 1,6 prosent frå juni til juli, viser sesongjusterte tal. Dei største bidraga til nedgangen kjem frå næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri, i tillegg til dataindustri og elektrisk utstyrsindustri. Samstundes var det ein auke i produksjonen innanfor maskinreparasjon og -installasjon. Veksten i denne næringa kan knytast til høgt aktivitetsnivå blant nokre store produsentar.

Tolvmånadsendring: Norsk juni-fall mot vekst i eurosona

Frå juni 2014 til juni 2015 gjekk norsk industriproduksjon ned 3,8 prosent, ifølgje kalenderjusterte tal. Bygging av skip og oljeplattformer bidrog saman med metallvareindustrien mest til nedgangen. Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at industriproduksjonen i land i eurosona auka med 1,4 prosent i den same perioden.

Tremånadsendring: Liten auke i den samla produksjonsindeksen (PII)

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) gjekk opp 0,6 prosent i perioden mai-juli 2015 samanlikna med tremånadsperioden før, viser sesongjusterte tal. Utvinninga av råolje voks med 2,8 prosent, medan produksjonen av naturgass auka med 5 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i juli 2015 sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Produksjonen i norsk kraftforsyning hadde ein beskjeden oppgang på 1,0 prosent i perioden mai-juli 2015 samanlikna med tremånadsperioden før, viser sesongjusterte tal.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB