140219
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
140219
Oppgang i industriproduksjonen
statistikk
2014-05-08T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false
Produksjonsindeksen måler utviklingen i verdiskapning i olje og gass, industri, bergverk og kraft. Industriproduksjonen gikk opp 0,8 prosent fra feb. til mars 14.

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningmars 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Oppgang i industriproduksjonen

Produksjonen i norsk industri gjekk opp med 1,2 prosent i 1. kvartal 2014, samanlikna med 4. kvartal 2013, viser sesongjusterte tal. Det var ein oppgang i norsk industriproduksjon på 0,8 prosent frå februar til mars 2014.

Produksjonsindeks. Prosentvis endring og vekter
SesongjustertKalenderjustert1Vekter2
Månadsendring3-månadsendring12-månadsendring
Mars 2014 / Februar 2014Januar 2014 - Mars 2014 / Oktober 2013 - Desember 2013Mars 2014 / Mars 2013
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året.
Utvinning, bergverk, industri og kraft2,33,57,1100,0
Utvinning og utvinningstjenester2,52,67,971,9
Bergverksdrift6,43,62,50,6
 
Industri0,81,23,722,7
Nærings-, drikkevare og tob.ind.0,9-0,41,24,1
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri-1,65,7-1,62,0
Metallindustri5,2-0,78,01,1
Maskinindustri1,62,415,93,2
Bygging av skip og oljeplattformer0,02,42,82,4
 
Kraftforsyning7,15,9-1,44,8

Indeksnivået for produksjonen i industrien var 121,5 (2005=100) i 1. kvartal 2014 mot 120,1 i 4. kvartal 2013.

Tremånadsendring: Auke i industriproduksjonen

Ny vekst i maskinindustri, bygging av skip og oljeplattformer samt maskinreparasjon og –installasjon medverka til auken i industriproduksjonen i 1. kvartal 2014, viser sesongjusterte tal. Aktiviteten i maskinindustrien var rekordhøg, og det har vore ein auke i produksjonen på 113 prosent sidan 2005. Det var elles ein oppgang i produksjonen i data- og elektrisk utstyrsindustri samt metallvareindustrien i 1. kvartal 2014 samanlikna med 4. kvartal 2013. Ei viss betring i den internasjonale etterspurnaden gav grunnlag for vekst i produksjonen i kjemiske råvarer og i ikkje-jarnhaldige metall i 1. kvartal 2014 samanlikna med 4. kvartal 2013.

Produksjonen i norsk næringsmiddelindustri gjekk derimot ned med 1,4 prosent i 1. kvartal 2014 samanlikna med 4. kvartal 2013. Dette heng saman med ein lågare produksjon av fisk og fiskevarer samt fôr og fôrvarer. Det var vidare ein nedgang i produksjonen i trelast- og trevareindustrien, gummi, plast og mineralsk industri samt i møbel og annan industri i 1. kvartal 2014 samanlikna med 4. kvartal 2013.

Månadsendring: Oppgang i industriproduksjonen frå februar til mars 2014

Data- og elektrisk utstyrsindustri, maskinindustri og maskinreparasjon og –installasjon hadde ein vekst i produksjonen frå februar til mars 2014, viser sesongjusterte tal. Næringsmiddelindustri, trelast- og trevareindustri samt møbel og annan industri hadde derimot ein nedgang i produksjonen frå februar til mars 2014.

Tolvmånadsendring: Sterkare vekst i eurosona enn i Noreg i februar 2014

Norsk industriproduksjon gjekk opp med 2,1 prosent frå februar 2013 til februar 2014, viser kalenderjusterte tal. Estimerte tal frå statistikkontoret i EU (Eurostat) viser at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk opp med 3,6 prosent i den same perioden.

Tremånadsendring: Produksjonsindeksen samla (PII) gjekk opp

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) gjekk opp med 3,5 prosent i 1. kvartal 2014 samanlikna med 4. kvartal 2013, viser sesongjusterte tal. Utvinninga av råolje gjekk opp med 3,4 prosent, medan produksjonen av naturgass gjekk opp med 1,8 prosent. Frå februar til mars 2014 gjekk utvinninga av naturgass opp med 4,4 prosent medan utvinninga av råolje var uendra, viser sesongjusterte tal. Det var redusert produksjon på nokre felt på norsk kontinentalsokkel grunna tekniske problem og reparasjonsarbeid i mars 2014, viser opplysningar frå Oljedirektoratet.

Produksjonen i norsk kraftforsyning gjekk opp med 5,9 prosent i 1. kvartal 2014 samanlikna med 4. kvartal 2013, viser sesongjusterte tal.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB