90550_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
90550
Vekst i industriproduksjonen
statistikk
2012-11-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningseptember 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Vekst i industriproduksjonen

Det var ein vekst på 1,7 prosent i norsk industriproduksjon frå 2. til 3. kvartal 2012, viser sesongjusterte tal.

Det var ny klår vekst i næringar som maskinindustri og bygging av skip og oljeplattformer frå 2. til 3. kvartal 2012. Dette hang mellom anna saman med ein markert vekst i ordrereservane i desse næringane i 2. kvartal 2012 (sjå ordrestatistikk industri ) og ein kraftig auke i sysselsettinga i 3. kvartal 2012 (sjå konjunkturbarometeret ). Produksjonen i desse næringane var difor rekordhøg i denne perioden, og volumveksten har vore på over 80 prosent sidan 2005. I næringsmiddelindustrien var det ein oppgang i produksjonen på 2 prosent frå 2. til 3. kvartal 2012, viser sesongjusterte tal. Dette skjedde trass ein nedgang frå august til september, som mellom anna var grunna ein lågare produksjon av kjøt og kjøtvarer. Høg produksjon av norsk oppdrettslaks medverka til veksten i næringsmiddelindustrien frå 2. til 3. kvartal 2012. Produksjonen i ikkje-jarnhaldige metall gjekk elles ned med 6 prosent i same tidsrom grunna svikt i etterspurnaden internasjonalt med låge aluminiumsprisar i 2012.

Industri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 2001-2012

Utvalde næringar. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 2005-2012

Frå september 2011 til september 2012

Produksjonen i norsk industri gjekk opp med 2,4 prosent frå september 2011 til september 2012. Dette viser virkedagskorrigerte tal. Det var ein klår vekst i næringar som maskinindustri og bygging av skip og oljeplattformer, medan det var ein markert nedgang innanfor næringane kjemiske råvarer og ikkje-jarnhaldige metall.

Frå august til september 2012

Det var ein nedgang på 0,8 prosent i norsk industriproduksjon frå august til september 2012, viser sesongjusterte tal. Produksjonen av kjemiske råvarer og ikkje-jarnhaldige metall gjekk ned, medan det var ein auke i bygging av skip og oljeplattformer og maskinreparasjon og -installasjon.

Produksjonsindeksen for Eurosona og Noreg. Sesongjusterte tal. 2005-2012. 2005=100

Norsk industri samanlikna med eurosona

Norsk industriproduksjon auka med 5,5 prosent frå august 2011 til august 2012, viser virkedagskorrigerte tal. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk ned 2,9 prosent i same tidsrom.

Produksjonsindeksen for industrien. September 2012. Prosentvis endring
 
 Virkedagskorrigert 1Sesongjustert
     September 2011-
september 2012
    Januar 2011-september 2011-
januar 2012-september 2012
    August 2012-
september 2012
    April 2012-juni 2012-
juli 2012-september 2012
 
Totalindeksen-5,03,9-5,6-4,7
     
Utvinning og utvinningstenester-13,50,7-8,5-7,3
Industri2,42,7-0,81,7
Kraftforsyning6,721,1-5,8-9,1
     
Etter varetype    
Innsatsvarer-0,32,2-1,91,8
Investeringsvarer9,59,7-3,9
Konsumvarer2,91,0-3,21,3
Energivarer-12,72,1-9,9-8,3
 
1  Korrigert for at vekedager har ulik arbeidsintensitet og for offentlige fri- og heilagdagar i Noreg

Tolking av sesongjusterte tal

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånaders glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane, for eksempel juli til og med september 2012, mot april til og med juni 2012. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd.

Timeverk frå innleidde arbeidarar

Frå og med januar 2012 er også timeverk utført av innleidde arbeidarar tekne med i berekninga av produksjonsindeksen for industrien. Slike tal er samla inn frå og med januar 2011. Når ein tek med desse timeverka, vil det kunne føre til litt større kortsiktige svingingar for næringar som brukar stor grad av innleidde arbeidarar. Samtidig vil det gi eit meir korrekt bilde av den faktiske aktiviteten i næringar der produksjonsindeksen brukar timeverk som indikator. Innleidd arbeidskraft vil typisk kunne hentast inn på kort sikt for å ta unna oppdrag i periodar med høgkonjunktur, samtidig som denne typen arbeidskraft raskt kan takast ut av verksemda i periodar med lågkonjunktur. Næringar som bygging av skip og oljeplattformer samt maskinreparasjon og installasjon brukar i stor grad innleidd arbeidskraft i periodar med høg aktivitet.

Nye prosjekt

Nye prosjekt i næringar med timeverk som indikator blir fanga opp kontinuerleg, dersom prosjektet blir gjennomført av verksemder som er dekka av utvalet. Det er det totale talet timar som er utført i teljingsmånaden som skal rapporterast, uavhengig av kva for prosjekt timane er knytte til.

 

Tabeller

Tabeller til publiseringen