140213_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
140213
Vekst i industriproduksjonen i 2014
statistikk
2015-02-06T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false
Produksjonsindeksen måler utviklingen i verdiskapning i olje og gass, industri bergverk og kraft. Industriproduksjonen gikk opp 1,3 prosent fra november til desember 2014.

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningdesember 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Vekst i industriproduksjonen i 2014

Frå 2013 til 2014 gjekk industriproduksjonen opp med 3,3 prosent, viser kalenderjustere tal. Sesongjusterte tal viser at produksjonen i norsk industri auka med 0,9 prosent frå 3. til 4. kvartal 2014, medan det var ein oppgang på 1,3 prosent frå november til desember.

Produksjonsindeks. Prosentvis endring og vekter
SesongjustertKalenderjustert1Vekter2
Månadsendring3-månadsendring12-månadsendring
Desember 2014 / November 2014Oktober 2014 - Desember 2014 / Juli 2014 - September 2014Desember 2014 / Desember 2013
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året.
Utvinning, bergverk, industri og kraft0,31,63,5100,0
Utvinning og utvinningstjenester0,01,91,771,9
Bergverksdrift-0,6-2,413,10,6
 
Industri1,30,94,422,7
Nærings-, drikkevare og tob.ind.0,4-0,53,54,1
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri0,7-3,7-2,22,0
Metallindustri1,81,33,91,1
Maskinindustri2,52,613,33,2
Bygging av skip og oljeplattformer-3,1-2,63,12,4
 
Kraftforsyning-0,73,89,84,8

Årsauken på 3,3 prosent for norsk industriproduksjon hang mellom anna saman med ein markert oppgang i bygging av skip og oljeplattformer og i maskinindustrien. Innanfor bygging av skip og oljeplattformer var veksten særskild sterk i første del av andre halvår. Det var elles ein auke i næringsmiddelindustrien som særleg hang saman med større produksjon av fisk og fiskevarer i tillegg til fôrvarer. Høg internasjonal etterspurnad etter laks forklarar mykje av veksten innanfor fisk og fiskevarer. For fleire detaljer om årsauken sjå tabell 7.

Tremånaderssendring: Auke i industriproduksjonen frå 3. til 4. kvartal 2014

Veksten i industriproduksjonen var på 0,9 prosent frå 3. til 4. kvartal 2014, viser sesongjusterte tal Det var ein oppgang for næringar som metallvareindustri, maskinindustri og for maskinreparasjon- og installasjon. Innanfor maskinreparasjon- og installasjon hang veksten i 4. kvartal saman med stor oppdragsmengde hos nokre viktige aktørar. Maskinindustrien held også oppe eit høgt aktivitetsnivå i 4. kvartal, og har sidan 2005 hatt ein oppgang på 131 prosent.

På den andre sida var det ein nedgang i næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri frå 3. til 4. kvartal. Dette hang mellom anna saman med stans i samband med vedlikehald hos viktige produsentar. Det var òg ein nedgang innanfor bygging av skip og oljeplattformer, der nedgangen kom etter ein særleg høg aktivitet i 3. kvartal. Produksjonen i denne næringa låg like fult på eit høgt nivå i 4. kvartal 2014.

Månadsendring: Oppgang i maskinindustrien frå november til desember

Det var oppgang for næringar som kjemiske råvarer, i maskinindustrien og for maskinreparasjon- og installasjon frå november til desember 2014. Innanfor kjemiske råvarer, som er ein del av næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri, kom veksten etter stans grunna vedlikehald hos viktige produsentar i månaden før. Det var samstundes ein nedgang innanfor bygging av skip og oljeplattformer.

Tolvmånaderssendring: Sterkare vekst i Noreg enn i eurosona i november 2014

Norsk industriproduksjon gjekk opp med 4 prosent frå november 2013 til november året etter, viser kalenderjusterte tal. Maskinindustrien og bygging av skip og oljeplattformer medverka særskild til oppgangen. Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at industriproduksjonen i land i eurosona auka med 0,3 prosent i den same perioden.

Tremånadersendring: Vekst i produksjonsindeksen samla (PII)

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) gjekk opp med 1,6 prosent frå 3. til 4. kvartal 2014, viser sesongjusterte tal. Utvinninga av råolje fall med 4,2 prosent, medan produksjonen av naturgass auka med 8,5 prosent. For fleire detaljer om olje- og gassproduksjonen i desember 2014 sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Produksjonen i norsk kraftforsyning auka med 3,8 prosent frå 3. til 4. kvartal 2014, viser sesongjusterte tal.

Frå 2013 til 2014: Oppgang for produksjonsindeksen samla (PII)

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein årsauke på 3,6 prosent frå 2013 til 2014, viser kalenderjusterte tal. Det var vekst i produksjonen i alle hovudnæringane frå 2013 til 2014.