204521_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
204521
Liten nedgang i samla sal
statistikk
2015-05-21T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false
Statistikken viser priser og salg av ulike petroleumsprodukt fordelt på kjøpegrupper per måned. I april 2015 ble det solgt 653 millioner liter petroleumsprodukter.

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffapril 2015, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Liten nedgang i samla sal

Det totale salet av petroleumsprodukt enda på 653 millionar liter i april. Dette er ein liten reduksjon på om lag 4 millionar liter frå april 2014. Dieselsalet steig, men salet av bensin vart redusert.

Sal og prisar på petroleumsprodukt. Millioner liter og kroner. Førebelse tal
April 2015April 2014Endring i prosent
April 2014 - April 2015
Samla sal av petroleumsprodukt653657-0,6
Bilbensin95102-6,9
Bilbensin, pris14,314,7-2,8
Autodiesel2972892,8
Autodiesel, pris12,713,0-2,5
"Figur 1. Priser på fyringsolje, bilbensin og autodiesel

Det vart selt 297 millionar liter diesel i april. Dette er om lag 8 millionar liter meir enn i den same månaden året før. Gjennomsnittsprisen på ein liter diesel var 12,67 kroner i april 2015, som er 41 øre mindre enn i april året før, men 33 øre meir enn i mars i år. Salet av diesel utgjorde om lag 45 prosent av det totale petroleumssalet.

Aprilsalet av bilbensin utgjorde 95 millionar liter, som inneber ein nedgang på 7 millionar liter frå april året før. Ein liter bilbensin kosta i gjennomsnitt 14,28 kroner. Dette svarar til ein prisreduksjon på 32 øre frå april 2014 og ein auke på 20 øre frå mars til april i år.