204533
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
204533
Liten reduksjon i samla sal
statistikk
2015-11-16T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false
Statistikken viser priser og salg av ulike petroleumsprodukt fordelt på kjøpegrupper per måned. I oktober 2015 ble det solgt 783 millioner liter petroleumsprodukter.

Sal av petroleumsproduktoktober 2015, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Liten reduksjon i samla sal

I oktober enda salet av alle petroleumsprodukt på 783 millionar liter, som er 6 millionar liter mindre enn i oktober 2014. For noen produkt auka salet, for andre vart det redusert.

Sal og prisar på petroleumsprodukt. Millioner liter og kroner. Førebelse tal
Oktober 2015Oktober 2014Endring i prosent
Oktober 2014 - Oktober 2015
 
Samla sal av petroleumsprodukt783789-0,8
Bilbensin99990,0
Autodiesel3473460,3
 
Autodiesel, pris12,112,8-6,0
Bilbensin, pris13,514,6-7,5

Det vart selt om lag 99 millionar liter bensin i oktober i år, det same vart salet i oktober 2014. Oktobersalet av diesel enda på 347 millionar liter. Dette er ein liten auke på om lag 1 million liter samanlikna med same månaden året før.

For dei andre petroleumsprodukta auka salet av parafinprodukta med 11 millionar liter, medan salet av tungoljer og mellomdestillat vart redusert med høvesvis 8 og 20 millionar liter.

Ein liter bensin kosta i gjennomsnitt 13,50 kroner. Dette svarar til ein prisreduksjon på 1,10 kroner frå oktober sist år og ein reduksjon på 19 øre frå september til oktober i år.

Gjennomsnittsprisen på ein liter diesel var 12,05 kroner i oktober 2015. Dette er 77 øre mindre enn i oktober 2014 og 1 øre mindre enn i september i år.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB