140235_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
140235
Liten nedgang i industriproduksjonen
statistikk
2015-01-08T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false
Produksjonsindeksen måler utviklinga i verdiskapning i olje og gass, industri, bergverk og kraft. Industriproduksjonen gjekk ned 0,4 prosent frå oktober til november 2014.

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningnovember 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Liten nedgang i industriproduksjonen

Produksjonen i norsk industri gjekk ned 0,4 prosent frå september til og med november 2014, samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal. På månadsbasis, frå oktober til og med november 2014, var det og ein nedgang på 0,4 prosent.

Produksjonsindeks. Prosentvis endring og vekter
SesongjustertKalenderjustert1Vekter2
Månadsendring3-månadsendring12-månadsendring
November 2014 / Oktober 2014September 2014 - November 2014 / Juni 2014 - August 2014November 2014 / November 2013
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året.
Utvinning, bergverk, industri og kraft-1,93,24,2100,0
Utvinning og utvinningstjenester-3,25,41,971,9
Bergverksdrift0,70,918,70,6
 
Industri-0,4-0,44,022,7
Nærings-, drikkevare og tob.ind.-0,5-1,12,94,1
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri-1,8-6,9-2,22,0
Metallindustri1,71,20,71,1
Maskinindustri0,62,210,03,2
Bygging av skip og oljeplattformer0,2-4,19,22,4
 
Kraftforsyning2,80,17,04,8

Indeksnivået for industriproduksjonen var på 124,5 (2005= 100) i perioden september til og med november 2014, mot 125,0 i tremånadersperioden før.

Tremånadersendring: Liten nedgang i industriproduksjon frå september til og med november

Nedgangen i industriproduksjonen var på 0,4 prosent frå september til og med november 2014, samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal. Det var ein nedgang i næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri, og innanfor gummi, plast og mineralsk industri. I oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri hang nedgangen mellom anna saman med stans for vedlikehald hos viktige produsentar. Det var og ein nedgang innanfor bygging av skip og oljeplattformer, kor nedgangen kjem etter ein særleg høg aktivitet i perioden frå juni til august. Produksjonen i denne næringa ligg trass i det på eit høgt nivå.

På den andre sida var det ein vekst i næringar som maskinindustri og metallvareindustri. Maskinindustri er ei næring som held oppe eit høgt aktivitetsnivå, og har sidan 2005 hatt ein oppgang på 127 prosent. 

Månadsendring: Nedgang i industriproduksjon frå oktober til november 2014

Det var nedgang i næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri og i gummi, plast og mineralsk industri frå oktober til november 2014, viser sesongjusterte tal. Innan kjemiske råvarer, som er ein del av oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri, kjem nedgangen delvis frå stans for vedlikehald hos viktige produsentar frå oktober til november. Det var og ein nedgang innanfor ikkje-jarnhaldige metaller på grunn av mellom anna lågare internasjonal etterspurnad.

Det var samstundes ein auke innanfor maskinreparasjon og -installasjon, og i møbel- og annan industri. Dette dempa fallet i industriproduksjonen i denne perioden. 

Tolvmånaderssendring: Sterkare vekst i Noreg enn i eurosona i oktober 2014

Norsk industriproduksjon gjekk opp med 4,6 prosent frå oktober 2013 til oktober 2014, viser kalenderjusterte tal. Maskinindustrien og bygging av skip og oljeplattformer medverka særskild til oppgangen. Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at industriproduksjonen i land i eurosona auka med 1,3 prosent i den same perioden.

Tremånadersendring: Vekst i produksjonsindeksen samla (PII)

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) gjekk opp med 3,2 prosent frå september til og med november 2014, samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal. Utvinninga av råolje voks med 1,7 prosent, medan produksjonen av naturgass auka med 10,6 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i november 2014, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Produksjonen i norsk kraftforsyning auka med 0,1 prosent frå september til og med november 2014, i høve til tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal.