204529
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
204529
Auka sal av bensin og diesel
statistikk
2015-09-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false
Statistikken viser priser og salg av ulike petroleumsprodukt fordelt på kjøpegrupper per måned. I august 2015 ble det solgt 806 millioner liter petroleumsprodukter.

Sal av petroleumsproduktaugust 2015, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal av bensin og diesel

I august i år auka salet av både diesel og bensin. Samla vart det selt 464 millionar liter bensin og diesel, som var om lag 32 millionar liter meir enn i august 2014.

Sal og prisar på petroleumsprodukt. Millioner liter og kroner. Førebelse tal
August 2015August 2014Endring i prosent
August 2014 - August 2015
 
Samla sal av petroleumsprodukt8067546,9
Bilbensin1161123,6
Autodiesel3483208,8
 
Autodiesel, pris11,913,3-10,2
Bilbensin, pris14,415,1-5,1

Det vart selt om lag 348 millionar liter diesel i august. Dette er 28 millionar liter meir enn i den same månaden året før. Augustsalet av bensin utgjorde 116 millionar liter, som inneber ein auke på 4 millionar liter.

Auke i det samla salet

Det samla salet av alle petroleumsprodukt i august i år enda på 806 millionar liter, 52 millionar liter meir enn i august sist år. Det var en auke i salet av alle produkt med unntak av mellomdestillat.

Lågare prisar i august

Gjennomsnittsprisen på ein liter diesel var 11,90 kroner i august 2015, som er 1,35 kroner mindre enn i august året før og 70 øre mindre enn i juli i år. Ein liter bilbensin kosta i gjennomsnitt 14,35 kroner. Dette svarar til ein prisreduksjon på 77 øre frå august 2014, og ein prisreduksjon på 57 øre frå juli til august i år.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB