204525
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
204525
Mindre bensin, meir diesel selt
statistikk
2015-07-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false
Statistikken viser priser og salg av ulike petroleumsprodukt fordelt på kjøpegrupper per måned. I juni 2015 ble det solgt 812 millioner liter petroleumsprodukter.

Sal av petroleumsproduktjuni 2015, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Mindre bensin, meir diesel selt

Det samla salet av petroleumsprodukt enda på 812 millionar liter i juni i år. Dette er 30 millionar liter meir enn i juni 2014. Dieselsalet steig, men salet av bensin vart redusert.

Sal og prisar på petroleumsprodukt. Millioner liter og kroner. Førebelse tal
Juni 2015Juni 2014Endring i prosent
Juni 2014 - Juni 2015
Samla sal av petroleumsprodukt8127823,8
Bilbensin112119-5,9
Bilbensin, pris14,715,0-1,9
Autodiesel3603367,1
Autodiesel, pris12,613,0-3,0
Figur 1. Priser på fyringsolje, bilbensin og autodiesel

Det vart selt om lag 360 millionar liter diesel i juni. Dette er 24 millionar liter meir enn i den same månaden året før. Gjennomsnittsprisen på ein liter diesel var 12,63 kroner i juni 2015, som er 39 øre mindre enn i juni året før, men 60 øre meir enn i mai i år. Salet av diesel utgjorde om lag 44 prosent av det totale petroleumssalet.

Dyrare bensin enn i mai

Junisalet av bilbensin utgjorde 112 millionar liter, som inneber ein nedgang på 7 millionar liter frå juni året før. Ein liter bilbensin kosta i gjennomsnitt 14,69 kroner. Dette svarar til ein prisreduksjon på 28 øre frå juni 2014, men det utgjer ein auke på 69 øre frå mai til juni i år.

72 millionar liter meir diesel enn i første halvår 2014

Det samla salet av petroleumsprodukt i første halvår 2015 utgjorde 4,1 milliardar liter, ein auke på 30 millionar liter samanlikna med tilsvarande tidsrom i 2014. Dieselsalet auka med 72 millionar liter og kom opp i om lag 1,9 milliardar liter. Salet av bensin enda på 573 millionar liter, som er 38 millionar liter mindre enn i den same perioden i 2014.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB