140227
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
140227
Fortsatt vekst i industriproduksjonen
statistikk
2014-09-05T10:00:00.000Z
Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer;Energi og industri
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerOlje og gass, Energi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Energi og industri
false
Produksjonsindeksen måler utviklingen i verdiskapning i olje og gass, industri, bergverk og kraft. Industriproduksjonen gikk ned 0,1 prosent fra juni til juli 2014.

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningjuli 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fortsatt vekst i industriproduksjonen

Produksjonen i norsk industri gjekk opp 1,4 prosent frå mai til og med juli 2014, samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal. Frå juni til juli 2014 var industriproduksjonen om lag uendra.

Produksjonsindeks. Prosentvis endring og vekter
SesongjustertKalenderjustert1Vekter2
Månadsendring3-månadsendring12-månadsendring
Juli 2014 / Juni 2014Mai 2014 - Juli 2014 / Februar 2014 - April 2014Juli 2014 / Juli 2013
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året.
Utvinning, bergverk, industri og kraft-0,6-2,3-2,8100,0
Utvinning og utvinningstjenester-0,1-5,0-5,971,9
Bergverksdrift3,23,1-9,20,6
 
Industri-0,11,42,922,7
Nærings-, drikkevare og tob.ind.-1,31,81,14,1
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri7,10,46,12,0
Metallindustri-0,9-0,91,91,1
Maskinindustri2,43,07,13,2
Bygging av skip og oljeplattformer2,84,710,42,4
 
Kraftforsyning-6,46,25,14,8

Produksjonen i industrien var rekordhøg i perioden mai til og med juli 2014, og indeksnivået var på 123,9 (2005=100), mot 122,2 i tremånadersperioden før.

Tremånadsendring: Stor aktivitet i maskinindustri og bygging av oljeplattformer

Det var mellom anna ein auke i produksjonen i næringar som maskinindustri og bygging av skip og oljeplattformer frå mai til og med juli 2014, samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal . Desse næringane har fortsatt ein sterk vekst og har sidan 2005 hatt ein oppgang på høvesvis 120 og 119 prosent. Innanfor bygging av skip og oljeplattformer er det høge aktivitetsnivået særleg knytta til oljeplattformer og moduler. Det var vidare ein auke i næringsmiddelindustrien som særleg heng saman med ein høg produksjon av fisk og fiskevarer. Dette kan knytast til ein høg internasjonal etterspurnad etter laks.

Det var samstundes ein mindre nedgang for gummi, plast og mineralsk industri i tillegg til i metallindustrien frå mai til og med juli 2014, samanlikna med tremånadersperioden før.

Månadsendring: Tilnærma uendra industriproduksjonen frå juni til juli 2014

Det var vekst innanfor oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri samla sett i perioden juni til juli 2014, viser sesongjusterte månadstal. Veksten kom trass i ein nedgang i produksjonen av kjemiske råvarer. Det var òg produksjonsauke i maskinindustri og bygging av skip og oljeplattformer i denne perioden. På den andre sida var det ein nedgang samla sett for næringsmiddel- og drikkevareindustri, noko som kan knytast til eit fall i produksjonen av drikkevarer.

Tolvmånadsendring: Sterkare vekst i Noreg enn i eurosona i juni 2014

Norsk industriproduksjon gjekk opp med 3,2 prosent frå juni 2013 til juni 2014, viser kalenderjusterte tal . Maskinindustrien medverka saman med næringsmiddel- og drikkevareindustrien særskild til oppgangen i juni. Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk opp med 0,4 prosent i den same perioden.

Tremånadsendring: Produksjonsindeksen samla (PII) gjekk ned

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) gjekk ned med 2,3 prosent frå mai til og med juli 2014, samanlikna med perioden før, viser sesongjusterte tal. Utvinninga av råolje gjekk ned med 6,2 prosent, medan produksjonen av naturgass fall med 5,2 prosent. Frå juni til juli 2014 gjekk utvinninga av råolje opp 0,8 prosent, medan produksjonen av naturgass gjekk ned med 0,8 prosent, viser sesongjusterte tal. Det var redusert produksjon på nokre felt på norsk kontinentalsokkel på grunn av tekniske problem i juli 2014 ifølgje opplysningar frå Oljedirektoratet .

Produksjonen i norsk kraftforsyning gjekk opp med 6,2 prosent frå mai til og med juli 2014, samanlikna med tremånedersperioden før, viser sesongjusterte tal.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB