204527
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
204527
Auken i dieselsalet held fram
statistikk
2015-08-17T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false
Statistikken viser priser og salg av ulike petroleumsprodukt fordelt på kjøpegrupper per måned. I juli 2015 ble det solgt 725 millioner liter petroleumsprodukter.

Sal av petroleumsproduktjuli 2015, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auken i dieselsalet held fram

Det samla salet av petroleumsprodukt enda på 725 millionar liter i juli i år. Dette er 18 millionar liter mindre enn i juli 2014. Dieselsalet steig, men salet av bensin vart redusert.

Sal og prisar på petroleumsprodukt. Millioner liter og kroner. Førebelse tal
Juli 2015Juli 2014Endring i prosent
Juli 2014 - Juli 2015
 
Samla sal av petroleumsprodukt725743-2,4
Bilbensin113123-8,1
Autodiesel3042924,1
 
Autodiesel, pris12,613,3-4,9
Bilbensin, pris14,915,3-2,4

Det vart selt om lag 304 millionar liter diesel i juli. Dette er 12 millionar liter meir enn i den same månaden året før.

Stabil dieselpris på kort sikt

Gjennomsnittsprisen på ein liter diesel var 12,60 kroner i juli 2015, som er 65 øre mindre enn i juli året før og 3 øre mindre enn i juni i år. Dieselsalet utgjorde om lag 42 prosent av det totale petroleumssalet.

Dyrare bensin enn i juni

Julisalet av bilbensin utgjorde 113 millionar liter, som inneber ein nedgang på 10 millionar liter frå juli året før. Ein liter bilbensin kosta i gjennomsnitt 14,92 kroner. Dette svarar til ein prisreduksjon på 37 øre frå juli 2014, men det utgjer ein auke på 23 øre frå juni til juli i år.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB